UiO set på pauseknappen for millionprosjektet XPAND

UiO tar pause i arbeidet med nytt verktøy for eigedomsforvaltning.  Prosjektet har så langt kosta over tolv millionar kroner.

BETRE DOKUMENTASJON: – Formålet med XPAND er å få ein felles, oppdatert dokumentasjon over eigedomane våre, seier underdirektør Britt Amundsen Hoel, som er leiar for styringsgruppa.  Ho avviser at det kan brukast til å kontrollera dei tilsette.

Foto: Ola Sæther

– Me hadde behov for ein tenkjepause, slik at me som nytilsette direktørar kunne få prosjektet meir under huda, seier leiar for styringsgruppa Britt Amundsen Hoel til Uniforum.

Det var i 2009 Eigedomsavdelinga ved UiO sette i gang arbeidet med prosjektet XPAND. Det er eit prosjekt for å innføra eit system for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU). Målet var å få eit meir effektivt verktøy for å ta vare på hovudansvarsområda til Eigedomsavdelinga. Det vil seia forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling og service av universitetseigedomane. Etter at prosjektet er i hamn, skal det bli langt lettare for Eigedomsavdelinga å ha eit samla oversyn over løpande arbeidsoppgåver både med bygningar og uteareal på UiO.

Har kosta over 12 mill. kr.

Sidan prosjektet starta opp, er det blitt brukt 12,4 millionar kroner. Rundt halvparten av pengane, 6,2 millionar har gått til konsulentselskapet Optiofm AS. Det viser eit oversyn

Dette er XPAND:
Eit dataverktøy for forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling og service (FDVUS ) ved UiO
Eigedomsdirektør John Skogen har nettopp bede om ein pause i  prosjektet som blei starta i 2009. 
XPAND er eit såkalla FDVUS-verktøy:
Dette er definisjonen på FDVUS (Forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling og service):

        • Forvaltning omfattar leiing, planlegging, organisering og kontroll av det totale FDVU-arbeidet.
        • Drift omfattar dei aktivitetane som er nødvendige for å oppretthalda bygningen med sine tekniske installasjonar på eit bestemt funksjonsnivå. Drift omfattar aktivitetar som blir utførte med frekvensar som er kortare enn eitt år.
        • Vedlikehald er aktivitetar som er nødvendige for å oppretthalda bygningen med sine tekniske installasjonar på eit bestemt kvalitetsnivå. Vedlikehald omfattar aktivitetar som blir utførte med frekvensar som er lengre enn eitt år.
        • Utvikling omfattar tiltak som er nødvendige for å oppretthalda bygningen sin bruksverdi over tid. Det vil seia endringar som ikkje er ei fylgje av slitasje, men endra krav, anten lovfeste eller brukardefinerte.
        • Service  omfattar alle tenester som ikkje er byggrelaterte, men som støttar opp om kjerneverksemda.

som Uniforum har fått tilgang til. Så langt er det ikkje kome noko oversyn over kor store lokale ressursar som er blitt brukte på prosjektet. No har altså XPAND tatt ein pust i bakken. Eigedomsdirektør John Skogen seier til Uniforum at dei førebels har sagt opp avtalen med konsulentane, slik at dei ansvarlege i Eigedomsavdelinga kunne setja seg saman og bli einige om korleis prosjektet skal vidareførast. Det stadfestar også leiar for styringsgruppa, og underdirektør Britt Amundsen Hoel i Eigedomsavdelinga.

– Formålet med XPAND er å få ein felles oppdatert dokumentasjon over eigedomane våre. Det er svært viktig ikkje minst når det gjeld brannsikring. Dessutan vil det bli lettare for dei tilsette å melda inn til dømes lekkasjar på toaletta eller om eit defekt ventilasjonsanlegg når dette dataverktøyet er på plass. For oss vil det vera svært nyttig til alle oppgåver som har å gjera med produksjon, vedlikehald og drift, fortel Amundsen Hoel.

Får betre oversyn over arbeidsoppgåvene

Gjennom denne reiskapen vil det vera mogleg å leggja inn når det er behov for å skifta ut gamle røyr med nye, og når det er på tide å utføra andre vedlikehaldsoppgåver på bygningane til UiO. Førebels kan ho ikkje seia når arbeidet med dette verktøyet vil vera avslutta, men arbeidet tar til igjen etter ferien. – Me held på med å laga ein oppdatert tidsplan, som truleg blir klar i løpet av sommaren. 
– Så prosjektet er ikkje kansellert?
– Nei, det er på ingen måte kansellert.
– Tenestemannslaget på UiO meiner at dataverktøyet kan brukast til å overvaka dei tilsette. Kva kommentar har du til det?

– UiO har ingen planar om å bruka eit slikt system for å kontrollera dei tilsette. Derimot skal det støtta arbeidskvardagen til dei tilsette gjennom enklare tilgang til dokumentasjon og historikk.

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Personalpolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2014 16:48 - Sist endra 19. juni 2014 09:40

Logg inn for å kommentere