Det kom fram i eit svar kulturminister Thorhild Widvey gav på eit spørsmål frå Venstre-leiar Trine Skei Grande i Stortingets spørjetime i går. I utgangspunktet ynskte Trine Skei Grande svar på kva måte statsråden og Kulturdepartementet ville bidra til å sikra den nasjonale funksjonen til språksamlingane og den digitale ordbokstenesta ved Universitetet i Oslo.
Viktig nasjonal funksjon
Då viste Widvey til at Kulturdepartementet hadde henta inn vurderingar frå Språkrådet og tatt opp ulike spørsmål med Universitetet i Oslo.
– Me har vore opptekne av å lyfta fram saka sine språkpolitiske sider, og i den samanhengen har me understreka at ordbøker og språksamlingar har ein viktig nasjonal funksjon, sa kulturministeren.
Inga konkret lokalisering
No fylgjer ho også med på kva som skjer med Prosjekt Norsk Ordbok 2014 etter at det tolvte og siste bandet skal vera ferdig ved utgangen av februar. – Det eg er oppteken av no, er kva som vil skje med den digitale versjonen av ordboka, som i dag er gratis tilgjengeleg på Internett. Det også behov for å finna ei løysing for språksamlingane, sa Thorhild Widvey, utan at ho kom med noko konkretforslag på kvar dei bør lokaliserast i framtida.
Stortingsrepresentant og Venstre-leiar Trine Skei Grande ynskte også eit svar frå kulturministeren om kva som kan gjerast for å auka statusen til det å arbeida med norsk språk, slik at ein ikkje opplever å ha eit universitetsmiljø som kjempar om ikkje å ha den jobben.
– Arbeider med språkpolitiske tiltak
Kulturminister Thorhild Widvey svarte at det er viktig for henne å syta for at det finst gode språkpolitiske tiltak, og at dei blir sette i verk. Ho la også vekt på at ein ikkje må ta frå kvart enkelt departement ansvaret for å syta for at dei også tar det ansvaret dei har. Widvey minna om at det tidlegare har vore ein diskusjon om kva Kulturdepartementet kan gjera for å fylgja opp dei språkpolitiske tiltaka som låg i språkmeldinga «Mål og meining». – Det arbeidet er me godt i gang med, ikkje minst for å få til ei koordinering av lovverket, og det har eg ein ambisjon om at me skal koma tilbake til Stortinget med, sa Thorhild Widvey.
Spesialrådgjevar Bjørnar Vold-Sarnes i Eining for leiarstøtte ved UiO, stadfestar overfor Uniforum at Kulturdepartementet har bede om eit møte. På møtet vil både prorektor Ragnhild H. Hennum, HF-dekan Trine Syvertsen og instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium delta. Det vil også spesialrådgjevar Bjørnar Vold-Sarnes.
(Oppdatert 17. oktober kl. 10:01)
Logg inn for å kommentere