UiO-leiinga stansa whiskysmaking på skotsk aften

Skotsk aften på Universitetet i Oslo blei marknadsført med fokus på whiskysmaking. Universitetsleiinga bad Kultur- og velferdsutvalet om å halda whiskyen borte frå arrangementet på grunn av det dei meinte var den dårlege signaleffekten.

AVLYSER WHISKYSMAKING: Det blir skotsk visesang utan whisky etter at UiO-leiinga fekk Kultur- og velferdsutvalet til å avlysa den planlagde whiskysmakinga i Domus Bibliotheca. (Illustrasjonsfoto)

Etter at universitetsleiinga hadde bestemt at dei ville ha whiskyen bort frå skotsk aften, trekte om lag 20 av dei 60 påmelde seg. Det blir dermed rundt 40 sjeler som vil høyra på den skotske whisky-skalden eller whisky bard Robin Laing i Domus Bibliotheca på Karl Johan fredag ettermiddag. I staden for fem prøvesmakingar av skotsk maltwhisky, må dei ta til takke med vanleg øl og alkoholfritt øl til den skotske nasjonalretten haggis. Det var noko anna enn det dei blei lova i den første eposten frå Kultur- og velferdsutvalet. Der står det:

 «WHISKEYSMAKING OG KONSERT

Kultur- og velferdsutvalget ønsker alle UiO-ansatte velkommen til konsert, whiskysmaking, haggis og latter i Domus Bibliotheca. Det vakre biblioteket i sentrum i bygget ved siden av Aulaen.»

 

Leiar for Kultur- og velferdsutvalet, Kristen Døssland tar sjølvkritikk. – Me burde nok ha fokusert meir på at det var skotsk aften enn at det var aften med whiskysmaking, konstaterer han. – Det kan lett ha festa seg eit inntrykk av at me inviterte til fri bar med fri flyt av whisky. Uansett ville ikkje det ha vore tilfellet. Alle deltakarane ville ha fått ein liten smaksprøve på fem ulike whiskysortar. For det måtte dei ha betalt ein eigendel på 250 kroner. No når whiskysmakinga er borte frå programmet, er eigendelen sett til 150 kroner, forklarar Kristen Døssland.

Whiskyfri visesong

Og dei som er glade i skotske viser, men som ikkje kan dra på «Skotsk aften» i sentrum, kan gå på Lunsj med kultur i morgon og høyra på den skotske whiskyskalden (whisky bard) Robin Laing der.

– I Skottland blir han mykje brukt av whiskydestilleri for å skapa stemning under ulike tilskipingar der, men på Lunsj med kultur vil han syngja viser frie for whisky, poengterer Kristen Døssland.

«Skotsk Aften trår over en grense»

Det var han som fekk brevet frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og avdelingsdirektør Monica Bakken, der dei ber Kultur- og velferdsutvalet om å avlysa whiskysmakinga. «Alkoholpolicy dreier seg om å følge lover og regler, men det dreier seg vel så mye om holdninger og signaleffektene. Det er her vi mener at «Skotsk Aften» trår over en grense», skriv dei to.

Brevet blir avslutta med ei oppfordring om å arrangera «Skotsk Aften», men utan whiskysmaking. Samtidig blir det også peika på at arrangementet startar fleire timar etter kl. 15.00, som er den grensa UiO har sett for når det er mogleg å servera alkohol i universitetsbygningane. Likevel meiner universitetsleiinga at signaleffekten med whiskysmaking er for dårleg, også i morgon, fredag kl. 17.00, då dette arrangementet startar.

Ekstraarbeid

For sekretæren for Kultur- og velferdsutvalet, Gjøril Songvoll, inneber avlysinga av whiskysmakinga ein del ekstraarbeid. – Ja, ein del av dei påmelde melde avbod, og dei skal sjølvsagt ha tilbake eigendelen sin. Og dei som likevel skal delta, skal betala mindre i eigendel, enn det dei måtte ha gjort med whiskysmaking. Difor blir det ein del tilbakebetaling av pengar, seier Gjøril Songvoll til Uniforum.

 

 

 

Emneord: Velferd på UiO, Universitetspolitikk, Velferdsutvalget Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2014 14:55 - Sist endra 13. nov. 2014 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere