60 arbeidsgjevarar deltok på Karrieredagen

Både Politiets tryggingsteneste (PST), Telenor, Rambøll og Den norske Bank var mellom dei 60 arbeidsgjevarane som deltok på Karrieredagen på UiO, tysdag 23. september.

KARRIERÅD: Ein representant for Politiets tryggingsteneste gir karriereråd til ein student.

Foto: Martin Toft

- Du skal ha det gøy på jobben. Det er viktigare at jobben er interessant enn at lønna er høg. Alle skal kvar dag stå og gleda seg til å gå på jobb, sa Telenors konserndirektør i Noreg. Berit Svendsen då ho opna Karrieredagen på Universitetet i Oslo denne veka.  Private og offentlege arbeidsgjevarar deltok, og mange studentar blei hanka inn og fekk knytt kontaktar til moglege framtidige arbeidsgjevarar. Også Universitetet i Oslo var mellom arbeidsgjevarane som ville rekruttera inn studentar til ledige stillingar.

Det var Karrieresenteret som arrangerte Karrieredagen. Karrieresenteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2014 16:37 - Sist endra 24. sep. 2014 16:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere