– Vi er ikkje ute på spekkhoggeri

Instituttleiar Johan Myking vil overta språksamlingane til UiO. – Men eg trur likevel folk i Oslo forstår at det ikkje er spekkhoggeri vi er ute på, men at vi vil gi støtte.

INGEN SPEKKHOGGAR: Johan Myking har ikkje inntryk av at folk forvekslar han med ein spekkhoggar når han tilbyr seg å ta over språksamlingane frå Oslo.

Foto: Dag Hellesund i På Høyden

Universitetet i Oslo vil kvitte seg med språksamlingane sine, og heller forske på fagfelt dei kan bli internasjonalt leiande på. Gjennom På Høyden blei ideen om å flytte samlingane til Bergen lansert, og denne tanken får no støtte frå UiOs universitetsavis, Uniforum.

Lukka forskarklubb
I ein leiar skriv redaktør Martin Toft «Flytt heller språksamlingane til Universitetet i Bergen!». Uniforum viser til at UiB allereie har eit godt, fagleg miljø for forsking på norsk og nordiske språk, og at universitetet òg har drive med namneforsking.

Det har òg vore foreslått å leggje språksamlingane og forskinga rundt dei til enten den lukka medlemsorganisasjonen Det Norske Videnskaps-Akademi, eller til Språkrådet, men dette meiner Uniforum er mindre gode løysingar: Vitskapsakademiet er ein «lukka forskarklubb», og dei har ingen tradisjon for språkforsking. Språkrådet driv med normering av norsk språk, og er heller ingen forskingsinstitusjon.

Resten av jobben med nynorskverket Norsk ordbok bør derimot avsluttast i Oslo, meiner avisa.

Blir oppfatta som støtte
Etter at Bergen blei foreslått som ein framtidig heim for samlingane, har ideen blitt debattert fleire stader. I kveld er det debatt på Litteraturhuset i Oslo. Dit skal Johan Myking, som er leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier.

– Vi har lagt merke til leiaren i Uniforum. Desse språksamlingane er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, og eg trur det er nødvendig for oss å markere støtte til UiO, seier Myking til På Høyden.

Han har fått positive reaksjonar frå fagmiljøet i Oslo på utspelet, som blir oppfatta som støtte.

– Det beste for alle partar hadde vore om Oslo framleis tok vare på dette miljøet, slik at Bergen hadde ein seriøs medspelar nasjonalt.

Har leiinga i ryggen
Myking likar ikkje tanken på at vi kan ende opp med berre eitt sterkt fagmiljø på feltet. Ideen om å flytte heile eller delar av samlinga til Bergen har òg vore diskutert med leiinga på UiB.

– Eg oppfattar det slik at både hos dekan og rektor så har denne saka møtt interesse. På det noverande stadiet har eg dekning for å nemne Bergen som ein interessant  aktør. Men saka mellom Kunnskapsdepartementet og UiO er ikkje avklart enno, men vi har gitt melding til Kulturdepartementet om at vi gjerne tek eit møte om saka.

– Vi held i tråden og fylgjer med på dette, seier dekan Margareth Hagen.

Både Uniforum og På Høyden kjem med sak frå debatten på Litteraturhuset i Oslo.

Emneord: Universitetspolitikk, Språk, Forskningspolitikk Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 28. aug. 2014 15:03 - Sist endra 28. aug. 2014 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere