- Sierra Leone må høyra på råd frå grasrota

– Regjeringa i Sierra Leone må høyra meir på kva landsbyleiarane meiner bør gjerast for å hindra ebolaepidemien i å spreia seg. Det meiner ekteparet og forskarane Esther Yei Mokuwa og Paul Richards. Denne veka besøkjer dei UiO.

VIL HA HURTIGTEST AV EBOLA: Det hadde vore ein stor fordel om dei som blir ebola-testa, kunne få svar med ein gong. I dag tar det over 48 timar å få svar, seier antropologen og Sierra Leone-eksperten Paul Richards og forskarkollega og ektemake Esther Yei Mokuwa.

Foto: Martin Toft

Sidan det siste utbrotet av ebolaepidemien begynte 6. desember i fjor, er over 5000 personar døde. Dobbelt så mange er smitta. I Europa og USA er under ti personar døde av ebola, medan ein spansk sjukepleiar som blei smitta av ein ebolapasient i Spania, er blitt erklært frisk igjen. Det er også den einaste norske personen som blei smitta. Det var helsearbeidaren Silje Lehne Michalsen frå Legar utan grenser, og ho blei smitta i Sierra Leone, eit land som ho ynskjer å venda tilbake til for å halda fram kampen mot ebolaepidemien.

Tar med seg mat til barna i byane

Ein av dei som kjenner Sierra Leone best, er antropologen Paul Richards frå Wageningen University i Nederland. Denne veka heldt han gjesteførelesing ved Sosialantropologisk institutt påUniversitetet i Oslo. Saman med forskarkollegaen og kona Ester Yei Mokuwa frå Njala University i Sierra Leone har han sett i gang eit forskingsprosjekt på korleis det vil vera mogleg å hindra epidemien i å spreia seg endå meir.  Nøkkelen er å snakka med folk i landsbyane, som på mange måtar fungerer som forstader til byane i Sierra Leone.

 – Eit stort problem er at folk i landsbyane alltid har kome inn til byane for å gi frukt, grønsaker og anna mat til barna sine som går på ungdomsskulen i byen. Slik har ebolasmitten lett spreidd seg frå landsbyane til byane. No er alle skulane i Sierra Leone stengde, men me veit ikkje om foreldre og andre slektningar held fram tradisjonen med å ta med mat til barna sine i byen, fortel Esther Yei Mokuwa til Uniforum.

Får svar på ebolatest etter 48 timar

Ho har jobba mykje i dei mest isolerte landsbyane, og har sett at det tar lang tid før dei som blir sjuke får hjelp. – Å transportera dei til sjukehus i byen kostar både pengar og tid. Dessutan vil dei vera smittefarlege om dei har ebola. Og om dei er så heldige at det kjem helsepersonell til landsbyen, vil det ta over 48 timar etter ein blodprøve er tatt, før ein veit om dei som er dårlege, har ebola eller ein annan sjukdom.

– Problemet er at om alle som føler seg dårlege, går til den same helsestasjonen, vil dei som har malaria, difteri og andre sjukdomar, også få ebola fordi dei blir smitta av dei få som har det. Det er også påvist at smitten skjer gjennom direkte kontakt med blod og andre kroppsvæsker frå smitta personar, peikar ho på.

Landsbyane set opp nye rutinar

No er innbyggjarane i landsbyane også blitt klare over det. – Difor har dei reservert eit eige rom til den personen som truleg har ebola, og så ofrar berre ein av slektningane seg til arbeidet med å stella pasienten. Den personen prøver å verna seg på best mogleg måte med ei heimelaga vernedrakt, som det er betre å ha på enn ikkje å bruka den. Mat og medisinar kjem i emballasje som blir destruert etterpå, fortel forskarekteparet. Dei peikar på at denne endringa i tradisjonell praksis fører til at ein pasient smittar berre ein person i staden for opp til sju personar som tidlegare.

Eit anna problem har vore dei tradisjonelle gravferdsrutinane. – Kvinner har stelt døde kvinner, og menn har stelt døde menn. Men det er berre kvinnene som har vaska sengetøy og klede som er blitt brukte av dei døde. Difor døyr langt fleire kvinner enn menn av ebola, fortel Esther Ya Mokuwa.

– Kan ikkje venta på helsepersonell

For henne er det viktig å få fram at dei som bur i landsbyane, sjølve har mange gode idear til korleis veremåten kan endrast for å redusera smitten. – Styresmaktene må høyra meir på kva landsbyleiarane meiner bør gjerast for å hindra at ebolasmitten spreier seg. Folk i landsbyane har funne ut at det ikkje går an å venta på at helsepersonell kjem til dei for å registrera dei som er døde av ebola. Det tar altfor lang tid. Difor må dei sørgja for å få dei gravlagde så fort som mogleg for å hindra at smitten spreier seg. Når ein viktig person døyr, vil ingen klara å hindra at det kjem masse folk for å delta i gravferda. Det viktige er då å prøva å hindra kontakt med mellom anna kroppsvæsker, og det er folk klar

Ebola

Ebola er eit virus i filoviridaefamilien. Sjukdomen som viruset utløyser, blir kalla for hemorrhagisk eller blødande feber, og eit kjenneteikn er kraftige blødingar frå kroppsopningar. Den blir smitta gjennom kontakt med blod, sekret, organ eller kroppsvæsker frå dei som er smitta. Mellom 50 og 90 prosent av dei som blir smitta, døyr av sjukdomen.

Den siste ebolaepidemien i Vest-Afrika har så langt ført til 4818 døde, og til saman er det påvist ebola hos 13 000 personar.

Ebola blei første gong påvist i nærleiken av Ebola-elva i Kongo i 1976 av mellom andre den belgiske forskaren og legen Peter Piot.

(Kjelder: Wikipedia og WHO)

over, seier ho.

– Må få svar på ebolatest med ein gong

Paul Richards ser at med enkle grep vil det vera mogleg å kontrollera epidemien mykje betre enn det som er tilfellet no. – Om ein person går til næraste helsestasjon fordi vedkomande føler seg dårleg, blir det tatt ein blodprøve av personen. Men det tar 48 timar før personen får svaret på den testen. Det beste hadde vore om dei kunne fått innført ein test som ville gi dei svar med ein gong. Då kunne ein tatt dei naudsynte forholdsreglane med ein gong overfor dei som er smitta av ebola, slår han fast.

Etter hans meining lever framleis mytane om ebola i beste velgåande både i Vesten og i Afrika. – Det er blitt påstått at smitten har oppstått fordi folk har ete flaggermus. Det stemmer ikkje, og blant muslimane er det heller ikkje tillate å eta flaggermus. Det mest sannsynlege er at det barnet som først fekk ebolasmitte, hadde ete frukt som hadde på seg smittestoff frå ei flaggermus.

Ein annan myte som har festa seg, er at landområdet mellom Sierra Leone, Liberia og Guinea er prega av fattigdom. – Faktum er at i dette området finst det både gull- og diamantgruver, samtidig som det også er det beste landbruksområdet. Utfordringa er at folk heile tida drar derifrå og inn til byane for å selja varene sine. Slik har smitten blitt spreidd ganske fort, seier Paul Richards.

Både han og kona Esther Yei Mokuwa tykkjer hjelpeorganisasjonar og andre som deltar i kampen mot ebola tar den kulturelle biten meir alvorleg enn tidlegare.

– Difor ynskjer dei å få gode råd frå antropologar som kjenner kulturar og tradisjonar i desse landa. Det er positivt, synest dei.

 

 

Emneord: Afrika, Internasjonalisering, Helse Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 6. nov. 2014 14:14 - Sist endra 6. nov. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere