Kronprinsparet besøkte UiO
Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit fekk ei innføring i planane for livsvitskapssenteret då dei besøkte UiO 19. januar.

I SAMTALE: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i samtale med unge forskarar i Georg Sverdrups hus på UiO.
UiO-rektor Ole Petter Ottersen og Oslo-ordførar Fabian Stang tok saman imot kronprinsparet utanfor Georg Sverdrups hus i dag tidleg.
Først gav Ole Petter Ottersen dei ei orientering om planane for livsvitskapssenteret i Gaustadbekkdalen.
Seinare trefte dei unge nyskaparspirer, som i fjor fekk bronsemedalje i ein prestisjetung, internasjonal konkurranse for unge som hadde gode og nyskapande idear.
Dei fekk også høyra på innlegg frå klimaforskaren Karen O’Brien og antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen.
Til slutt leidde kronprins Haakon saman med kommunikasjonsdirektør Marina Tofting ein debatt om korleis forsking kan bidra til ny kunnskap og ny verdiskaping.
Interessant møte. Det er flott Kronprinspar vi har! Takk for at dere kom og velkommen igjen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere