Magnus Rindal trekkjer seg som styreleiar for Norsk Ordbok

Magnus Rindal seier frå seg vervet som styreleiar for Norsk Ordbok . Han forklarar det med ynsket til Institutt for lingvistiske og nordiske studium om å overta den reelle styringa av prosjektet.

TREKKJER SEG: Magnus Rindal trekkjer seg som styreleiar for Norsk Ordbok. Han forklarar det med at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ynskjer å overta den reelle styringa med prosjektet.

Foto: Ola Sæther

Det var sist fredag at pensjonert professor Magnus Rindal sende eit brev til instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved ILN og gjorde det klart at han ikkje lenger vil vera styreleiar for prosjektet Norsk Ordbok 2014. Han viser til at Institutt for lingvistiske og nordiske studium som prosjekteigar sjølv ynskjer å overta den reelle styringa av prosjektet.

I dei 12 åra prosjektet har eksistert, er det styret for Norsk Ordbok 2014 som heile tida har søkt Kulturdepartementet om løyving til prosjektet, og tilskotsbrevet har gått frå departementet direkte til prosjektet. Magnus Rindal oppfattar det slik at det blir ei stor endring på dette, når instituttet no sjølv vil ha den reelle styringa med prosjektet. Etter hans meining kan ikkje styret då lenger ivareta det faglege og økonomiske ansvaret som det er pålagt etter vedtektene. På grunnlag av dette, trekte Magnus Rindal seg som styreleiar fredag 28. november.

«Har levert i samsvar med planen»

Magnus Rindal har vore styreleiar for prosjektet Norsk Ordbok 2014 sidan det blei etablert i 2002.

«I desse tolv åra har prosjektet levert band etter band i samsvar med den oppsette planen", skriv Magnus Rindal i brevet til instituttleiaren. Han understrekar også at styret heile tida har vore klar over at prosjektet ville gå inn i ein krevjande avslutningsfase, som ville føra til at medarbeidarar måtte slutta.

Nettopp difor har styret arbeidt for at det skulle bli ei vidareføring av ordboksarbeid, særleg digitalisering og revisjon av dei første fem banda. Rindal viser til at styret hadde rekna med at seksjonen for leksikografi ved Universitetet i Oslo  kunne ta ansvaret for avslutninga av prosjektet etter at manuskriptet til det siste bandet var levert. Sidan UiO har sagt frå seg ansvaret fornorsk leksikografi, har det skapt vanskelege arbeidsforhold i avslutninga av prosjektet, går det fram av brevet frå Magnus Rindal til Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

«Truleg uråd å få prosjektet i mål etter planen»

Sidan mange av medarbeidarane i prosjektet Norsk Ordbok 2014 allereie har slutta eller kjem til å gjera det rundt årsskiftet, tvilar han på om prosjektet vil koma i mål etter planen. «På grunnlag av dette vil eg melde frå om at det truleg er uråd å få levert manuskriptet til siste bandet innan avtalt frist 28.02.15.» Etter at Magnus Rindal no har trekt seg, er prosjektet også utan styreleiar.

 Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium har enno ikkje mottatt brevet. Difor ynskjer han heller ikkje å kommentera innhaldet i brevet, skriv han i ein epost til Uniforum.

Les også Magnus Rindals kritikk av Universitetsstyret ved rektor Ole Petter Ottersen for handsaminga av språksamlingane.

(Oppdatert kl. 14:13)

 

 

Emneord: Forskingspolitikk, Nynorsk, Universitetspolitikk, Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2014 11:54 - Sist endra 1. des. 2014 14:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere