– ”Hard asfalt” blei godkjend som forsking

– Arbeidet med romanen og den seinare filmen ”Hard asfalt” er noko av det kjekkaste me har gjort i heile forskarkarrieren vår. Det seier kriminologiprofessorane og forfattarane Cecilie Høigård og Liv Finstad ved UiO, 25 år etter filmpremieren på ”Hard asfalt.” I helga blir filmen vist på Cinemateket i Oslo.

NARKOMAN: Skodespelar Kristin Kajander som narkomane Ida Halvorsen i filmen ”Hard asfalt”.

 

Foto: Frå den norske filmen "Hard asfalt"

Tidleg på 1980-talet kom den narkomane jenta Ida Halvorsen inn på kontoret til forlagsredaktør Birgit Bjerck i Pax med to bereposar fulle av papir med notat frå livet hennar. Like etterpå ringde Bjerck til kriminologiforskaren Liv Finstad.

– Eg har besøk av ei svært interessant dame på kontoret mitt. Henne må du treffa, fortalde ho. På den tida arbeidde eg med eit forskingsprosjekt om prostitusjon”, finansiert av dåverande Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF). Eg heldt akkurat på med å sjå på halliksida av det miljøet. Sidan Cecilie Høigård og eg  heldt på med prostitusjonsprosjektet saman, blei ho med på det første møtet med Ida Halvorsen, seier Liv Finstad.

– Eit puslespel

– Sjølv heldt eg på med å samla inn materiale til ”Bakgater”. Prosjekta våre var truleg grunnen til at me begge blei godtatt av Ida Halvorsen som dei som skulle setja saman alle notata hennar, slik at det kunne bli ein roman, fortel Høigård. Dei fann med ein gong ut at det var inga enkel oppgåve. – Det var litt av eit puslespel. Ho hadde skrive notat på kvitteringar, identitetspapir, serviettar og andre små papirlappar. Me måtte rekonstruera dei, seier Finstad. Ida Halvorsen kunne koma med supplerande, munnleg informasjon.

– Godtatt som forsking

– Det hende me bad henne om å fortelja kva ho gjorde eller tenkte i ulike situasjonar. Ho hadde eit svært rikt språk, og på den måten kunne forteljinga bli endå meir fargerik, fortel Høigård.

Då boka kom ut i 1982, kom den raskt på salstoppen og selde 70 000 eksemplar i løpet av eit par månader.

– Det som er sikkert, er at me ikkje kunne ha skrive boka ”Hard asfalt” om me ikkje tidlegare hadde forska på prostitusjonsmiljøet i hovudstaden. På den måten var det fint at NAVF godtok at me la fram ”Hard asfalt” som ein del av forskingsmaterialet frå forskingsprosjektet vårt, seier Finstad.

– UiO betalte lønna mi som forskar i kriminologi, så indirekte var universitetet også med på finansieringa av boka, peikar Høigård på.  

– Boka har også vore ein inngangsport for oss både når me har forska på taggarmiljøet og prostitusjonsmiljøet i Oslo. Det er utruleg mange ungdommar som har skrive særoppgåve om den boka, legg ho til.

Frå bok til film

Men eventyret ”Hard asfalt” stoppa ikkje der.

– Produsenten John. M. Jacobsen ville gjerne filmatisera boka, og hyra inn Sølve Skagen som regissør. Me blei henta inn som manuskonsulentar, men det blei sjølvsagt Sølve Skagens film. Han fortalde oss at han kunne ha laga minst fem ulike historier utifrå romanen, men han valde til slutt å lata filmen handla om den valdelege kjærleikshistoria mellom Ida Halvorsen og kjærasten hennar, minnest Høigård.  

– Korleis går det med kvinna bak psevdonymet Ida Halvorsen i dag?

– Ho er ein av dei to personane i boka som framleis lever. Meir enn det vil me ikkje fortelja om henne, for me bestemte tidleg at ho ikkje hadde noko rapporteringsplikt overfor det norske samfunnet om det vidare livet sitt, seier Finstad og Høigaard.

Filmen blei også ein kjempesuksess og spelte inn 1,5 millionar kroner den første veka.

– Det var nokon som hadde funne ut at det var den største, norske filmsuksessen før ”Veiviseren”, nemner Finstad.

Drøymde om Hollywood

– Faktisk så blei den nominert som Noregs Oscar-kandidat i klassen for beste utanlandske film. Me drøymde vel begge om at me skulle gå opp den raude løparen under Oscar-utdelinga i Hollywood, ler dei.

Både Liv Finstad og Cecilie Høigård er i høgste grad engasjerte i norsk narkotikapolitikk, og har god kontakt både med politiet og stoffbrukarar. Dei meiner i alle fall at ein del ting har forandra seg samanlikna med korleis det var for 25 år sidan.

– I dag er det utanlandske kvinner som har overtatt store delar av prostitusjonsmarknaden. Dei er ikkje narkomane, men dei gjer det heller ikkje for å ha det gøy på jobben. På ein del måtar er det dei same mekanismane som har ført dei ut i prostitusjonen, som gjorde at dei narkomane kvinnene måtte ty til den utvegen for 25 år sidan, konstaterer Høigård.

– Offer og sjuke

Både ho og Finstad har notert seg ei positiv endring i høve til situasjonen for 25 år sidan.

– No blir dei narkomane oftare sett på som offer og sjuke, ikkje som syndarar og slabbedaskar. Dessutan behandlar politiet dei også langt betre enn før. Rett nok er det ryddeaksjonar kvar vår på Plata og av og til langs Akerselva. Men biletet er langt meir dobbelt, og mange polititenestemenn meiner at stoffbrukarar heller er ei oppgåve for helse- og sosialetaten. Det er sett i gang legemiddelassistert rehabilitering (LAR) av narkomane. Pasientrettslova gjeld også for dei narkomane. Dette blir dessverre underkommunisert nedover til saksbehandlarane hos NAV. Difor får dei framleis ei vilkårleg og dårleg behandling der, synest dei to kriminologiforskarane.

– Halvhjarta narkotikapolitikk  

Eit teikn på at narkotikapolitikken ikkje fungerer, er at Noreg og Sverige er på toppen av statistikken over talet på overdosedødsfall i Europa.

– Etter at Stoltenberg-utvalet foreslo heroinbasert behandling, har eit regjeringsutval konkludert med at det likevel ikkje kan tilrå dette. Og det skjer trass i at internasjonal forsking viser at det vil føra til ei betring i situasjonen for dei tunge narkomane. Det er skuffande. Narkotikapolitikken blir ganske halvhjarta, altfor mykje blir overlate til politiet og domstolane. Norske fengsel blir dermed fylte opp med fattige stoffbrukarar, meiner dei.

Sundag 11. september klokka 18.00 deltar dei i ein debatt og framsyning av filmen ”Hard asfalt ” i Cinemateket i Oslo. Då vil både skodespelaren Kristin Kajander, som spelte Ida Halvorsen, og regissør Sølve Skagen vera til stades.

– Det blir interessant å sjå filmen med nye auge 25 år etter premieren. Me gler oss, seier Finstad og Høigård.

 

Emneord: Litteratur (skjønn-) og forfattere, Forskningsformidling, Kriminologi og rettssosiologi, Kultur Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2011 14:21 - Sist endra 12. sep. 2011 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere