Superstjerna Noam Chomsky kjem til UiO

Verdas mest kjende språkforskar, Noam Chomsky skal halda forelesingar på Universitetet i Oslo måndag 5. og tysdag 6. september. – Han er nok den mest kjende og mest renommerte forskaren innanfor humaniora og samfunnsvitskapen, seier filosofiprofessor Olav Gjelsvik ved Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) til Uniforum.

AKADEMISK SUPERSTJERNE: Noam Chomsky blir rekna som dagens aller viktigaste forskar innanfor humaniora og samfunnsvitskapen.  Den 5. og 6. september held han tre foredrag på Universitetet i Oslo.

Foto: chiropracticinmarylebone.com

82-åringen Noam Chomsky er i dag pensjonert professor i språkvitskap ved Massachusetts Institute of Technology (MiT) i Boston. Han har også akademiske stillingar ved andre amerikanske universitet, som til dømes, Caltech, California Institute of Technology. Chomsky er kjend for å ha hatt ein enorm innverknad på utviklinga av språkvitskapen. Dessutan har teoriane hans hatt mykje å seia for forskinga både i filosofi, psykologi og i andre samfunnsfag. Ifylgje Wikipedia har teoriane hans også hatt mykje å seia både for informatikk og matematikk. Chomsky er også ein aktiv og svært radikal samfunnsdebattant.

– Stort for oss

Filosofiprofessor Olav Gjelsvik er svært nøgd med at senteret han leier. Centre for the Study of Mind in Nature har lykkast i å invitera språkvitskapen si superstjerne til Noreg.

– Det er svært stort for oss. Chomsky skal markera opninga av semesteret ved senteret med å halda foredraget ”The Machine, The Ghost and the Limits of Understanding Newton’ s Contribution to the Study of the Human Mind” i Sophus Lies auditorium måndag 5. september kl. 16.00. Me håpar så mange som mogleg vil koma for å høyra han. Dei som ikkje har høve tll å møta han der, vil kunna møta han dagen etter i Studentersamfundet i Chateau Neuf, der han skal halda eit foredrag om USAs fall som supermakt. I tillegg skal Noam Chomsky også ha eit eige språkvitskapleg foredrag for fagmiljøet i språkvitskap tysdag formiddag, opplyser Gjelsvik til Uniforum.

– Mellom dei ti meste lesne akademikarane

Sjølv har han aldri møtt Noam Chomsky tidlegare. Men han er opptatt av korleis han har påverka både språkvitskapen og filosofien med teoriane sine. – Chomsky er berømt for å ha utvikla tre viktige trinn i språkvitskapen. Han har på ein måte gått vidare og forska meir på dei teoriane han sjølv har lansert. I dag har teoriane hans stor påverknadskraft i filosofien. Han har utvikla ein stor og allmenn, teoretisk konsepsjon ut frå sine eigne teoriar og ståstader og er inspirert av mellom andre rasjonalistiske filosofar som Descartes. Ein illustrasjon på kor viktig han er, er lista over dei ti mest lesne forskarane i verda. Noam Chomsky er den einaste nolevande forskaren på den lista. Dei andre er avdøde forskarar og politiske tenkjarar, som til dømes Platon, Kant og Darwin, forklarar Gjelsvik.

Samtidig som Noam Chomsky bygde seg opp til å bli ein av verdas fremste forskarar, mottok moderinstitusjonen hans store pengeoverføringar frå Pentagon, altså Det amerikanske forsvarsdepartementet.

– I dag seier Noam Chomsky at den akademiske fridomen og ytringsfridomen var større på universitetet i den tida enn i dag. I dag er dei meir interesserte i å kontrollera det forskarane seier og gjer av omsyn til sponsorar, eksterne finansieringskjelder og skulepengane frå studentane, seier Gjelsvik. No oppfordrar han alle som kan, til å delta på forelesingane til Noam Chomsky.

– Folk må vera tidleg ute. Det vil heilt sikkert bli trongt om plassen både i Sophus Lies auditorium og i Storsalen i Chateau Neuf, trur Olav Gjelsvik.  

– Gjorde språkvitskapen til vitskap

Fakta om Noam Chomsky:

  • Fødd 7. desember 1928 i Philadelphia, USA
  • Er professor emeritus ved Institutt for lingvistikk og filosofi ved Massachusetts     Institute of Technology i Boston
  • Kjend som grunnleggjaren av den moderne språkvitskapen. Også påverka fag som filosofi, informatikk, matematikk og psykologi.
  • Har vore aktiv på venstresida i politikken og var ein aktiv motstandar av Vietnam-krigen.
  • Chomsky har skrive 150 bøker. Frå 1980 til 1992 var han verdas mest siterte nolevande forskar.

(Kjelde: Wikipedia)

 

 

Ein annan som ser fram til besøket av Noam Chomsky, er Jan Terje Faarlund, som er professor i nordisk språkvitskap ved UiO. Han er også tilsett ved Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) og har skrive ei bok om Chomsky på norsk. Faarlund har sjølv brukt ein del av teoriane hans i forskinga si i språkvitskap.

– I kor stor grad har Noam Chomsky påverka språkvitskapen?

– Språkteorien hans var noko nytt i høve til tidlegare teoriar. Han gjorde språkvitskapen til ein ny vitskap gjennom å sjå på språk som ein eigenskap ved mennesket og ein mental gjenstand. Før Chomsky handla språkvitskapen stort sett berre om å studera og analysera ferdige setningar og språklege ytringar, seier Faarlund til Uniforum.

– Språkvitskapen blei interessant

Og han held fram:

– Med Chomsky vart forskingsobjektet eit heilt anna, ei form for kunnskap og mental evne hos mennesket. På den måten har også språkvitskapen blitt aktuell og interessant for andre fag. Det er grunnen til at Centre for the Study of Mind in Nature gjerne ville invitera han til å halda foredraget under semesteropninga denne hausten.

– Har han vore i Noreg tidlegare?

– Ja, han besøkte Røros i regi av Universitetet i Trondheim i 1980. Og så vitja han Universitetet i Tromsø på 1990-talet. Så vidt eg veit, har han aldri besøkt Universitetet i Oslo tidlegare.

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Språk, Lingvistikk, Filosofi Av Martin Toft
Publisert 17. aug. 2011 11:51 - Sist endra 17. aug. 2011 12:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere