Forskarar arbeider meir enn dei har lov til

Forskarar arbeider i gjennomsnitt 47,6 timar i veka. Menn arbeider ein time meir enn kvinner. Det viser ei undersøking Arbeidsforskingsinstituttet har gjort for Kunnskapsdepartementet.

NYORGANISERING: Både statsråd Tora Aasland og UiO-rektor Ole Petter Ottersen er einige om at det kan vera mogleg å organisera arbeidstida for forskarar på andre måtar enn i dag. Til høgre: Bjarne Hodne, leiar for Forskarforbundet.

Foto: Martin Toft

Det var forskingsleiar Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet som i går presenterte førebelse tal frå ei undersøking som skal kartleggja arbeidsvilkåra og tidsbruken til forskarar i universitets- og høgskulesektoren. Kunnskapsdepartementet er oppdragsgjevaren og heile undersøkinga blir offentleggjort den 15. desember. Dei første smakebitane frå kartlegginga blei publiserte på frukostseminaret til fagforeininga Unio onsdag formiddag.

Kvinner forskar mest i vanleg arbeidstid

Undersøkinga slår altså fast at mannlege forskarar i 2010 hadde ei arbeidsveke på 48 timar, medan dei kvinnelege kollegaene deira arbeidde 47 timar i veka. Tala viser at mesteparten av arbeidet går føre seg i vanleg arbeidstid mellom 8.00 og 16.00. Likevel viser funna at etter leggjetid for barna, aukar forskingsaktiviteten igjen. Kvinnelege forskarar arbeider mykje mindre etter vanleg arbeidstid enn dei mannlege kollegaene gjer, men dei arbeider like mykje i helgane.

– Det vil seia at kvinnene prøver å få gjort unna alt arbeidet i løpet av ein vanleg arbeidsdag, sa Egeland.

I den perioden som blei undersøkt hadde undervisningstida for forskarane auka frå 30 til 32 prosent, medan forskingstida hadde gått ned frå 29 til 28 prosent.

– Men om ein hadde inkludert rapportering til Forskingsrådet i forskingstida, ville forskingstida ha vore høgare enn undervisningstida, fortalde Egeland.

Leiaren for Forskarforbundet, Bjarne Hodne reagerer sterkt på at forskarar har ei arbeidsveke på 47,6 timar.

– Dette er ti timar meir enn avtalefesta arbeidstid for statsstilsette og nesten åtte timar over den lovlege grensa som Arbeidsmiljølova tillét, sa han i ein debatt med mellom andre forskingsminister Tora Aasland etter at innhaldet i undersøkinga var blitt kjent.

– Forskarar blir på denne måten tvungne til å bryta lova for å utføra det arbeidet dei ikkje får tid til å gjennomføra i den vanlege arbeidstida. Dette er ein situasjon som ikkje er haldbar for medlemane våre, uttaler Bjarne Hodne i ei pressemelding frå Forskarforbundet.

Han oppmodar samtidig statsråd Tora Aasland til å gripa inn og innføra tiltak som sikrar at forskarane ikkje bryt lova.

– Vil ikkje overstyra

I debatten etterpå understreka derimot Tora Aasland sterkt at ho overlet det ansvaret til institusjonane.

– Det er viktig at statsråden ikkje overstyrer ansvaret som universiteta og høgskulane har til å passa på at dei tilsette ikkje arbeider for mange timar over vanleg arbeidstid, peika ho på. Ho tykte også det var gledeleg å observera at tida som dei tilsette brukte til administrasjon var gått ned i den perioden som var undersøkt.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen var overtydd om at ein av grunnane til den store arbeidsbøra til dei vitskaplege tilsette, var innføringa av Kvalitetsreforma i 2003.

– Me har enno ikkje vitskaplege grunnlag for å seia det heilt sikkert, men dei stikkprøvane me har gjort, tyder på at det blei ei større arbeidsmengd for forskarane etter at Kvalitetsreforma blei sett i verk, meinte han.

– 50/50-fordeling står fast

Ottersen kom med to forslag til korleis det var mogleg å få utnytta arbeidstida til forskarane betre enn i dag.

– Det må vera mogleg å organisera arbeidstida slik at ein til dømes har eitt heilt år som forskaren berre kan bruka til forsking, og så eit heilt år berre til undervisning. Då får dei samanhengande tid til begge delar i ein lang periode.

– Om me hadde fått nok pengar til å investera i nytt utstyr fortløpande, ville det også ført til at me hadde spart inn mykje forskingstid på til dømes naturvitskap og medisin. Eit tipp-topp mikroskop vil spara mykje tid for forskarane på dei fagområda. Eg vil også poengtera at kvar einskild forskar har ansvaret for å organisera arbeidstida si. Og UiOs politikk og prinsipp om ei 50-50-fordeling av forsking og undervisning står framleis fast på vår institusjon, understreka han.

Statsråd Tora Aasland kom UiO-rektoren delvis i møte.

– Me er opne for alle gode forslag til korleis det skal vera mogleg å fordela tid til undervisning og forsking betre. For begge delar er svært viktige. Og eg har notert meg at både Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen er godt på veg med arbeidet for å utvida handlingsrommet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikk, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. nov. 2011 16:11 - Sist endra 1. des. 2011 11:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere