Etter ei grundig og positiv evaluering av dei to akademiske samarbeidsprogramma med land i sør, NUFU og NOMA, blei det konkludert med at dei to programma burde slåast saman. NORAD held på med å utforma ein ny modell, som Utanriksdepartementet skal ta endeleg stilling til. Førebels er det ingen som veit kva som vil koma i staden for dagens to samarbeidsprogram, når dei tar slutt i løpet av åra 2012 og 2013.
Begge programma har vore viktige når det gjeld utdannings- og forskingssamarbeid mellom UiO og universitet i utviklingsland. Det har også vore ei stor grad av kunnskapsoverføring mellom nord og sør.
143 millionar til nord-sør-samarbeid
Frå 2006 og fram til 2013 vil Universitetet i Oslo få ei samla overføring på 81,2 millionar kroner til ni prosjekt via NOMA-programmet (Norads program for masterstudium), som går til etablering av masterstudium og utdeling av studentstipend i utviklingsland. UiO får dessutan ei overføring på rundt 62,1 millionar kroner til elleve andre prosjekt gjennom NUFU-programmet (Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning).
Ein stor del av desse pengane går til å finansiera ph.d.-studentar frå utviklingsland som tar doktorgraden ved UiO, men som gjer feltstudia sine i heimlandet. Etablering av masterstudium i helseinformasjonssystem i Malawi, Tanzania og Etiopia og eit masterstudium i folkehelseforsking i fleire land i Asia er nokre av resultata av samarbeidet. Også demokratistudium i Indonesia og forskingssamarbeid i lingvistikk i det sørlege Afrika er blitt til med pengar frå desse utviklingsprogramma. I tillegg finst det samarbeid med Sudan, Uganda, Sri Lanka og Palestina.
Utformar ny samarbeidsmodell
– Det er truleg mange som lurer på korleis desse programma skal førast vidare. Medan me ventar på den endelege, framtidige modellen, vil Nord-Sør-utvalet ved UiO invitera alle interesserte fagmiljø til eit informasjonsmøte 8. april om korleis dei kan få tak i midlar til finansiering av nord-sør-samarbeid. Det blir også informert om korleis dei kan få såkornmidlar til å reisa til moglege samarbeidspartnarar i utviklingslanda, slik at dei kan starta arbeidet med å laga ei skisse for ein avtale om kunnskapsoverføring, forskingssamarbeid og etablering av masterstudium, fortel seniorrådgjevar Marit Egner i Forskingsadministrativ avdeling og rådgjevar Jeanette da Silva i Studieavdelinga til Uniforum.
NORAD og Forskingsrådet informerer
På møtet vil dei informera om moglege andre finansieringskjelder for slikt samarbeid.
NUFU = Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning
NOMA = Norads program for masterstudium
Programma blir administrerte av Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SiU), som har hovudsete i Bergen.
– Difor har me invitert både representantar for Forskingsrådet, NORAD og Senter for internasjonalisering i utdanning (SiU) til å fortelja om kva modellar dei vil ha. Dessutan har me invitert forskarar som er godt i gang med sine samarbeidsprosjekt, til å fortelja om sine røynsler, seier Egner og da Silva. Egner viser til at kunnskapsoverføring frå nord til sør er eit viktig punkt i UiOs strategi 2020.
– Der blir det vist til at UiO skal vera eit grensesprengjande universitet, og difor vil det halda fram med kapasitetsbygging i utviklingsland, fortel Egner.
– Mest heile pengepotten går til sør
Jeanette da Silva vil gjerne understreka at mesteparten av pengane går til samarbeidspartnarane i sør.
– Den største potten frå NOMA-programmet går til å finansiera masterstipend for studentar som tar utdanning i heimlandet sitt. Ein heller liten sum går til driftskostnader. Elles går finansieringa til kapasitetsbygging ved partnarinstitusjonen, undervisning og rettleiing, institusjonssamarbeid og naudsynte reiser, konstaterer ho. Når det gjeld NUFU-programmet handlar det i stor grad om å finansiera forskingssamarbeid og forskarutdanning.
– Hindrar hjerneflukt
– Det er viktig å finansiera ph.d.-studium for studentar frå sør, men òg at dei tar feltstudiet i heimlandet knytt til NUFU-prosjektet. På den måten held dei oppe tilknytinga til heimlandet, og me kan hindra hjerneflukt. Det blir også oppmuntra til regionalt samarbeid mellom universitet i naboland i sør, seier Egner.
– Når veit de noko meir om kva som blir framtidas akademiske utviklingsprogram?
– Det kan vera at det skjer noko i år, men mest sannsynleg vil det ikkje koma noko konkret på bordet før i statsbudsjettet for 2012 eller 2013. Førebels veit me det ikkje.
Og informasjonsmøtet om akademisk samarbeid mellom nord og sør blir skipa til fredag 8. april kl 9.00 i Georg Sverdrups hus på Blindern.
Logg inn for å kommentere