Sentralbanksjef Øystein Olsen: - Ingen bankar bør lovast evig liv

- Ingen bankar bør lovast evig liv, gjentok sentralbanksjef Øystein Olsen då han repeterte årstalen for studentar frå UiO, HiOA og BI i formiddag. Han opplyste at eit system for ei ansvarleg avvikling av bankar som går dårleg, er på veg.

FULLSETT AUDITORIUM: Sentralbanksjef Øystein Olsen hadde eit stort publikum då han repeterte årstalen i Eilert Sundts hus på Blindern.

Foto: Martin Toft

Det var fullt av studentar og UiO-tilsette i auditorium 1 i Eilert Sundts hus då sentralbanksjef Øystein Olsen repeterte den tradisjonelle årstalen sin. Både UiO-rektor Ole Petter Olsen og dekan Fanny Duckert helsa det tidlegare styremedlemet i Universitetetsstyret  varmt velkommen. Frå Ole Petter Ottersen kom det også  ei oppfordring om at sentralbanksjef Øystein Olsen ikkje berre burde sjå på den finansielle berekrafta i verda, men også på den sosiale og miljømessige berekrafta. Ottersen viste til den nyleg publiserte rapporten frå The Lancet og UiO om korleis politikarar mellom anna i Hellas, har nedprioritert helsetenestene når dei har fått kniven på strupen og må kutta i dei offentlege budsjetta sine.  Sentralbanksjef Øystein Olsen lytta, men lova ingenting.

Det som var nytt i høve til fjorårets årstale var nyhendet om at Noregs Bank i samarbeid med Finansdepartementet er i ferd med å foreslå eit system for styrt avvikling av bankar som går med så store tap at dei ikkje lenger har livets rett.  - Eit slikt system skal sikra at kundane ikkje taper pengane sine, men at sparepengar og lån kan overførast til andre bankar. - Ingen bankar bør lovast evig liv. Om marknaden skal fungera, er det viktig at det er enkelt å etablera seg, men at dei bankane og andre selskap som går med tap, kan gå ut av marknaden. Noregs Bank innstiller på at ei eiga eining under Finansdepartementet skal få denne oppgåva, sa Øystein Olsen til dei unge tilhøyrarane på Blindern.

Les heile årstalen til sentralbanksjef Øystein Olsen.

Emneord: Økonomi, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2014 13:36 - Sist endra 20. feb. 2014 14:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere