.– Dette er eit felt som vil bli minst like stor og viktig som IKT-næringa, så for oss er det viktig å kunna samarbeida med andre store aktørar på området i Oslo-regionen, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen, då forskingsminister Tora Aasland slapp desse millionane ut av pengesekken fire dagar før regjeringa legg fram forslaget sitt til revidert budsjett.
Det er ein av del av SAK-midlane, altså pengar som går til å styrkja samarbeidet om fag og utdanningar mellom høgskular og universitetet, som denne løyvinga kjem frå.
–Vil auka fagleg kvalitet og styrkje
– Til no har pengane stort sett gått til høgskular fordi UiO har vore så stort og flinkt at dei knapt hadde behov for slike pengar. Innanfor dette viktige feltet ser me likevel at det er viktig for desse tre, snart to institusjonane å samarbeida,. Det vil auka både fagleg kvalitet og styrkje, konstaterte Tora Aasland.
– Håpet vår er at me etter kvart kan til eit så utstrekt samarbeid at me kan ha ein eigen shuttle-buss som kjører frå universitetsområdet på Ås til universitetsområdet på Blindern med forskarar og studentar, sa UMB-rektor Hans Fredrik Hoen.
Også rektor ved Veterinærhøgskulen, Yngvild Wasteson peika på kva område det nye storuniversitetet på Ås og UiO kan samarbeida om på dette området.
– Dyrevelferd og matproduksjon er store globale utfordringar som me må finna ei løysing på. Dyrehelse kan fortelja oss mykje om helsa til menneska utan at ein av den grunn tenkjer på dyreforsøk. Dei får mange av dei same sjukdomane som menneska, nemnde ho.
Innanfor økologi, ernæring, fiskeribiologi, akvakultur, miljøgifter og evolusjon, finst det grunnlag for vidare og styrkt samarbeid, slo dei tre rektorane fast.
– Oppdrettsnæringa starta på Ås
UiO-rektor Ole Petter Ottersen var i det rause hjørnet og peika på ei god forskingshistorie frå Ås.
– Kor mange veit eigentleg at milliardnæringa lakseoppdrett starta som eit forskingsprosjekt på Noregs landbrukshøgskule på Ås? Denne veka blei det dessutan kjent at eit stort farmasiselskap skal starta produksjon av ei oppfinning gjort av biologar ved UiO som gir medisin betre effekt og færre biverknader enn tidlegare, , slo han fast.
– Lovar å kjempa
– Er dette starten på ei ordentleg satsing på livsvitskap og biovitskap frå regjeringa si side, Tora Aasland?
– Ja, det viser me både gjennom satsinga på oppbygginga av eit i praksis heilt nytt universitet på Ås, og gjennom løyvinga av desse to millionar kronene. Også Universitetet i Oslo har mange spennande prosjekt innanfor feltet. Det skulle berre mangla at ikkje regjeringa satsa på denne forskinga. Når det gjeld konkrete løyvingar på 2012-budsjettet, så lovar eg i alle fall å kjempa for det innanfor regjeringa i tida framover, sa Aasland.
Logg inn for å kommentere