– Eg er interessert i dippeduttar, men er kritisk

– Spør oss om korleis det er mogleg å få til god forsking på tvers av fag som litteratur, teologi, medisin, juss, naturvitskap, økonomi og matematikk. Det kan me, seier nytilsett senterleiar Anne-Jorunn Berg på Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO.

IKKJE LIKESTILLINGSARBEIDARAR:  – Me forskar óg på likestilling, men me skal ikkje primært vera likestillingsarbeidarar, understrekar Anne-Jorunn Berg, som nyleg blei tilsett som leiar for Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO.

Foto: Martin Toft

Anne-Jorunn Berg kjem frå Universitetet i Nordland i Bodø, og er dermed den første leiaren Senter for tverrfagleg kjønnsforsking hentar utanfor Universitetet i Oslo.  I Bodø var ho professor i sosiologi og leidde eit forskargruppe som såg på etnisitet og kjønn.

– Eg synest det er artig og inspirerande å vera med på å bestemma og få det beste ut av folk. Grunnen til at eg søkte jobben som senterleiar, var at eg gjerne ville leia det største og beste kjønnsforskingsmiljøet i landet. Og dette er ein stad med mykje energi, skryter Berg. Tidlegare har ho leidd programstyret for kjønnsforskinga i Forskingsrådet.

Anne-Jorunn Berg er ikkje einig i at kjønnsforsking er noko avleggs, som har utspelt si rolle. – Kjønnsforsking er eit vitskapleg tungt og tverrfagleg felt, eller postdisiplin som nokre kallar det. Me er internasjonalt orienterte, driv tidsskrift med godt ord på seg, har gode rekruttar og ein levande fagleg debatt.

Anne-Jorunn Berg trekkjer fram mandatet dei har til å styrkja kjønnsperspektivet ved alle fakultet på Universitetet i Oslo. – Det er viktig å understreka at me forskar på kjønn, det
vil seia at me arbeider med eit kjønnsperspektiv. Me forskar óg på likestilling, men me skal ikkje primært vera likestillingsarbeidarar. Den oppgåva har universitetet andre kompetente folk som kan ta seg av, slår ho fast.

Korttidsutdanna kvinner får dårleg betalt

I dag er fleirtalet av studentane på universiteta kvinner.

– Det synest eg er bra, men det kan også vera problematisk. Når det gjeld fagutdanningar på to til tre år, er alltid dei typiske kvinneyrka dårlegare betalte enn mannsyrka. Ein

Fakta om Senter for tverrfagleg kjønnsforsking:

Grunnlagt som eit prøveprosjekt i 1986, som Senter for kvinneforsking.

Etablert som permanent senter under Universitetsstyret i 1997.

I 2001 skifta senteret namn frå Senter for kvinneforsking til Senter for tverrfagleg kjønnsforsking.

Dei første senterleiarane var mellom andre Fride Eeg-Henriksen, Elisabeth Gulbrandsen og Karin Widerberg.

Harriet Bjerrum Nielsen sat som senterleiar frå 1993-2009. Ho har blitt etterfylgt av Jorunn Økland og Beatrice Halsaa, før Anne-Jorunn Berg frå Universitetet i Nordland overtok som senterleiar i 2015.

Tilbyr undervisning i bachelorprogrammet Tverrfaglege kjønnsstudiar og i tillegg står dei bak det engelskspråklege masterprogrammet Gender studies.

(Kjelde: Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, UiO)

mekanikar eller elektrikar vil få ei ganske bra lønn. Fagutdanna kvinner som er hjelpepleiarar, frisørar eller heimehjelper, er som regel lågt lønna. Det er ikkje rettferdig.  Det kan tenkjast at det er ein medverkande årsak til at mange fleire kvinner enn før søkjer seg til høgare utdanning. Så lenge desse fagutdanningane gir så dårleg lønn, vil den utviklinga halda fram, trur Anne Jorunn Berg.

 

Ikkje engsteleg for ny teknologi

Ho har tidlegare også jobba for SINTEF i Trondheim og synest teknologi og kjønn er eit engasjerande felt.

– Eg er interessert i alle slags dippeduttar.  Men samtidig er det viktig å hugsa på at me ikkje skal jubla høgt for alt det nye som kjem. Når eg kritiserer den utviklinga, trur nokre at det er fordi eg er engsteleg for den nye teknologien. Kombinasjonen av dame og teknologi og litt kritiske tankar om teknologien får mange til å tenkja at eg er redd for den teknologiske utviklinga.

Vil samarbeida meir på tvers

Den nye sjefen for kjønnsforskinga ved UiO seier seg lei for at Forskingsrådet har lagt ned forskingsprogrammet for kjønnsforsking. – Det fører til at me må femna endå breiare og samarbeida endå meir på tvers med ulike fagmiljø for å få lagt eit kjønnsforskingsperspektiv inn i søknadene til fleire tematiske forskingsprogram, konstaterer ho.  – For å kunna arbeida tverrfagleg, er det viktig å ha ein dobbel strategi. Det vil seia at me treng faglege arenaer der me kan vera berre kjønnsforskarar i tillegg til dei arenaene der me arbeider saman med andre fag. Det manglar me i dag, legg ho til.

Anne-Jorunn Berg er heller ikkje i tvil om at kjønnsforskinga er meir aktuell enn nokon gong før, og ho har eit heilt klart mål for kva ho skal klara å få til innanfor det fire år lange åremålet som senterleiar.

– Senteret skal bli endå betre enn det er i dag.

 

 

 

 

 

Emneord: Kvinne- og kjønnsforskning, Forskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2015 16:34 - Sist endra 16. juni 2015 11:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere