Vil ha språksamlingar til Bergen

Universitetet i Oslo vil kvitte seg med språksamlingane. I Bergen er forskarar villige til å ta over i alle fall delar av ansvaret: ­­– Her kan UiB ta eit nasjonalt ansvar og markere seg, seier professor Helge Sandøy.

BERGEN KAN OVERTA: UiO vil kvitte seg med språksamlingane. Krefter ved Det historisk–filosofiske fakultetet opnar for at UiB kanta over nokre av oppgåvene

Foto: Ingvild Festervoll Melien for UiB

Institutt for lingvistiske og nordiske studier i Oslo vedtok 10. juni at dei ikkje lenger har råd til å ta ansvaret for språksamlingane ved Universitetet i Oslo, som omfattar målførearkiv, stadnamnsamling og ordboksverk. Kunnskapsdepartementet har skrive brev til UiO der dei understrekar at pengar som har vore løyvde til UiO kan forsvinne dersom språkarbeidet heretter må gjerast ein annan stad. Professor Gunnstein Akselberg åtvare i førre uke mot nedbygginga av namnearbeidet, både i Klassekampen, Bergens Tidende og På Høyden.

– Nasjonalt sett vil det vere ei katastrofe om alt arbeidet som er gjort no går dukken. Eg har sagt til instituttleiaren vår at her har vi ein sjanse til å ta eit nasjonalt ansvar. Her er det snakk om verdas beste kjeldemateriale om norsk språk, og så kan vi håpe at det og vil følgje litt pengar med frå departementet, seier Helge Sandøy, som er professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB (LLE) til På Høyden.

Pengane til det omfattande nynorskverket Norsk Ordbok tek slutt i løpet av vinteren, sjølv om bokstavane A til H ikkje er digitaliserte enno. Dei 28 språkforskarane som har jobba med å få Norsk Ordbok ferdig, fekk i vår oppseiingsvarsel. Universitetet i Oslo har ein strategi om å bli eit internasjonalt toppuniversitet. Helge Sandøy synest det er oppsiktsvekkande at det ikkje passar inn med eit verdsleiande forskingsmiljø på norsk språk i ein slik strategi.

– Det er eit politisk resonnement eg synest er forkasteleg, for eit nasjonalt materiale er ikkje til hinder for forsking på internasjonalt toppnivå, seier han.

Finansiering gir press
Språkarbeid av denne typen er under press i Bergen òg, men nedbygginga har enno ikkje kome så langt som i Oslo.

– Det er finansieringsmodellen som lagar dette presset, og han er lik på alle universitet. Vi har det same presset for å produsere studiepoeng, og det er urealistisk å finansiere denne typen forsking med studiepoeng.

Sandøy meiner ein må finne ein modell som held dette utanom produksjonen av studiepoeng.

– Eg har foreslått at ein kan plassere desse samlingane ved Universitetsmuseet i Bergen, for då kan ein forske på dei utan å vere avhengige av studiepoeng. Ein må berre lære seg at eit museum ikkje berre er for gjenstandar, men òg for immateriell kultur. Språk, namn og ord kan òg stillast ut, seier Sandøy.

Språkrådet har tidlegare vore foreslått som ny heim for språksamlingane, og styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok har foreslått at den lukka, private medlemsorganisasjonen Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo kan ta over oppgåva. Men verken Språkrådet eller vitskapsakademiet driv forsking på dette feltet i dag.

– Språkrådet synest eg er ein dårleg idé, for dei har ikkje tradisjon for forsking. Dei skal òg drive normering, og her kan det vere motstridande interesser. Forskinga må drivast av ein annan etat. Å la vitskapsakademiet ta jobben er ein betre idé, for dei driv allereie med forsking, seier Sandøy.

– Men å leggje det til Universitetsmuseet i Bergen er ein modell som faktisk vil vere rask å setje i gang, i motsetnad til desse andre modellane som har vore lufta. Andre modellar kan fort ta ein generasjon å greie ut og få på beina, seier han.

Kulturpolitisk tragedie
Instituttleiar Johan Myking ved LLE er positiv til tanken om at Bergen kan ta ansvar.

– Det som no skjer i Oslo er ei kulturpolitisk tragedie. Det er røyster i mitt fagmiljø som meiner at Bergen no må ta ansvar, og som instituttleiar har eg stor sympati med slike idear, seier Myking.

Han meiner at det viktigaste bidraget for Bergen på kort sikt er å redde arbeidet med norske stadnamn.

– Norsk namneforvaltning er i ferd med å bli heilt utfasa, men eg er ganske sikker på at mange kommunar vil sakne dei når namnekonsulentane ikkje lenger finst, seier Myking.

I Tromsø og Trondheim er stadnamnforskinga allereie heilt fasa ut. Myking peiker på at språkarbeidet i framtida kan organiserast som ei nasjonal fellesoppgåve etter universitets- og høgskulelovas paragraf 1-4.4.

– Å organisere det som eit nasjonalt fellesforetak slik som Artsdatabanken i Trondheim hadde kanskje vore det beste. Dette er hjernespinn frå mi side, men eg trur det ville vore meir interessant enn å leggje det til Språkrådet, seier Myking.

Språksamlingane

Samlingane ved Universitetet i Oslo er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

Arbeidet med Norsk Ordbok blei starta allereie i 1930. Det siste av dei tolv banda skal vere ferdig til vinteren. Verket gir ei uttømmande og vitskapleg framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og nynorsk skriftspråk, med gramatikk, tydingar, ordhistorie og døme på bruk både i litteratur og talemål. Verket har over 300 000 oppslagsord. Eit tilsvarande verkst finst ikkje for bokmål, og det er heller ikkje løyvd pengar til det.

11. juni vedtok styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo at det ikkje lenger hadde råd tll å ta ansvaret for språksamlingane. Saka skal opp for universitetsstyret.

(Kjelder: Norsk Ordbok 2014 og Uniforum)

Forvitrar
No vil han ta diskusjonen vidare internt på UiB.

– Her har vi ein kraftig jobb å gjere det neste året. UiB har ikkje ein politikk for dette, men om vi får tilbod om å overta samlingane er det eit tilbod vi ikkje har råd til å seie nei til. Dette vil bli grundig diskutert, lover instituttleiaren.

Det som står på spel er svært grunnleggjande ressursar for det norske språket.

– Slik den siste utviklinga har vore kan ikkje Bergen sitja roleg og sjå på at den språklege infrastrukturen i landet forvitrar. Vi har sterke, faglege interesser og kompetanse på feltet, så vi må vurdera korleis vi kan gå inn og ta ein fagpolitisk nasjonalt ansvar for – i det minste – delar av feltet. Det handlar både om digitalisering, språklege samlingar og ordbøker, og ikkje minst om namn. Til saman er det eit svært omfattande og viktig ansvarsområde, seier Myking.

Manglar A til H
Magnus Rindal er styreleiar for Norsk Ordbok. Prosjektet har hatt mange stillingar, men blir no avslutta etter at siste band av Norsk Ordbok skal vere ferdig våren 2015. Men heile jobben er ikkje gjort: Bokstavane A til H frå dei gamle binda er ikkje digitaliserte, og om du søkjer i Norsk Ordbok på nettet finn du berre den siste delen av alfabetet blant dei meir enn 300 000 ordartiklane. Digitaliseringa av dei eldre delane var ikkje med i prosjektet som skulle få ferdig verket til grunnlovsjubileet.

– Vi har lenge prøvd å få pengar til bokstavane A til H, utan å komme i hamn, fortel Rindal. Han er skuffa over at UiO ikkje tek større ansvar for norsk språk.

– Eg forstår ikkje at universitetet ikkje føler ansvar for norsk språk.

Norsk leksikografisk institutt og ein del av stadnamnarbeidet blei plassert hos UiO på 1970-talet.

– Til saman har det vore over 20 stillingar på dette arbeidet, men akkurat no er det svært få igjen av dei, seier Rindal.

Kunnskapsdepartementet har understreka at pengane UiO tidlegare har fått for arbeidet med språksamlingane vil bli flytta dersom universitetet ikkje lenger vil gjere jobben. Styreleiar Rindal er klar for ein open diskusjon om kven som i framtida skal ta ansvaret for ein stor del av språkforsking på norsk.

– Ansvaret blei lagt til UiO. Om det skal ut derifrå er det mangt som kan diskuterast, seier han.

Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Nynorsk, Forskningspolitikk Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 5. aug. 2014 09:48 - Sist endra 5. aug. 2014 11:25

Magnus Rindal seier han ikkje forstår at universitetet ikkje føler ansvar for norsk språk. Det tyder på at han ikkje er tilstrekkelig orientert om kva som skjer på det instituttet han representerer i styret for NO2014: Institutt for lingvistiske og nordiske studium har eit SFF med fokus på fleirspråkligheit, der mange av forskarane studerer kva som skjer med norsk språk i møtet med andre språk, ikkje minst minoritetsspråk i Noreg. Vidare har instituttet nettopp tilsett tre nye førsteamanuensar på feltet nordisk språk, og søknadsfristen har nettopp gått ut for ei fjerde stilling. Sist, men ikkje mindre viktig: ILN er ein sentral bidragsytar til UiOs lektorprogram, med ei rekkje kurs i norsk språk. Alt dette er prioriterte område for instituttet.  

kristof@uio.no - 5. aug. 2014 11:21

Nå er det vel slik at alle som sitter i styret i prosjektet Norsk Ordbok 2014, er oppnevnt av styret ved ILN. Selv sitter jeg i dette styret på vegne av Enhet for digital dokumentasjon som er en del av ILN. Jeg har forstått min rolle som å tale systemutviklernes sak i prosjektet og for øvrig lojalt støtte prosjektets virksomhet. Min forståelse er at styreleder ikke representerer ILN i styret, men at han rapporterer til prosjekteier (ILN) på vegne av styret. 

At en prosjekteier kritiserer en styreleders kunnskapsnivå i et kommentarfelt i en nettavis hører vel med til sjeldenhetene både i næringslivet og i offentlig forvaltning.

Det er jo ingen grunn til å tvile på at ILN tar norsk språk alvorlig, men debatten vi ser konturene av, så langt jeg forstår, er en fagdebatt mellom det mer språkuavhengige allmennlingvistiske kontra forskningsbasert langsiktig dokumentasjon av norsk språk.

Det er jo nå en kjent sak at Kulturdepartementet i forståelse med Kunnskapsdepartementet i to brev fra mai og juli 2014 mener at UiO ikke uten videre kan legge ned virksomheten som ble flyttet til UIO i 1972 som Norsk leksikografisk institutt. Ut fra det jeg har lest meg til i brevene, mener departementene at det fulgte spesialbevilgninger med denne virksomheten og at dersom samlingene skal reorganiseres utenfor UiO må finansieringen av de om lag 20 stillingene følge med, det vil si tas av rammen til UiO

Christian-Emil Smith Ore - 6. aug. 2014 14:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere