200 millionar over to år til Livsvitskapssenteret

Det planlagde senteret for livsvitskap, kjemi og farmasi  i Gaustadbekkdalen ligg inne med 200 millionar kroner  over to år i regjeringa sitt budsjettforslag for 2015.

FÅR PENGAR: Regjeringa og Torbjørn Røe Isaksen vil løyva 58 millionar kroner i  2015 og til saman 200 millionar dei komanda to åra til det planlagde livsvitskapssenteret i Gaustadbekkdalen.

Foto: Statsbyygg

– Det er viktig og viser at me har ei regjering som ser kor viktig det er for landet å byggja ut eit livsvitskapssenter i Gaustadbekkdalen, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.  Han har store ambisjonar på vegner av universitetet han leier.

– UiO vil ta ei leiande nasjonal rolle i forskinga på livsvitskap i Noreg, lovar han.   Heller ikkje han visste at det låg pengar til livsvitskapssenteret i budsjettforslaget til regjeringa.

– Eg fekk ikkje vita den eksakte summen før i dag. Det var veldig godt å få stadfesta at regjeringa støttar denne satsinga, seier han til Uniforum. Statsbygg blir byggherre og er klar til å ta seg av den oppgåva gjer adm.dir. .Harald V. Nikolaisen i Statsbygg klart.  – Livsvitskapsbygget blir også eit av Statsbyggs aller største prosjekt. Me er klare til å ta fatt på å prosjektera og etter kvart å byggja eit av Noregs største bygg i sitt slag, seier Harald V. Nikolaisen i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår også å kutta 150 millionar i ramma til universiteta og høgskulane.  Det ser ikkje UiO-rektor Ole Petter Ottersen som eit dramatisk inngrep.  – UiO har allereie vore gjennom ein effektiviseringsprosess  i samband med prosjektet Internt handlingsrom (IHR).  Kuttet er ei oppfordring til auka produktivitet, konstaterer han.

– Bryt med gratisprinsippet

Derimot er han svært kritisk til at regjeringa foreslår at utanlandske studentar frå land utanfor EØS og Sveits må betala studieavgift for å gå på norske universitet og høgskular.

– Det er eit brot på gratisprinsippet, og det er me svært misnøgde med,  seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.

Til saman foreslår regjeringa å  løyva 30,9 milliardar kroner til universiteta og høgskulane i 2015. Etter regjeringa si utrekning vil det utgjera to prosent meir enn i 2014.

– Noko av det som blir prioritert er satsinga på utviklinga av verdsleiande fagmiljø, midlar til arbeidet med å laga ein ny struktur i sektoren, fleire rekrutteringsstillingar og pengar til utstyr og og universitetsbygg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Vil bruka 1 prosent av BNP til forsking og utvikling

I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning  foreslår regjeringa å bruka 2,1 milliardar kroner meir på forsking og utvikling.  Regjeringa meiner at dette er ei historisk satsing, og ho vil bruka ein prosent av bruttonasjonalproduktet på forsking og utvikling, og har som mål å oppnå dette i perioden 2019-2020.

– I langtidsplanen stakar me ut kursen for å sikra arbeidsplassar og velferd i framtida. Skal me lykkast med det, er me heilt avhengige av forsking og utdanning av framifrå kvalitet, seier Torbjørn Røe Isaksen.

I budsjettet for 2015 fylgjer regjeringa opp langtidsplanen med over 660 millionar kroner.  Mellom dei største tiltaka er 100 millionar kroner til ei satsing på verdsleiande fagmiljø, 100 millionar til forskingsinfrastruktur, 60 millionar til fri prosjektstøtte og 115 millionar kroner for å stimulera til auka norsk deltaking i EUs nye rammeprogram for forsking, Horisont 2020.

1500 nye studentbustader

Det skal også byggjast 1500 nye studentbustader neste år.  Det er 200 fleire enn i 2014. Regjeringa trur det skal gi studentane eit rimeleg butilbod.  For å redusera den økonomiske risikoen og auka valfridomen for norske studentar i utlandet, kjem regjeringa med framlegg om å valutajustera både stipend og lån til skulepengar.  Dessutan skal det bli mogleg å kombinera sjukepengar frå folketrygda med sjukestipend frå Lånekassen. Basisstøtta til studentar vil bli auka gjennom ei løyving på 30 millionar kroner. Dermed vil basisstøtta frå neste år liggja på 100 920 kroner for kvart studieår.

1 milliard til vidareutdanning av lærarar

Regjeringa foreslår også å bruka over ein milliard kroner på vidareutdanning av lærarar.  Det blir fylgd opp av at regjeringa vil leggja fram nye kompetansekrav for alle lærarar som underviser i matematikk, norsk og engelsk. . Til saman vil 5 050 lærarar kunne få tilbod om vidareutdanning frå hausten 2015.

Dette er ein auke på 3250 sidan den førre regjeringa hadde makta.  Det skal også leggjast fram ein ny nasjonal realfagsstrategi  med mål om at norske elevar skal få betre prestasjonar i realfaga.

Studentane er misnøgde

Norsk studentorganisasjon er mest misnøgd med at regjeringa vil forlata gratisprinsippet og be institusjonane om å krevja skulepengar frå studentar utanfor EØS og Sveits.

– Me reagerer på at regjeringa heilt medvite går imot Stortinget, dette kan ikkje Venstre og KrF godta. Gratis høgare utdanning er eit av våre fremste konkurransefortrinn, og bidrar til å trekkja studentar med høg kompetanse til norsk høgare utdanning. Dette forslaget vil Noreg tapa på, seier Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk studentorganisasjon.

STUDENTANE PROTESTERTE:  Då kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom for å presentera Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2015-2024 på UiO i onsdag 8. oktober, blei han møtt av studentar som protesterte mot at regjeringa vil innføra studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. (Foto: Martin Toft)

Av budsjettforslaget går det også fram at regjeringa vil  kutta  i løyvingane  til universitet og høgskular med 80,5 millionar kroner. Dette skal institusjonane ta inn gjennom skulepengar.

– Erfaringar frå Europa  viser ein dominoeffekt der skulepengar for internasjonale studentar er første steg på vegen til skulepengar for alle. Forslaget trugar derfor alle studentar, seier Langset.

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2014 12:02 - Sist endra 9. okt. 2014 09:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere