Legestudentar lærer pasientbehandling frå første dag

Legestudentar skal læra kva som er god og kva som er dårleg pasientbehandling frå første studiedag gjennom eigenproduserte videosnuttar. Det blir ein viktig del av den nye studiemodellen på medisin ved UiO.

LÆRER AV VIDEO: Medisinstudentane skal læra kva som er god og kva som er dårleg pasientbehandling ved hjelp av to videosnuttar. Opptaka blei gjorde i lokala til Institutt for media og kommunikasjon rett før sommarferien. Medisinprofessor Arnstein Finset (t.v.), filmprodusent Morten Skoglund og skodespelarane Turid Riverz og Ann Elseth arbeider med opptaket.

Foto: Ola Sæther

Ein korridor på Institutt for media og kommunikasjon på UiO er gjort om til venterom. Kontoret til instituttleiaren er blitt til legekontor. Dette er opptaksstadene for to videosnuttar om korleis ein lege skal kommunisera best mogleg med ein pasient frå den aller første konsultasjonen. Bak produksjonen står Seksjon for medisinsk informatikk og

Den nye studiemodellen på medisin Oslo 2014:

-blir innført for nye medisinstudentar hausten 2014

-dei første to åra skal handla om det friske mennesket, før studentane begynner på sjukdomslære.

-integrasjon med klinisk medisin vil framleis vera eit berande element frå studiestart

-Oslo 2014 erstattar Oslo 1996, som la stor vekt på problembasert læring (PBL).

-dei studentane som begynner på den nye studiemodellen vil få bokstavkarakterar (A-F) på vitnemålet sitt. Sidan Oslo 1996 blei innført, har studentane berre fått bestått/ikkje bestått

medisinprofessor Arnstein Finset, som underviser i medisinske åtferdsfag.

– Dei to videopptaka skal visa dei ferske legestudentane kva som er ein god måte og kva som er ein dårleg måte å møta ein pasient på. I den nye studiemodellen på medisinstudiet blir dette noko av det første dei lærer, seier Arnstein Finset.

Bruker profesjonelle skodespelarar

I innspelinga av dei to videoane har Seksjon for medisinsk informatikk brukt dei profesjonelle skodespelarane Turid Riverz og Ann Elseth. Turid Riverz har også sjukepleiarutdanning. I videoane spelar ho legen, medan Ann Elseth er pasienten.

– Eg brenner for menneskeleg kommunikasjon. Å lytta til det pasienten seier er svært viktig for ein lege, slår Turid Riverz fast.

God augekontakt

Medisinprofessor Arnstein Finset er einig, og viser til at det er noko av det dei ynskjer å kommunisera til framtidas medisinstudentar.

– Det som kjenneteiknar ein god samtale mellom lege og pasient er at legen veit kven pasienten er og let pasienten snakka ut. Dessutan må legen ha god augekontakt med pasienten. Den dårlege samtalen er prega av at legen ikkje viser interesse for pasienten, men sit bak PC-en og ikkje ein gong gjer eit forsøk på å få augekontakt med pasienten. På den måten mister pasienten også all respekt for den dårlege legen, fortel Arnstein Finset.

Studiemodellen er delt inn i desse åtte modulane: Modul 1: Introduksjon og humanbiologi (50 stp). I tillegg blir det kravd ex.phil (10 stp).
Modul 2: Humanbiologi, førstehjelp og propedeutikk (60 stp)
Modul 3: Første integrerte kliniske modul (55 stp) inkludert elektiv periode (5 stp)
Modul 4: Nevrologi, auge, øyre-nase-hals (27 stp) fylgd av elektiv periode 
Modul 5: Psykiatri, rus, rettsmedisin, farmakologi (19 stp) og innlevering av prosjektoppgåve (20 stp)
Modul 6: Reproduksjon, kvinne-barn, global helse (30 stp)
Modul 7: Allmennmedisin, samfunnsmedisin og praksis (24 stp)
Modul 8: Andre integrerte kliniske modul (55 stp) og elektiv periode (5 stp)

Han er overtydd om at desse videosnuttane vil visa studentane kva som må til for at pasienten får tillit til legen og opplever han eller henne som profesjonelt dyktig. – Pasienten må bli tatt på alvor. Forsking viser at det er nettopp det som gir gode resultat i forholdet mellom lege og pasient, understrekar Finset.

 – Målet er betre legar

I byrjinga av legestudiet skal også studentane ut for å møta allmennlegar og sjå korleis dei møter

og behandlar pasientane sine. – Studentane skal også driva rollespel der dei spelar vekselvis rolla som lege og pasient. I det store og det heile handlar det om korleis ein kan få i gang ein god samtale. I den nye studieordninga vil me leggja endå meir vekt på klassisk kommunikasjon enn tidlegare. Målet vårt er at Noreg skal få endå betre legar, seier Arnstein Finset.

Dette er Seksjon for medisinsk informatikk:

Seksjonen har ansvaret for utvikling av e-læring og studieadministrative system for undervisninga ved Det medisinske fakultetet. Seksjonen er også involvert i forskingsarbeid og matematisk modellering og ultralyd-fosterdiagnostikk.

Seksjonen har desse medarbeidarane:

Medisinprofessor Per Grøttum

Pedagogikkprofessor Sten Ludvigsen

Overingeniør Jan Guttulsrud

Overingeniør Morten Skoglund

Filmfotograf Morten Skoglund i e-læringsgruppa står bak opptaka. Dei to videosnuttane får premiere under studiestarten den 18. august.

 

 

 

 

Emneord: Studieforhold, Undervisning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 29. juli 2014 17:07 - Sist endra 29. juli 2014 17:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere