– Terroraksjonane gav oss ei ekstra utfordring

– Då bomba gjekk av i Regjeringskvartalet like etter at skuledagen var over fredag 22. juli, prøvde me å finna ut om nokon av studentane hadde vore på feil stad på feil tid. Heldigvis hadde det gått bra med alle, fortel Einar Vannebo, som er direktør for Den internasjonale sommarskulen ved UiO.

EIT SJOKK: – Studentane oppfatta Noreg som ein fredsoase og Oslo som fredshovudstaden, så desse terroraksjonane kom som eit stort sjokk på dei også, konstaterer direktør Einar Vannebo ved Den internasjonale sommarskulen, UiO.

Foto: Ola Sæther

Over 600 studentar frå heile verda kom også denne sommaren til Oslo for å ta eit kurs ved Den internasjonale sommarskulen ved UiO. Mange kom frå urolege land, og såg fram til å koma til det fredelege landet Noreg og fredsbyen Oslo.

– Det er klart at dei reagerte med sjokk på bombeåtaket mot Regjeringskvartalet, men dei reagerte endå sterkare på nedslaktinga av ungdommar på deira eigen alder eller endå yngre på Utøya, seier direktør Einar Vannebo. Ingen av dei valde likevel å dra heim igjen.

– Samla alle den same kvelden

– Nei, me hadde møte med dei den same kvelden som bomba gjekk av og fekk straks oversyn over alle studentane våre, og dei var alle sjokkerte, men uskadde. Me bad dei straks om å ta kontakt med familie og venner i heimlandet sitt for å fortelja at dei hadde det bra. Måndagen etter terroraksjonane hadde me ei samling for norskstudentane der me orienterte om siste nytt i saka, og så song me ”Til ungdommen”, fortel han. Vannebo legg til at skulen seinare i veka hadde eit møte for alle studentane med direktør for Fredsforskingssenteret, Kristian Berg Harpviken til stades, og alle som ville kunne stilla han spørsmål.  

– Eit sjokk

– Studentane oppfatta Noreg som ein fredsoase og Oslo som fredshovudstaden, så desse terroraksjonane kom som eit stort sjokk på dei også, konstaterer han. Den internasjonale sommarskulen oppdaterte heile tida nettsidene sine, slik at alle skulle vera orienterte om det som hadde skjedd.

– Jubileumspreg

Bortsett frå det har undervisninga ved Den internasjonale sommarskulen gått som planlagt.

– Den har i stor grad bore preg av 200-årsjubileet til Universitetet i Oslo. Difor har dei fått vita mykje om UiOs historie. Ja, me har til og med lagt det inn i ein kombinasjon av ein quiz og ein sporleik som me har hatt på universitetsområdet. Då måtte dei  mellom anna finna ut kven som har laga Peer Gynt-statua. Og i lytteprøven i eksamen i norsk, handlar det om jubileet, avslører Vannebo.

– Flott

Studentane Noon Sharif Ali frå Darfur i Sudan, Nigar Latifova frå Baku i Aserbajdsjan og Wayne Johnson frå San Diego i USA, er glade for at dei blei tatt opp som studentar ved Den internasjonale sommarskulen til UiO.

– Det har vore flott å møta folk frå forskjellige land og kulturar. Dessutan har det vore interessant for meg å observera forholda mellom mann og kvinne i det norske samfunnet, som er ganske annleis enn i det landet eg kjem frå, fortel Noon Sharif Ali.

– Møtte folk frå heile verda i Oslo

Nigar Latifova, som også er student ved Universitetet i Agder i Kristiansand, har drøymt om å besøkja alle verdas land.

– Eg fann ut at det var heilt umogleg. Då er det betre og langt billegare å treffa folk frå nesten alle verdas land på Sommarskulen i Oslo. Her føler eg meg ikkje som ein person frå Aserbajdsjan, men som ein del av ein stor familie, synest ho.

– Lærte mest utanfor klasserommet

Wayne Johnson som er frå San Diego, men studerer ved University of Minnesota, har ei litt anna vinkling på sine inntrykk.

– Eg har faktisk lært langt meir utanfor klasserommet enn i klasserommet. Samværet og fellesskapen med dei andre studentane i fritida har gitt meg masse ny kunnskap. Eg har lært mykje om norsk kultur. Folk har vore vennlege og gjestfrie overfor oss. Så det var ei god investering og eit rett val å velja Den internasjonale sommarskulen i Oslo, slår han fast.

Alle tre er svært takksame for at dei fekk sjansen til å vera studentar på Sommarskulen, og at så mange tilsette har gjort så mykje for at dei skal trivast.

– Me kjem gjerne tilbake, lovar dei. I går blei sommarskulen avslutta med eksamenar og avskilsfest.

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 5. aug. 2011 13:50 - Sist endra 5. aug. 2011 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere