Vitskapsakademiet kan overta språksamlingane

Vitskapsakademiet kan bli den beste tilhaldsstaden for språksamlingane, om dei blir flytta ut av UiO. Det skriv styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok i eit brev til Kulturdepartementet.

LOKALE FOR SPRÅKSAMLINGANE? Vitskapsakademiet i Drammensveien kan bli aktuell som ny tilhaldsstad for språksamlingane, meiner styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok.

Foto: Eirik Furu Baardsen for Det Norske VidenskapsAkademi

Den 11. juni vedtok styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium at det ikkje lenger har råd til å ta ansvaret for språksamlingane til Universitetet i Oslo. Tidlegare har det blitt klart at 19 tilsette i Norsk Ordbok mister jobbane sine når prosjektet formelt er over 1. januar 2015.  Samtidig blir døra halde på gløtt for at dei kan halda fram til 28. februar 2015, dersom det kjem ekstra pengar til etterarbeidet med det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok.

Pengane må fylgja språksamlingane

Språkrådet har tidlegare foreslått at språksamlingane kan bli organisert i eit senter utanfor Universitetet i Oslo. Styreleiar Magnus Rindal skriv i brevet til Kulturdepartementet at språksamlingane må finna ei organisatorisk plassering ved UiO, men utanfor Institutt for lingvistiske og nordiske studium.  Han peikar på at instituttet heile tida har vist til at det har brukt 19 millionar kroner på språksamlingane det siste budsjettåret. Rindal ser det difor som opplagt at desse pengane blir med til den eininga som eventuelt får vera vertskap for språksamlingane.

Ynskjer ikkje tilknyting til institutt

Etter oppfatninga til styret for Norsk Ordbok 2014, vil språksamlingane vera beste tente med ei tilknyting til ein forskingsinstitusjon som har forsking, utdanning, formidling og innovasjon som hovudoppgåver. Difor meiner styret for Norsk Ordbok dei norske, vitskaplege språksamlingane også i framtida bør vera ved UiO.  Styret understrekar likevel at det ikkje bør leggjast til eit institutt som legg vekt på produksjon av studiepoeng, slik situasjonen er i dag.  Styreleiar Magnus Rindal meiner at språksamlingane difor høver godt til paragraf 1-4 i Universitetslova. Samtidig kjem han med denne brannfakkelen:  «Dersom universitet og departement finn at denne verksemda ikkje høyrer heime ved eit universitetet, meiner eg at ei tilknyting til Det Norske Videnskaps-Akademi er det beste alternativet», konkluderer Rindal med i brevet til Kulturdepartementet.
 

Får positiv reaksjon frå Vitskapsakademiet

Preses for Det Norske Vitskapsakademiet, Nils C. Stenseth synest forslaget frå Magnus Rindal må sjåast nærare på.

– Det er eit interessant framlegg som absolutt bør vurderast. Akademiet dekkjer alle fagområde, også den kulturelle delen av vitskapen. Likevel kan eg sjølvsagt ikkje forskottera

Språksamlingane:

- er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

- Dei best kjende produkta frå språksamlingane er Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Alle desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

- 11. juni vedtok styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium at det ikkje lenger hadde råd tll å ta ansvaret for språksamlingane ved UiO.

(Kjelde: Norsk Ordbok 2014 og Uniforum)

kva konklusjonen til Vitskapsakademiet blir i denne saka, seier Nils C. Stenseth til Uniforum.

Samlaget bed om meir informasjon

Også Det Norske Samlaget etterlyser kva den endelege lagnaden til språksamlingane vil bli. Det viser til at Norsk Ordbok står for ein stor del av ordtilfanget til språksamlingane.  Forlaget er utgjevar av alle dei tolv banda til Norsk Ordbok. Forlagsdirektør Edmund Austigard minner i ein e-post UiO-rektor Ole Petter Ottersen om å halda forlaget orientert om den vidare utviklinga i denne saka. Han understrekar at avtalen om Norsk Ordbok 2014 gjer det klart at Samlaget fritt kan nytta ordarkivet til alle slag ordbøker og andre boktiltak. Forlagsdirektøren vil høyra korleis avtalen blir sikra i tida framover og bed Universitetet i Oslo om å koma med eit svar innan 15. august.

No er det truleg opp til Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet å avgjera kva som vidare skal skje i spelet om språksamlingane ved Universitetet i Oslo.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 22. juli 2014 10:09 - Sist endra 22. juli 2014 11:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere