150 studentar utestengde frå norske lærestader

60 av dei 150 studentane som er utestengde frå norske lærestader har vore studentar ved UiO, skriv VG.

UTESTENGDE: 60 studentar er blitt utestengde frå UiO etter å ha forfalska vitnemål eller å ha fuska på eksamen.

Foto: Ola Sæther

Dei fleste er blitt svartelista etter å ha forfalska vitnemål eller ha fuska på eksamen. VG har fått tala frå Rust, som er namnet på registeret som svartelistar desse studentane.  Registeret blei oppretta av Kunnskapsdepartementet for ein månad sidan.

Før kunne studentane som var tatt i fusk under eksamen, melda seg opp til ny eksamen i det same faget ved ein annan studiestad utan å bli oppdaga. Med det nye registeret som dekkjer 51 studiestader, vil ikkje det lenger vera mogleg.

– Universitets- og høgskulelova pålegg at studiestadene informerer kvarandre om studentar som er utestengde, seier hovudansvarleg for registeret, Agnethe Sidselsrud til VG.

 

Les også denne artikkelen frå Uniforum januar 2012:

Lagar svarteliste over fuskestudentar

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Universitetspolitikk
Publisert 16. okt. 2014 15:06 - Sist endra 16. okt. 2014 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere