Oppdaga ei unik fiskeøgle frå Svalbard

Den 150 millionar år gamle fiskeøgla Janusaurus lundi skiljer seg markant frå andre fiskeøgler frå Svalbard, har doktorstipendiat Aubrey Roberts oppdaga. Men dei har alle til felles at dei ikkje finst nokre andre stader i verda.

UNIK FISKEØGLE: Doktorstipendiat Aubrey Roberts under preparering av skallen av Janusaurus lundi .

Foto: Synnøve Botnen for Naturhistorisk museum

Frå 2004 til 2012 brukte forskarar og frivillige frå Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo to augustveker på å grava ut fossil etter eit heilt økosystem på Svalbard.

Spesielt øglene som vart gravd ut, fekk mykje merksemd, med dokumentarar på History Channel og National Geographic.

Men etter at fossila har vorte frakta til kjellaren på NHM på Tøyen, står mykje arbeid att. Fossila skal preparerast og bekrivast for vitskapen. Tre somrar med pensel og lim har Aubrey Roberts brukt på Janusaurus lundi, skriv Naturhistorisk museum på sine nettsider.

Kam på hoftebeinet

– Dette er ei mellomstor fiskeøgle, det vil seia 3-4 meter lang. Den er frå sein jura, vi anslår alderen til ca. 150 millionar år. Det er tre hovudtrekk som gjer denne arten forskjellig frå dei andre som er beskrivne til no, forklarar Roberts:

– For det fyrste har den finare beinbygnad i hjernekassen.

– Vidare har den, i likheit med dei andre velutvikla fiskeøglene frå Svalbard, hoftebein som ikkje er festa til ryggsøyla. Men Janusaurus lundi har ein kam på hoftebeinet som ikkje dei andre har. Vi veit ikkje kva funksjon denne har hatt, men det kan ha vore som muskelfeste.

Les heile artikkelen på nettsidene til Naturhistorisk museum.

Emneord: Naturfag, Forskning, Naturhistorisk museum, Museene
Publisert 4. aug. 2014 15:13 - Sist endra 4. aug. 2014 16:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere