Likevel har Tenestemannslaget ved Universitetet i Oslo heile tida vore med i arbeidsgruppa for prosjektet.
– Den viktigaste grunnen til det er å hindra at systemet blir brukt til overvaking og måling av tilsette, seier Dalen og Mathiessen. Geir Mathiessen er NTL-tilittsvald i NTL og har notert seg at allereie no ser det ut som om alle beskjedar og meldingar mellom driftsleiarane og Eigedomsavdelinga vil skje i eit system som er ope for alle.
– Me er redde for at det fører til at dei tilsette i avdelinga føler at dei blir passa på, seier Mathiessen. Med eit system som kjem med retningslinjer for kva arbeidsoppgåver som kan målast, trur dei at konsekvensane kan bli alvorlege.
Tar berre arbeidsoppgåver som kan målast
– Me fryktar at dei tilsette berre vil ta på seg arbeidsoppgåver som kan målast. Dermed blir det nedprioritert å utføra førefallande oppgåver som å kosta inngangen fri for snø på veg inn i ein bygning for å skifta ei lyspære, trur dei. Etter deira overtyding vil styring gjennom slike system føra til at kvar tilsett gjer berre det som dei blir målte på i staden for det det er behov for. – Trivsel handlar om å føla nær tilknyting til verksemda. Me er visse på at effektiviteten går ned med ein slik måte å leia tilsette på, seier Dalen og Mathiessen.
– Har NTL pressa på for å stansa innføringa av XPAND?
– Nei, me har ikkje pressa på for å stansa XPAND, berre for å stoppa den individualiserte rapporteringa.
– Blir sjukmelde
Begge peikar på at Eigedomsavdelinga valde å oppretta eit brukarsenter og flytta oppgåver frå områda til brukarsenteret før dei visste kva XPAND kunne og ikkje kunne bidra med. Fordelinga av oppgåver mellom bygningane og brukarsenteret er ikkje gjort, og det skaper frustrasjon hos alle partar. – Ved brukarsenteret er mange av dei tilsette blitt sjukmelde som ein direkte konsekvens av dette.
– Kva system vil de ha i staden?
– Me vil ha eit system som ikkje gjer det mogleg for leiarane å ta ut rapportar på enkeltindivid. Universitetsleiinga må ta ansvar for personalpolitikken og leiingsmetodane, meiner NTL-leiar Ellen Dalen.
Logg inn for å kommentere