Norsk Ordbok blir ikkje ferdig til nyttår

Dei tilsette i Norsk Ordbok skal etter planen gå frå jobbane sine 31. desember. – Då blir me ikkje ferdige med det tolvte og siste bandet, seier prosjektdirektør Åse Wetås .

Tidlegare i år fekk over 20 av dei tilsette i Norsk Ordbok beskjed frå UiO om at dei ville mista jobben frå nyttår. Det er søkt om ordinære lønnsmidlar frå Kulturdepartementet fram til 28. februar for å gjera det tolvte og siste bandet i Norsk Ordbok ferdig.

UiO tar ingen sjanse

Meldingane frå UiO til dei tilsette i Norsk Ordbok 2014 er at UiO ikkje vågar ta sjansen på at desse lønnsmidlane kjem, og dei har difor valt å seia opp dei tilsette i ordboksredaksjonen med sluttdato 31.12.2014, men med ei mogleg forlenging av oppseiingsperioden.  – Me hadde håpa at UiO tolka dei klare og positive signala frå Kulturdepartementet om at det vil bli løyvd naudsynte midlar til dette, slik at dei straks opna for at me kan halda fram til etterarbeidet med det siste bandet er avslutta, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

 – Ligg etter tidsplanen

Masseoppseiingsvarselet frå  i vår har gjort at mange av dei tilsette har søkt og fått nye jobbar.  Mange av dei som er igjen, er også på jakt etter nye og sikrare jobbar. – Det har ført til at me ligg etter tidsplanen for når utgjevinga av band 12 skal skje.  For oss er det ein ny situasjon for me har heile tida tidlegare levert alle banda heilt etter planen og til den  avtalte prisen, fortel ho.

Leitar etter ledige jobbar

Etter hennar oppfatning er hovudproblemet at mange har slutta, og sidan dei vitskaplege tilsette i Norsk Ordbok kvalitetssikrar manus for kvarandre, blir det òg meir jobb på dei som er att, for å erstatta dei som sluttar og takkar ja til stillingar andre stader.  – Alle leitar etter ledige jobbar, meg sjølv inkludert, vedgår ho.

Åse Wetås forstår ikkje kvifor UiO ikkje utsette oppseiingsvarselet til 1.september 2014.

–  Då ville det ha gått seks månader til 28. februar 2015, og UiO ville vore litt sikrare på at Norsk Ordbok hadde hatt nok folk til å fullføra band 12.  No er Åse Wetås både frustrert og lei seg for det som har skjedd. – Eg hadde aldri tenkt meg at ein slik situasjon skulle oppstå. Det øydelegg litt av det gode totalbiletet Norsk Ordbok har hatt, seier Åse Wetås til Uniforum.

Håpar på pengar

No håpar ho at Kulturdepartementet har sett av pengar på statsbudsjettet for 2015 til sluttarbeidet med band 12. Det får ho først svar på når framlegget til statsbudsjett for 2015 blir lagt fram den 8. oktober. – Spenninga knyter seg til om me må venta på det endelege budsjettvedtaket til Stortinget, før me får klarsignal frå UiO for å kunna halda fram med arbeidet med ordboka etter nyttår, påpeikar Åse Wetås.

Ikkje pengar til digitalisering av dei første banda

I eit nytt brev frå Universitetet i Oslo til Kulturdepartementet blir det vist til at ei minimumsløysing for å drifta den digitale versjonen av Norsk Ordbok vil koma på om lag 500 000 kroner.  UiO tar heller ikkje opp spørsmålet om digitalisering og ei oppdatering av dei første banda av Norsk Ordbok. Det peikar på at Kulturdepartementet tidlegare har rekna med at det vil føra til store kostnader, og det er ikkje mogleg å finna finansielle og organisatoriske løysingar innanfor  ramma av UiOs strategi og aktivitetar, går det fram av brevet frå UiO.

Neste stopp Nasjonalbiblioteket?

Språksamlingane vil UiO gjerne finna gode løysingar for. Det blir vist til Norsk folkemusikksamling som er blitt flytta til Nasjonalbiblioteket.  Det blir ikkje sett bort ifrå at noko liknande kan skje med språksamlingane.


Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2014 12:53 - Sist endra 24. sep. 2014 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere