Første juli fekk alle dei tilsette i Norsk Ordbok beskjed frå Universitetet i Oslo om at dei ville mista jobbane sine frå 31. desember 2014. Verken universitetsleiinga eller leiinga ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ville ta sjansen på at det ville koma løyvingar til lønn og etterarbeid med det tolvte og siste bandet på regjeringa sitt budsjettforslag for 2015. Det fekk prosjektdirektør Åse Wetås til å slå fast at då ville det vera umogleg å bli ferdig med band 12.
No er budsjettforslaget frå regjeringa klart, og på budsjettet til Kulturdepartementet er det føreslått ei løyving på 3,3 millionar kroner til lønn og vidare arbeid med Norsk Ordbok fram til 1. mars 2015. I tillegg er det løyvt 400 000 kroner til å laga ei brukarrettleiing for både nettutgåva og papirutgåva av Norsk Ordbok. Prosjektdirektør Åse Wetås seier at dette var signalet dei også tidlegare hadde fått frå Kulturdepartementet.
– Eit viktig steg nærare
– Om ikkje fleire redaktørar sluttar, vil me no vera eit viktig steg nærare å bli ferdige med det siste og tolvte bandet av Norsk Ordbok. Eg håpar at det ikkje er naudsynt å venta heilt til salderinga av budsjettet i Stortinget, før me kan vera sikre på at me kan halda fram med arbeidet fram til den planlagde leveringsdatoen 1. mars, seier ho til Uniforum. Sjølv om ho er nøgd med at det siste bandet av Norsk Ordbok kan bli fullført,synest ho det er trist at budsjettforslaget ikkje inneheld pengar til vidare finansiering av språksamlingane ved UiO.
– Det er tragisk. Og Språkrådet har fått redusert løyvingane sine, så det er heller ikkje tenkt som ei hamn for språksamlingane, konstaterer ho.
– Gledeleg
Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, er også nøgd med løyvinga til Norsk Ordbok 2014.
– Det er gledeleg at det er føreslått ei løyving på 3,3 millionar til det siste bandet av Norsk Ordbok 2014, seier Kristoffersen til Uniforum.
På spørsmål om kvifor det var nødvendig å senda oppseiingsvarsel trass i positive signal frå Kulturdepartementet, viser han til leiinga ved Det humanistiske fakultetet. Han har ingen kommentar til at det ikkje er kome ekstraløyvingar for å sikra framtida til språksamlingane ved UiO.
– Når det gjeld spørsmålet om kva instituttet skal gjera for å ta vare på fagmiljøet og dei tilsette, vil eg ha ein dialog med miljøet om dette ut over hausten, fortel han.
Logg inn for å kommentere