Beredskapsgruppa på UiO har daglege møte om terrortrugsmålet

Den sentrale beredskapsgruppa ved Universitetet i Oslo heldt eit møte rett etter at terrortrugsmålet mot Noreg blei kjent sist torsdag. Då gjekk gruppa gjennom eigen beredskap og diskuterte moglege tiltak.

I BEREDSKAP: I vår hadde beredskapsgruppa ved UiO ei katastrofeøving. Etter at terrortrugsmålet mot Noreg blei kjent, har beredskapsgruppa hatt daglege møte. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sit lengst til venstre på biletet, (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det går fram av eit brev UiO-leiinga har sendt til Kunnskapsdepartementet.

Alle universitet og høgskular fekk før helga melding frå Kunnskapsdepartementet om å senda inn eit oversyn over beredskapsplanar i samband med terrortrugsmålet mot Noreg. Fristen blei sett til i dag klokka 15.00.

Styrkt vakthald

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sende godt innanfor fristen eit brev til Kunnskapsdepartementet med det oversynet departementet bad om. Av brevet går det fram at UiO etter møtet i beredskapsgruppa har sett i verk fleire tryggingstiltak, mellom anna styrkt vakthald og avgrensa tilgang til universitetsbygningane. Tiltaka vil halda fram på ubestemt tid og blir vurderte heile tida.

Daglege møte

Universitetsdirektøren understrekar også at UiO har ein omfattande og solid beredskapsplan som omfattar heile universitetet. Det blir også vist til at kvar eining, inkludert fakulteta, musea og biblioteket, har eigne beredskapsplanar.  «Den sentrale beredskapsgruppen møtes nå daglig for å vurdere situasjonen fortløpende», står det i brevet frå universitetsdirektøren til Kunnskapsdepartementet. Arbeidet med å oppdatera UiOs planar for trygging og beredskap, skal vera ferdig hausten 2014. Det skjer heilt uavhengig av beredskapsvarselet som blei sendt ut av Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) før helga.

Har kontakt med PST og politiet

I denne saka er Universitetet i Oslo i dialog med både politiet og PST. Dessutan vil UiO snart ha eit møte med Oslo kommune for å diskutera situasjonen og moglege nye tiltak på grunnlag av dette.

250 000 personar kan bli råka

Om terrortrugsmålet varer fram til studiestart 11. august, vil over 250 000 personar på 33 universitet og høgskular over heile landet bli råka, melder NRK i dag.

NTNU i Trondheim var først ute med å senda inn oversynet over sine beredskapsplanar til Kunnskapsdepartementet. Det skjedde allereie i går.

 

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe viser også til at Vaktsentralen ved UiO har vakt døgnet rundt og kan treffast på telefon 22 85 66 66.

Emneord: Studentforhold, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. juli 2014 15:20 - Sist endra 28. juli 2014 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere