Kulturell fargeeksplosjon i Chateau Neuf
Dans, song, mat og kampsport var stikkorda for kulturkvelden til Den internasjonale sommarskulen ved UiO før helga.

INDONESIA: Desse dansarane er studentar frå Indonesia.
570 studentar frå 86 land deltar på Den internasjonale sommarskulen ved UiO i sommar. Sist fredag deltok mange av dei på kulturkvelden på Chateau Neuf. I foajeen blei det servert mat og drikke frå 23 land.
BRASIL: Desse tre studentane song bossanova frå Brasil.
Etterpå blei det dans, song og kampsport med deltakarar frå 15 ulike land. Og både studentar på Den internasjonale sommarskulen og andre interesserte blei inviterte, slik at Storsalen, som har 1000 sitjeplassar var nesten full.
MYANMAR: Denne studenten viste kampsport frå Myanmar, tidlegare kjend som Burma.
Kulturkvelden varte i nesten to timar, og salen var prega av god stemning og masse applaus til dei som stilte opp på scenen. Programmet blei fint leidd av Bridget Pereira frå Malaysia og Rim Dawa frå Syria.
ETIOPIA: Desse tre jentene framførte dansar frå tre forskjellige etniske grupper i Etiopia.
I år er det 64. gongen Den internasjonale sommarskulen blir arrangert. Ingenting tyder på at søkjartala til skulen går ned. Den 31. juli vil dei seks vekene med sommarskule vera over for denne gong. Då blir det avslutningsfest for alle deltakarane. Det skjer i Ole-Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen.
GOD STEMNING: Det var god stemning i foajeen i Chateau Neuf før kulturkvelden begynte. Studentane tok bilete av kvarandre for å få med seg gode minne heim.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere