Reprosentralen har fått svart belte i miljømerking

Reprosentralen ved Universitetet i Oslo er funnen kvalifisert til den øvste graden av Svanemerket for å utføra produksjonen av trykksaker mest mogleg miljøvennleg.

SVANEMERKET: Catharina E. Paulsen får på vegner av dei tilsette i Reprosentralen utdelt Svanemerket av marknadsrådgjevar Tormod Lien i Stiftinga Miljømerking i Noreg.

Foto: Martin Toft

Det var marknadsrådgivar Tormod Lien frå Svanemerket som nyleg kom og delte ut diplomet for Svanemerket til Catharina E. Paulsen og dei andre tilsette i Reprosentralen.

– Dette inneber at Reprosentralen også oppfyller dei nye, strenge energikrava me stiller for at ei bedrift skal kunna kvalifisera seg for Svanemerket. Produksjonen dykkar er både miljøvennleg og berekraftig, slo han fast. Han viste til at Svanemerket også tyder at dei har eit godt system for resirkulering av papir og avfallshandtering av kjemiske stoff.

Førstekonsulent Catharina E. Paulsen i Bod- og reprosentralen har vore svært engasjert i å få det viktige miljømerket til Reprosentralen:

– Reprosentralen oppfyller no verdas strengaste miljøkrav til trykkeri etter at me har fått fornya lisensen vår for Svanemerket, konstaterer ho. Ho viser til at dei krava som blir stilte, sikrar berekraftig skogbruk, lågare energiforbruk og minimale utslepp ved produksjon av papiret. – I tillegg blir det stilt omfattande krav til kjemikaliebruk, avfallsbehandling og ressurseffektivitet i sjølve trykkeriet, seier Catharina E. Paulsen til Uniforum.

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2014 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere