Det skjedde med ei levande innføring i plantemangfaldet i ei slik eng og ved at den vesle teigen vart slegen med ljå, slik ein skal seint på sommaren. Og eit engasjert publikum var med.
Botanikar Kristina Bjureke fortalde med kunnskap og innleving om mangfaldet i ei slik blomstereng og om eit utval av dei om lag 60 artene som allereie finst i den vesle hageflekken. Ho har henta frø frå både Aurskog og Nordmarka, for å få til eit rikt biologisk mangfald. På ei naturleg slåtteeng, som kan vera to-tre hundre år gammal, er det gjerne over 100 ulike arter, i Botanisk hage er målsetjinga 90.
Tradisjonell slåttemark er såpass utryddingstruga her i landet at ho er raudlista som naturtype. Så no har dei etablert denne blomeenga i Botanisk hage for å ta vare på mest mogleg av plantemangfaldet som finst i slike slåtteteigar. Dei vert ikkje gjødsla eller kultiverte på moderne måte, men slegne med ljå, og graset blir flatturka eller hesja.

INNLEVING: Botanikar Kristina Bjureke fortalde med kunnskap og innleving om mangfaldet i ei slik blomstereng. (Foto: Alv Reidar Dale/Uniforum/UiO)
Logg inn for å kommentere