NTL seier ja til tilbodet frå UiO i dei lokale lønnsforhandlingane

Klokka 12.00 i går blei resultatet av dei lokale lønnsforhandlingane på Universitetet i Oslo kunngjort. Det er klart etter at NTL har bestemt seg for ikkje å klaga inn tilbodet frå arbeidsgjevar til Statens lønnsutval.

SEIER JA: - Me synest det er urettferdig at forskarar som har brukt statlege midlar på å søkja om eksterne pengar og fått det, skal lønnast for det ved å få ekstra pengar i si eige lomme. Det bør koma alle dei tilsette ved den eininga til gode, understrekar NTL-leiar Ellen Dalen. NTL seier likevel ja til tilbodet frå arbeidsgjevar i dei lokale lønnsforhandlingane.

Foto: Ola Sæther

– Det vil ikkje seia at me har endra meining om innhaldet i tilbodet, men me vurderte det slik at me ikkje hadde gode nok tekniske argument for å kunna få medhald, om me hadde anka tilbodet inn for Statens lønnsutval. Me hadde ei for dårleg sak rett og slett, seier NTL-leiar Ellen Dalen til Uniforum.

– Professorar og leiarar får mest

Men NTL står framleis fast på kritikken dei kom med mot tilbodet for rundt tre veker sidan. – Ja, me synest at tilbodet frå arbeidsgjevaren UiO gir eit dårleg resultat for dei fleste. Professorar får dobbelt så mykje som lønnsmassen deira tilseier, og leiarane vil framleis vera dei som har best lønnsutvikling på universitetet, seier Ellen Dalen. Ho viser til at dei professorane som har fått mest, har fått auka årslønna si med 140 000 kroner. Samtidig er det også store skilnader internt. Nokre professorar har ei begynnarlønn på lønnssteg 68, medan fakultetsdirektørar begynner på lønnssteg 84.

– Kvinnene er lønnstaparane

– Dei aller fleste av dei som får desse store lønnsaukane er menn, kvinner stiller lenger bak i køen, meiner Ellen Dalen. – NTL prøvde å få dei som deltok i dei lokale lønnsforhandlingane til å bli einige om at dei kvinnelege tilsette ved UiO skulle få ein tilsvarande del av potten som lønnsmassen deira tilseier. Me seier oss leie for at arbeidsgjevaren UiO sette seg imot dette, og at resultatet fører til at dei kvinnelege tilsette nok ein gong skal spleisa på å gi dei høgast lønna mennene endå høgare lønningar, slår Ellen Dalen fast.

– Vanskeleg å retta opp skeiv lønnsutvikling

Både ho og kasserar Tom Thorsen synest at det er heilt feil å tildela den lokale lønnspotten etter storleiken på institutta og dei andre einingane. – UiO har ikkje blitt sett på som eit felles forhandlingsområde, men den lokale lønnspotten er blitt fordelt instituttvis etter kor stor del dei utgjer av budsjettet frå tidlegare. Ei slik prorataføring frå arbeidsgjevaren avgrensar kva som er mogleg å få ut av forhandlingane. På den måten blir det svært vanskeleg å retta opp skeiv lønnsutvikling og samanlikna tilsette på tvers av einingane, slår dei fast. – Det vil seia at personar i same stilling og med same arbeidsoppgåver, kan få ulik lønn fordi dei jobbar for forskjellige einingar innanfor universitetet. Etter vår meining bryt det med prinsippet om lik lønn for likt arbeid, konstaterer dei.

Mål- og resultatstyring

Dei meiner tilbodet frå arbeidsgjevar denne gongen er prega av ein hovudtanke.

Dette handla striden om:

55 millionar kroner er den samla potten i dei lokale lønnsforhandlingane ved UiO i år.

NTL, Forskarforbundet, Parat og Akademikarane har forhandla med UiO om fordelinga av desse pengane sidan august.

Arbeidsgjevaren UiO la fram det endelege tilbodet sitt den 4. november. NTL nekta først å godta tilbodet, medan dei andre fagforeiningane sa ja.

Fredag 21. november gjorde NTL det klart at det ville akseptera UiOs tilbod og ikkje anka det inn for Statens lønnsutval.

Klokka 12.00 i dag blei protokollen med resultata av dei lokale lønnsforhandlingane offentleggjort.

– Det handlar om mål- og resultatstyring. Dei einingane som har klart å skaffa mest mogleg eksterne midlar eller fått eit eige senter for framifrå forsking, får mykje betre betalt enn dei som ikkje har klart det.  Det bør koma alle dei tilsette ved den eininga til gode, ikkje berre nokre av dei tilsette, understrekar NTL-leiar Ellen Dalen.

Akkurat som moderorganisasjonen NTL går dei inn for at mest mogleg av resultatet av alle lønnsforhandlingane skal avgjerast sentralt. – Då vil i alle fall alle i gjennomsnitt få mellom 10 000 og 15 000 i lønnsauke i året. Det er meir rettferdig enn at nokon får veldig mykje, medan andre får ingenting gjennom dei lokale lønnsforhandlingane, seier Dalen og Thorsen.

Når NTL no har bestemt seg for å godta tilbodet frå arbeidsgjevar, vil foreininga senda ut heile protokollen til alle medlemane sine. – Det er viktig at slike opplysningar blir offentleg kjende. Då kan folk flest observera lønnsutviklinga hos seg sjølv og samanlikna den med andre i same stilling på andre einingar ved universitetet, seier Ellen Dalen og Tom Thorsen.

Nøgd personaldirektør

Avdelingsdirektør Irene Sandlie i Avdeling for personalstøtte har leidd dei lokale lønnsforhandlingane på vegner av arbeidsgjevaren Universitetet i Oslo. Ho er glad for at NTL endeleg har sagt til tilbodet.

– Av omsyn til iverksetjinga av resultatet i lønnsforhandlingane hadde arbeidsgjevar gjerne sett ei tidlegare avklaring, men imøtekjem at NTL no har akseptert arbeidsgjevar sitt siste tilbod. Eg er nøgd med at resultatet av dei lokale lønnsforhandlingane no endeleg kan formidlast til dei medarbeidarane som har fått lønnsopprykk.

– Kva meiner du om påstanden frå NTL om at kvinnene kjem dårlegare ut av lønnsforhandlingane enn mennene og at professorane har fått for mykje i høve til lønnsmassen deira?

– UiOs lønnspolitikk baserer seg på at opprykk i lokale lønnsforhandlingar skal skje på bakgrunn av ei individuell vurdering av ansvar, utføring av oppgåver,  kompetanse, innsats og prestasjonar uavhengig av kva personalgruppe eller stillingskategori dei tilhøyrer. Sidan individuelle vurderingar ligg til grunn for lønnsforhandlingane, kan dei gi slike konkrete utslag. Det vil blant anna seia at arbeidsgjevaren og organisasjonane har forhandla seg fram til at mange professorar skal få individuelt lønnsopprykk i samsvar med dei kriteria som er fastsett i den lokale lønnspolitikken, understrekar Irene Sandlie.

(Oppdatert 25.11. kl. 16:31)

 

 

 

 

 

 

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2014 10:00 - Sist endra 26. nov. 2014 09:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere