Universitetsstyret vil ikkje ha ny behandling av prorektorsaka
Universitetsstyret finn ikkje noko grunnlag for å ta opp att saka om avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld. Det går fram av ei pressemelding frå UiO.

IKKJE GRUNNLAG: Universitetsstyret finn ikkje noko grunnlag for å ta opp at saka om avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld. UiO-rektor Ole Petter Ottersen ser i etterkant at styret kunne ha brukt meir tid på handsaminga av saka.
For sju veker sidan gjekk prorektor Ruth Vatvedt Fjeld av som prorektor ved Universitetet i Oslo. Ifylgje den offisielle versjonen gjekk ho av av personlege grunnar. Sjølv har ho hardnakka insistert på at ho valde å søkja avskil av faglege grunnar og arbeidsoppgåvene ho fekk. I ettertid er det blitt diskutert om Universitetsstyret i handsaminga av denne saka, hadde høve til å fylgja innstillinga frå valstyret om å fråvika valreglementet som seier at i slike tilfelle skal det lysast ut nyval.
I dag hadde Universitetsstyret ein ny gjennomgang av prorektorsaka under møtet i Baroniet Rosendal. Den samrøystes konklusjonen er at styret ikkje finn nokon grunn til å opna saka på nytt eller å fråvika innstillinga frå valstyret. Samtidig ser styret fram til den varsla gjennomgangen av valreglementet ved UiO.
UiO-rektor Ole Petter Ottersen vedgår at Universitetsstyret kunne brukt meir tid på saka.
– Eg er glad for at Universitetsstyret har gått gjennom denne saka på nytt og at styret har kome til ein klar konklusjon. Dette har vore ei kompleks og vanskeleg sak og i etterkant er det lett å sjå at me kunne ha brukt meir tid på handsaminga av saka i Universitetsstyret, seier Ottersen. Han vil no lyfta blikket inn i framtida.
– No vil me sjå framover og konsentrera oss om dei strategiske utfordringane UiO står overfor, understrekar han.
Les fleire saker om prorektorsaka:
- Jeg er åpen for at jeg kan ha tatt feil
* Universitetsstyret er ikke helt ferdige med prorektorsaken
* – Loven tilsier at prorektor burde søkt om å fratre
* TF-dekan: – UiO var i en tvangssituasjon og valgte enkleste vei ut
* – Prøvde å pynte på en sak som er ubehagelig for rektor
* Trakk seg som prorektor – reagerer på UiOs versjon
* Brøt reglementet for å hindre nytt rektorvalg – nå kan reglementet bli endret
Alle Uniforums artikler om eller med Ruth Vatvedt Fjeld
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere