Dermed har byrådsleiaren skrinlagt alle planar om å selja tomta til Sogn videregående skole til høgstbydande, slik eigarskapsbyråd Øystein Sjåtveit (FrP) har foreslått eller å byggja eit badeland der, slik samferdselsbyråd Gøran Kallmyr (FrP) har kome med framlegg om.
– I samtalar med UiO-rektor Ole Petter Ottersen har me blitt einige om at det kan byggjast ein ny studieretta vidaregåande skule med Ullern videregående skole som modell. Der er det nært samarbeid mellom skulen, Radiumhospitalet og Oslo Cancer Cluster. På den måten får elevane og lærarane eit godt innblikk i forskinga, samtidig som forskarane kan visa dei kva dei held på med, fortel ein entusiastisk Stian Berger Røsland.
Ville få forsking og nyskaping på dagsordenen
I går tok han og finansbyråd Kristin Vinje turen til Forskingsparken i Gaustadbekkdalen for å prøva å setja forsking og høgare utdanning på dagsordenen i valkampen gjennom å lansera manifestet Kunnskapshovedstaden 2020. I dei åtte åra fram til 2020 lovar Høgre å utvikla Oslo til ein europeisk kunnskapshovudstad. Målet er at Oslo også skal bli ein av Europas mest nyskapande byar. Dessutan lovar partiet ein ekstra kunnskapsmilliard nasjonalt til forsking og høgare utdanning utifrå 2011-nivået. Dei regionale forskingsfonda vil Oslo Høgre leggja ned, fordi partiet meiner dei berre fordeler pengar til distrikta og ingenting til Oslo. Lokkematen til studentar som vil til Oslo, er ein dekningsgrad på studenthyblar på 20 prosent og utanlandsstipend for studentar i Oslo som er spesielt flinke.
Ynskjer internasjonal offentleg skule
– Stipenda skal gå til å dekkja studieavgifter ved verdas beste universitet som til dømes Harvard og Berkeley, sa finansbyråd Kristin Vinje. Både Vinje og Røssland understreka heile tida at Universitetet i Oslo og Forskingsparken ville vera nære samarbeidspartnarar i arbeidet med å få realisert planane i partiet sitt manifest.
– Me har også planar om å etablera ein internasjonal skule i offentleg regi, slik at Oslo blir ein endå meir attraktiv by for forskarar med barn, sa Vinje og Røsland. Dei viste til Bjørnholt skole der det allereie er sett i gang forsøk med undervisning på engelsk i nokre klassar. – For oss hadde det vore fint om det tilbodet kunne ha blitt utvida til ein heil skule. Førebels vil me sjå om lova gir oss løyve til det, sa Røsland.
– Fint med studentbustader i Bjørvika
Ingen av dei svarte derimot direkte på ynsket til Studentsamskipnaden i Oslo om å byggja fleire studentbustader i nærleiken av Blindern. Då viste dei heller til planane om å byggja nye studentbustader i Bjørvika.
– Det vil skapa liv og røre i byen, og det frå andre folk enn dei som har selt den gamle villaen sin utanfor byen og kjøpt seg husvære i sentrum. For Oslo by vil det vera positivt, meinte Røssland.
Både han og Kristin Vinje talte varm for planane om å byggja eit senter for livsvitskap i Gaustadbekkdalen. – Forskinga på UiO innanfor dette feltet står allereie svært sterkt internasjonalt. Etableringa av eit slikt senter vil konsolidera denne posisjonen og gjera forskinga endå meir konkurransekraftig internasjonalt, meinte Vinje og Røsland.
Dei har også som mål at Noreg skal bli mellom dei 10 beste landa på ”European Innovation Scoreboard” i 2020.
– Likevel trur eg det aller beste me kan gjera er å vera ein best mogleg kommune for alle innbyggjarane i Oslo. Det vil seia at me legg forholda til rette for at kollektivtrafikken fungerer, at det er nok barnehageplassar og at skulane held ein høg kvalitet, understreka Røsland.
Logg inn for å kommentere