Digital turorientering på Blindern

Fire UiO-tilsette går att og fram i nærleiken av Meteorologisk institutt. I den eine handa held dei ein GPS, medan dei i den andre handa har eit informasjonsark. Dei driv med geocaching og er på jakt etter ein post som skal liggja like ved Meteorologisk institutt. Og til slutt finn dei posten innunder eit gjerde.

DIGITAL ORIENTERING: Dei lanserer geocaching som ny idrettsgrein på Blindern: F.v. Anne-Mette Vibe, Beate Heilemann, Ingebjørg Lyngdal og Håvard Kolle Riis.

Foto: Ola Sæther

– Etter at me har logga inn namna våre og datoen og legg til ein kommentar som gøy eller fint,, legg me posten tilbake igjen der me fann den, slik at andre som driv på med dette også kan finna den, seier bibliotekar Beate Heilemann som saman med seniorrådgjevar Anne-Mette Vibe i Universitetsbiblioteket er primus motor og initiativtakar til at denne nye sporten også skal bli ein del av tilbodet frå UiOs bedriftsidrettslag.

– Morosamt

Så hastar ho og dei to lærlingane hennar vidare til neste post. Den skal liggja i Forskingsparken. Etter først å ha gått forbi den, finn dei han til slutt på gangbrua mellom Blindern og Forskingsparken.

PÅ JAKT: Med ein iPhone og ein GPS som våpen drar Håvard Kolle Riis og Ingebjørg Lyngdal på jakt etter cachane eller postane på Blindern.

– Dette er morosamt. Eg deltar fordi eg trur at barn også vil lika det. Difor vil eg starta ei barnegruppe, fortel Håvard Kolle Riis, som er sjef for dei digitale tenestene ved Universitetsbiblioteket.

Vil bli eiga gruppe

Også førstekonsulent Ingebjørg Lyngdal og Anne-Mette Vibe deltar i den første demonstrasjonen av geocaching på Universitetet i Oslo. – Dette er ein fin måte å trena saman i arbeidstida på, synest begge to. Dei håpar no å samla så mange rundt den nye sporten at den kan bli tatt opp som eiga gruppe innanfor bedriftsidrettslaget.

CACHE: Dette er posten eller cachen dei jaktar på.

Beate Heilemann er allereie blitt ein driven geocaching-brukar. – Både i Russland, Jordan og Kirgisistan har eg tatt med meg GPS-en min og jakta på nye cachar (skjulte postar). Sjølv har eg lagt ut 16  postar på ei lita øy på Sørlandet. Nokre tyskarar har allereie funne desse postane, og no har også ein gjeng med lokale øybuarar begynt med sporten. Det er ei god kjensle og gir oss litt personleg prestisje når dei postane me legg ut, blir oppdaga av andre, fortel ho. Alle postane blir skildra med dei koordinatane som ligg der posten er. Det kan til dømes vera 59 grader nord og 10 grader aust. Desse blir lagde ut på eigne geocachingsider på Internett, geocaching.com. Når du melder deg inn får du eit brukarnamn og så må du laga eit passord. Dermed er det berre å gå på jakt etter postane straks du har kome til ein ny stad i Noreg eller i eit anna land, fortel ho.

iPhone duger ikkje

– Men du må ha ein  berbar GPS, understrekar Heilemann. – Mange trur det er mogleg å bruka iPhone, men den er ikkje like sikker og nøyaktig som ein GPS-sendar, slår ho fast. – Den einaste staden i Oslo der ein GPS ikkje fungerer er i Karenslyst på Skøyen på grunn av dei skyskraparliknande bygningane der, konstaterer ho.

Det blir likevel ikkje nokon særleg dyr hobby. – Nei, ein vanleg berbar GPS kan du få for mellom 2000 og 5000 kroner. Eg vil likevel alltid rå folk til å ta med kart og kompass om dei leitar etter postar i utmarka eller på fjellet. Teknologien kan alltid svikta, har ho røynt. Systemet er likevel svært bra utbygd.

– Det er mellom 25 og 30 satellittar som sender informasjon til GPS-ane. Dermed får me dekt det meste av jorda, seier ho.

Fleire tusen aktive i Noreg

Det var i USA geocaching først tok til i år 2000. Seinare har det spreidd seg rundt i heile verda. – I dag er det  lagt ut  over 1,4 millionar postar eller cachar i verda . Til Noreg kom det i 2004 og for tida er det fleire tusen aktive som driv med det, men talet er raskt stigande, fortel Heilemann, som gjerne forklarar reglane.

– Det er altså om å gjera å finna ein post eller cache, ein gøymd post, på den staden du vil driva med geocaching. Derfor går du inn på nettsida geocaching.com og finn koordinatane for dei postane som er gøymde akkurat der du er. Så kan du byrja å leita og når du har funne posten, må du skriva opp namnet ditt og leggja posten tilbake der du fann den. Samtidig kan du notera på Internett at du har funne den posten. I Noreg er rekorden på 3980 funne postar, medan min personlege rekord er på 896 funne cachar. I den varianten av sporten som heiter powercaching er målet å finna flest postar på 24 timar. Rekorden er 255 postar, og den blei sett for nokre dagar sidan.. Då kan du vera sikker på at dei ikkje sov ein einaste time det døgnet, smiler ho.

Post på militærbase

Geocaching har til tider blitt vel spennande for Beate Heilemann.

– Den tøffaste opplevinga hadde eg kanskje i Kirgisistan då eg prøvde å koma meg inn på den amerikanske militærbasen Manas.  Eg kom fram til det inste gjerdet, men så høyrde eg kommandorop og eksersislydar bak krattet. Eg torde ikkje meir, men det var litt leit for posten låg ikkje meir enn 5-6 meter frå meg, minnest Heilemann. – Dei aller vanskelegaste og finurlegaste cachane er faktisk dei som er lagde ut på Blindern-området, garanterer ho.

GLEDE: Ingebjørg Lyngdal viser stor glede når ho oppdagar den første gøymde posten (cachen).

No håpar Berit Heilemann og Anne-Mette Vibe at mange vil bli med og bruka det som felles trim i den halvannan timen med trening i arbeidstida som UiO-tilsette har til disposisjon kvar veke.  Dei har også oppretta ei eiga nettside: http://foreninger.uio.no/bil/arrangementer/2011/geocaching.html

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Bedriftsidretten, Arbeidsmiljø Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 27. juni 2011 10:57 - Sist endra 27. juni 2011 11:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere