Må ha to tredjedels fleirtal for å godkjenna ny prorektorkandidat

Universitetsstyret kan med to tredjedels fleirtal vedta å godkjenna rektors kandidat til ny prorektor dersom den valde prorektoren går av før det er eitt år igjen av valperioden. Det blir altså ikkje automatisk omval på rektor og prorektor. Det vedtok Universitetsstyret med seks mot fem stemmer i dag.

SIMPELT FLEIRTAL: Universitetsstyret avgjer med to tredjedels fleirtal om det skal godkjenna rektors kandidat til ny prorektor om prorektor går av midt i perioden. Det bestemte Universitetsstyret i dag med seks mot fem stemmer, altså med simpelt fleirtal. Rektor Ole Petter Ottersen, prorektor Ragnhild Hennum og viserektor Knut Fægri på plass på møtet i Universitetsstyret i dag.

Foto: Martin Toft

Det var eit framlegg frå Valstyret til revisjon av heile valreglementet ved UiO Universitetsstyret måtte avgjera i formiddag.

Arbeidet blei starta i mars i fjor, og leiaren for Valstyret, Knut Heidar fekk god oppbakking for dette arbeidet av Universitetsstyret då saka var oppe i junimøtet i fjor.

Revisjonen av valreglementet blei aktualisert då prorektor Ruth Vatvedt Fjeld gjekk av som prorektor for rundt eitt år sidan. Då fekk Universitetsstyret kritikk for at det ikkje hadde fylgt sitt eige valreglement, og leiaren for Valstyret Knut Heidar hadde også bede dei om å sjå bort frå valreglementet i den konkrete saka.

Simpelt fleirtal eller to tredjedels fleirtal

Forslaget Universitetsstyret måtte ta stilling til i dag, gjekk ut på at dersom prorektor trekkjer seg, avgjer Universitetsstyret snarast mogleg om det skal haldast val på rektor/prorektor etter ordinære reglar eller om Universitetsstyret vel prorektor for resten av valperioden etter forslag frå rektor. Dersom det ikkje er eit simpelt fleirtal for rektors kandidat, skal det gjennomførast val på rektor/prorektor etter ordinære reglar. Rektor skal ikkje sjølv kunna delta i avrøystinga.

 I høyringsfråsegnene har både Det juridiske fakultetet og Universitetsbiblioteket gått inn for at Universitetsstyret må avgjera spørsmålet med to tredjedels fleirtal og ikkje med simpelt fleirtal. Studentparlamentet var i utgangspunktet i mot heile endringa, men gjorde det tidleg klart at det subsidiært ville støtte eit krav om to tredjedels fleirtal.

– Gir legitimitet

– Det er viktig med legitimitet til den kandidaten som blir prorektor. Difor synest eg at eit krav om at eit to tredjedels fleirtal i Universitetsstyret må kunna vedta det, er heilt ok, sa Ole Martin Nodenes som er representant for dei teknisk-administrative tilsette.

UEINIGE: Studentrepresentantane Tina Alvær og Knut Frydenlund, lengst til høgre på biletet, var ueinige i spørsmålet om kva reglar som skulle gjelda dersom prorektor går av midt i valperioden. Sofie Høgstøl støtta Knut Frydenlund og begge røysta imot å endra dagens reglement. Idar Kreutzer, lengst til venstre ville at simpelt fleirtal i styret skulle avgjera spørsmålet, medan Kristian Gundersen i midten og Tina Alvær stemte for kravet om at Universitetsstyret måtte avgjera spørsmålet med to tredjedels fleirtal.Til slutt stemte begge studentrepresentantane og også Soifie Høgstøl for kravet om to tredjedels fleirtal, og tilhøyrde fleirtalet på seks som mot fem stemmer, vedtok endringa. (Foto: Martin Toft)

 

Synspunktet blei delt av studentrepresentant Tina Alvær.

– Studentparlamentets haldning er meir konservativt enn synet mitt i dette spørsmålet. Difor vil eg stemma for at Universitetsstyret skal kunna avgjera dette spørsmålet med to tredjedels fleirtal. Dette vil sikra både legitimitet og ro, var ho viss på.

Representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, Sofie Høgstøl var heilt ueinig.

– Vervet som prorektor er så viktig at dersom prorektor går av midt i valperioden, må det haldast nytt rektorval. Eg kan difor ikkje gå inn for å endra dagens valreglement, sa ho.

To stemte imot endring

Det var til slutt berre studentrepresentant Knut Frydenlund og representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette, Sofie Høgstøl som røysta for at valreglementet skulle vera uendra i tilfelle der prorektor går av midt i valperioden. Dei meinte at det automatisk burde bli omval både på rektor og prorektor dersom prorektor trekkjer seg midt i valperioden. Dei fekk alle dei andre ni røystene i Universitetsstyret i mot seg, også røysta til studentrepresentant Tina Alvær.

I neste omgang skulle det avgjerast om Universitetsstyret kunne avgjera dette på eiga hand med to tredjedels fleirtal. Det forslaget fekk til slutt seks stemmer medan fem stemte for at Universitetsstyret kunne avgjera spørsmålet med simpelt fleirtal.

Konsekvensen blir altså at dersom prorektor går av midt i valperioden, kan Universitetsstyret med to tredjedels fleirtal godkjenna rektors forslag til ny prorektor utan at det skal haldast nyval på rektor og prorektor.

Rektor kan ikkje delta i røystinga

Den prosedyren Universitetsstyret fylgde då Ruth Vatvedt Fjeld gjekk av som prorektor og blei erstatta med viserektor Ragnhild Hennum, blir dermed norma for korleis ein slik situasjon skal løysast i framtida. Den einaste skilnaden blir at rektor ikkje får delta i røystinga, og at eit to tredjedels fleirtal i Universitetsstyret må stemma for rektors nye prorektorkandidat, for at det ikkje skal vera naudsynt med omval. Ein slik prosedyre blir berre aktuell dersom det er eitt år eller mindre igjen av valperioden.

Endringane i prosedyrane for kva som skal skje når prorektor går av midt i perioden, vil også gjelda for prodekanen på eit fakultet og for nestleiar i eit instituttstyre.

Alle tilsette får stemmerett

Framlegget om at alle som er tilsette ved UiO, anten som vikar eller i fast stilling, skal få stemmerett frå dag 1, fekk samrøystes oppslutning. På den måten blir dei likestilte med studentane, som også får stemmerett med ein gong dei har semesterregistrert seg.

Framlegget om at rektor på fullmakt frå Universitetsstyrets sentrale tilsetjingsutval kunne godkjenna valkomitear fekk berre tre stemmer. Sju stemte for at Universitetsstyrets sentrale tilsetjingsutval skulle avgjera dette spørsmålet utan å gi fullmakt til rektor til å godkjenna valkomitear.

Fylgjande andre endringar i Valreglementet blei også vedtekne:

– Mellombels tilsette går inn i valstyra ved dekan- og instituttleiarval

– Det skal utpeikast vararepresentantar i valstyra og valkomiteane

Stor støtte til satsinga på livsvitskap

Universitetsstyret gav universitetsleiinga og Det medisinske fakultet masse godord for arbeidet med satsinga på livsvitskap. Det einaste som vekte debatt var om det foreslegne styret skulle kallast interimsstyre eller etableringsstyre.

I tillegg kom det spørsmål frå representanten for dei teknisk/administrative tilsette Ole Martin Nodenes om direktøren skulle tilsetjast fast eller på åremål. Medisindekan Frode Vartdal meinte at dersom direktøren skulle tilsetjast på åremål, måtte vedkommande også få tilbod om ein back up-stilling.

