Telenor tar over på universiteta

Universitets- og høgskulesektoren får i løpet av vinteren Telenor som teleleverandør. Avtalen har ein verdi på 40 til 60 millionar kroner.

Telenor har fått kontrakten som teleleverandør til universiteta og høgskulane. Kontrakten er verdt mellom 40 og 60 millionar kroner. Mobiltelefonbruk utgjer stadig meir av teletrafikken. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Ola Sæther

Det statleg eigde selskapet Uninett AS har stått for tilbodet, som gjeld alle statlege universitet og høgskular i landet. Avtalen omfattar både fasttelefoni og mobiltelefoni. Til saman 83 000 fasttelefonar og 13 000 mobiltelefonar kan knyte seg til avtalen, skriv På Høyden. Dei siste åra har Netcom, Atea (tidlegare Umoe ITC) og det danske selskapet TDC vore leverandørar til sektoren. Men det vil og bli teikna avtale med sekundærleverandørar, som kan levere nokre tenester.

Fastprispakkar
Børge Aune i Uninett har leia arbeidet, men han har ikkje noko svar på kor mykje sektoren eventuelt vil spare på den nye ordninga.

– I den nye avtalen er det ein annan prisstruktur enn i dei gamle. Telekom-bransjen har og endra ein del på samansettinga av tenestene sine. No går det mot meir fastprispakkar, og det er først i ettertid at ein vil sjå kva for ein kostnad ein har hatt på det, seier Aune.

I tillegg er det slik at trafikken, og då særleg databruken, stadig aukar, slik at eventuelle innsparingar kan bli spist opp av auka bruk.

For mykje fasttelefoni
Netcom, som har levert mobiltenester til sektoren dei siste åra, leverte ikkje noko anbod i konkurransen.

– Det blei rett og slett for stort for oss å delta i konkurransen. Det er potensielt rundt 100 oppdragsgivarar fordelt på ulike stader, og det var særleg fasttelefonidelen som gjorde at vi valde å ikkje levere anbod. Vi følte at vi ikkje ville ha vore i stand til å levere ei fullgod teneste, seier Andre Jensen i Netcom.

Anbodet er ifølgje Jensen blant dei ti største kontraktene i landet på dette feltet.

Ringjer for 5 millionar
– Vi ser på det som ein svært god avtale økonomisk. Han er fleksibel, slik at han dekker dei brukarbehova UiB har. Det går mot meir bruk av smarttelefonar og databruk, og avtalen tillèt ei fleksibel opptrapping, seier seniorrådgivar Per O. Bruvold ved innkjøpsavdelinga til UiB.

Ved UiB kostar teletrafikken kring 5 millionar kroner i året, og av dei er 1 million kroner mobiltrafikk.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 19. nov. 2014 10:37 - Sist endra 19. nov. 2014 10:37

Logg inn for å kommentere