Utstillinga Heavy metal & Punk fossils blei opna av øglegravar Jørn Hurum i godt samarbeid med tungrockgruppa Magister Templi fredag 25. juli. Dei som besøkjer utstillinga vil sjå ein dinosaurus som er kalla opp etter Mark Knopfler og ein trilobittmodell i stor storleik, der kvar del ber namnet til medlemane i punkegruppa Sex Pistols.
Mannen bak utstillinga er Mats Eriksson frå Lunds universitet, som har kalla dei siluriske børsteormane Kalioprion kilmisteri og Kingnites diamondi opp etter Lemmy Kilmister frå Motorhead og den danske metal-legenden King Diamond. Ingen av dei slår likevel superhelten til naturviskapsfolka. Charles Darwin. Han har 220 artar kalla opp etter seg, peika Jørn Hurum på, då han opna utstillinga. Den er utvikla av Jesper Milán, Geomuseum Faxe og Esben Horn, 10tons.
Les meir om utstillinga Heavy metal & Punk fossils
Logg inn for å kommentere