– Om ikkje det det skjer, vil det bli vanskeleg for oss å få tak i dei beste direktøremna i Norden. For at Livsvitskapssenteret skal bli ein suksess, må det ha eit godt styre og ein god direktør, understreka han.

– Næringslivet må med

Ekstern representant Idar Kreutzer støtta fullt og heilt opp om satsinga på livsvitskap.

– Eg synest likevel at UiO har hatt ei lite inviterande haldning til næringslivet i denne saka, i motsetning til den NTNU har vist i si satsing på Ocean Space Centre i Trondheim, sa han. Kreutzer meinte at næringslivet tidleg burde bli tatt med i dette arbeidet, og etterlyste ein representant frå næringslivet i framlegget til interimsstyre. Til slutt blei det bestemt at den regionale representanten skulle bytast ut med ein representant frå næringslivet.

Styret for UiO slutta seg dermed samrøystes til ei interimsløysing for organisering av ei livsvitskapssatsing som ligg under Universitetsstyret, og som sikrar kopling til bygg og fagleg utvikling til ei langsiktig, god organisering er på plass. Det medisinske fakultetet er vertsfakultet for satsinga, noko som inneber at dei tar seg av sekretariatsfunksjonen og

Dette er medlemane i Underdal-gruppa:

1. Professor Arild Underdal (SV, leiar)

2. Tidlegare sjefredaktør Hilde Haugsgjerd (ekstern deltakar)

3. Dekan Morten Dæhlen (MN)

4. Dekan Arne Bugge Amundsen (HF)

5. Dekan Hans Petter Graver (Jus)

6. Administrasjonssjef Eva Helene Mjelde (Basalmed./MED)

7. Professor Åse Gornitzka (STV/SV)

8. Professor Tanja Storsul (Media/HF)

9. Professor Unni Olsbye (inGAP/MN)

10. Professor Kjetil Taskén (BiO/MED)

11. Forskar Anne Maria Eikeset (CEES/MN)

12. Student Marianne Andenæs (Oppnemnd av Studentparlamentet)

13. Hovedverneombud Hege Lynne

14. Universitetslektor Øivind Bratberg (STV/SV – Oppnemnd av Org.)

15. Førsteamanuensis Steinar A. Sæter (ILOS/HF – Oppnemnd av Org.)

16 Professor Svend Davanger (Basalmed./MED – vara oppnemnd av Org.)

17 Senioringeniør Yngve Hafting (IFI/MN - vara oppnemnd av Hovudverneombodet)

administrativ støtte.

 

Vedtok mandat for Underdal-gruppa

Også Underdal-gruppa som skal sjå på den framtidige organiseringa av Universitetet i Oslo, fekk ryggdekning for arbeidet sitt frå Universitetsstyret. Denne gruppa skal vurdera dagens rolle og ansvarskart mot dei refleksjonane som den internasjonale rådgjevingsgruppa (SAB) gir på eit overordna nivå.

I stor grad vil utfordringane gruppa får frå dei andre arbeidsgruppene om forsking, utdanning og det tverrfaglege samarbeidet også danna grunnlaget for kva gruppa kjem fram til når det gjeld framtidig styring av UiO.

Det er også klart at gruppa får ein ekstern representant, Hilde Haugsgjerd, som er tidlegare universitetsstyremedlem og tidlegare sjefredaktør for Aftenposten.

– Eg skulle gjerne hatt med fleire eksterne, men eg lovar i alle fall at me skal ha fleire eksterne seminar, sa gruppeleiar Arild Underdal til Universitetsstyret.

Den 3. juni skal gruppa ha det første store fellesmøtet med dei tre andre gruppene som har sett på forsking, utdanning og tverrfagleg samarbeid. Arbeidsgruppa har fått frist fram til første kvartal 2016 med å leggja fram resultatet av arbeidet sitt.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Valg Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2015 17:08 - Sist endra 5. mai 2015 17:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere