Dei får likevel ikkje gå fremst i toget, men får bli mellom dei skulane som passerer slottsbalkongen og får vinka til konge- og kronprinsfamilien. Det skjer klokka 11.45. Toget startar ved Stortorget. Du finn heile 17. mai-programmet på UiOs nettsider.
Universitetet i Oslo er plassert mellom grunnskulane og vidaregåande skular i toget. Oslo katedralskole er neste skule. Gardens Veterankorps skal spela for Universitetet i Oslo, som vil gå under den nylaga fana med inskripsjonen "Også vi søker stjernene". Det er jubileumssekretariatet ved Universitetet i Oslo som har fått dette til, opplyser prosjektleiar Inger Stray Lien til Uniforum.
Alle tilsette ved UiO har også i år høve til å koma inn i Universitetshagen frå klokka 10.00 for å slappa av, kjøpa kaffi, is og anna godt på den norske nasjonaldagen.
NRK og UiOs jubileumssekretariat samarbeider om 17.-maisendinga, og det blir innslag både frå Universitetsplassen og Universitetshagen.
Logg inn for å kommentere