UB viser Charlie Hebdo-utstilling

Universitetsbiblioteket ved UiO viser ei utstilling om satiremagasinet Charlie Hebdo.

FOR YTRINGSFRIDOMEN:  UB har på rekordtid klart å få i stand ei utstilling som ei markering av drapa på fleire av dei tilsette i satiremagasinet Charlie Hebdo.

Foto: Ola Sæther

Onsdag 7. januar blei tolv personar drepne i åtaket på redaksjonen til satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris. Dagen etter hadde Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Oslo klar ei utstilling om magasinet som er fryktlaust når det gjeld å karikera kristendom, islam, jødedom, politikarar og andre. Initiativet blei tatt av UBs eigne tilsette.

Seinare har det vore fleire terroråtak i Paris, og til saman 17 personar er drepne. I tillegg er dei to brørne som stod bak åtaket på redaksjonen også døde. Det same er mannen som gjekk til åtak på ein jødisk supermarknad i Paris fredag 9. januar.

I går markerte over 3 millionar franskmenn tragedien med å marsjera til forsvar for ytringsfridomen. På Universitetsplassen markerte 1000 personar ytringsfridomen gjennom teikningar.  Den franske ambassadøren heldt også ein appell.  Det gjorde også UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Les meir om Charlie Hebdo-utstillinga i Universitetsbiblioteket

Emneord: Universitetsbiblioteket, Frankrike, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 12. jan. 2015 17:37 - Sist endra 13. jan. 2015 10:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere