Frå teiknspråk til språkråd

– Eg vil oppfordra Universitetet i Oslo til å fylgja Mållova. Det er viktig å etterleva lova også på det området, slår Arnfinn Muruvik Vonen fast. Det er ingen grunn til å tru at UiO-professoren i spesialpedagogikk vil lata dagens arbeidsgjevar sleppa lettare unna enn før, med han som direktør i Språkrådet.

NY SPRÅKDIREKTØR: – Det er viktig å ta vare på norsk fagspråk og bruka norsk der det er naturleg og engelsk der det er naudsynt, seier pedagogikkprofessor Arnfinn Muruvik Vonen, som er tilsett som ny direktør for Språkrådet.

Foto: Ola Sæther

– Eg er glad i nynorsk, sjølv om eg voks opp i eit bokmålsområde i Malvik i Sør-Trøndelag. Eksamensoppgåvene til studentane mine skriv eg på både bokmål og nynorsk. Det er slett ikkje vanskeleg, synest spesialpedagogikkprofessor Arnfinn M. Vonen.

Rett før sommarferien vil han flytta arbeidsplassen sin frå Institutt for spesialpedagogikk i Helga Engs hus til Språkrådet i Observatoriegata. I Helga Engs hus har han sidan 1995 vore engasjert med å byggja opp og etablera teiknspråkstudiet og utdanninga i teiknspråktolking som universitetsfag.

– Då kom eg frå Skådalen kompetansesenter for høyrselshemma, som hadde bede meg om å vera med og byggja opp ei ny forskings- og utviklingsavdeling. Slik har eg etter kvart spesialisert meg på teiknspråk. Og difor synest eg det er flott at Språkrådet også har inkludert teiknspråk innanfor sitt verkeområde, saman med at det skal sjå på situasjonen til alle språka som blir brukte i Noreg, ikkje berre på det norske språket. Teiknspråk har faktisk berre vore godtatt som eit eige språk i Noreg i dei siste 30 åra. Faktum er at det er like stor skilnad på norsk språk og teiknspråk som mellom norsk og stillehavsspråka, fortel Vonen.

Inspirert av Even Hovdhaugen

Og indirekte var det stillehavsspråka som gjorde at han bestemte seg for å bli lingvist.

– Lingvistikkprofessor Even Hovdhaugen var full av formidlingsglede då han kom tilbake frå eit forskingsopphald på Samoa. Han ville gjerne høyra våre tankar om det han formidla av språket til øybuarane. At han var interessert i kva tankar studentane hans hadde om fagfeltet hans, merkte meg for livet.

– Då eg fekk sjansen til å ta eit halvt år langt forskingsopphald på Tokelau, var eg ikkje tungbedd. Det arbeidet eg gjorde der med å vera med og laga ein grammatikk på tokelauisk for barneskuleelevar og ein grammatikk på engelsk for ungdomsskuleelevar, blei utgangspunktet for hovudoppgåva mi. Og i doktoravhandlinga mi fekk eg også bruk for tokelauisk. Då samanlikna eg grammatikalske problemstillingar i tokelauisk og russisk, fortel Vonen.   

Elgjakt over grensa

Og russisk lærte han i Forsvaret. Det gav han høvet til å arbeida som russisktolk for grensekommissæren i Sør-Varanger.

– Det blei ganske utfordrande då nokre norske elgjegerar kom til grensekommissæren og fortalde at dei hadde skadeskote ein elg som hadde sprunge over til den russiske sida av grensa. Då måtte eg ta kontakt med den russiske grensekommissæren og spørja om me fekk kryssa over grensa for å sjå om me kunne finna elgen. Det fekk me løyve til, så det var eit ganske morosamt syn å vandra på kryss og tvers med norske jegerar og ein dachs. Elgen fann me aldri, smiler han.

Han slår gjerne eit slag for framandspråka. – Lær gjerne eit anna språk i tillegg til engelsk. Det gir deg ein nisje, som kan gjera at ein arbeidsgjevar tilset deg i staden for nokon andre. Språk opnar dører til kulturar og menneske. Personleg synest eg det er fantastisk flott at også russarar no har fått høve til å reise ut av landet sitt og sjå andre land og kulturar, seier han engasjert.

– Ta vare på norsk fagspråk!

Internasjonalisering av forsking og høgare utdanning er han for, men han ser at det er mogleg å bli for ivrig.

– Det er viktig å ta vare på norsk fagspråk og bruka norsk der det er naturleg og engelsk der det er naudsynt. Samtidig må me utvikla norsk fagterminologi vidare og ta vare på den me har. Språkmeldinga frå 2008, ”Mål og meining”, vil dessutan danna eit godt utgangspunkt for det vidare språkarbeidet eg skal driva som ny direktør i Språkrådet, understrekar han. Vonen trekkjer fram den allsidige kompetansen dei tilsette i Språkrådet har, og som har gjort at dei har klart seg berre med fungerande direktør sidan Sylfest Lomheim gjekk av i september i fjor.

– Kvifor var du så treg med å søkja den ledige stillinga som språkdirektør?

– Først var eg heilt sikker på at stillinga berre var for norskfilologar. Då eg såg at søknadsfristen var utvida endå ein gong, forstod eg at den truleg også kunna passa for lingvistar. Så difor sende eg inn ein søknad.

– Og ingen bad deg om å søkja?

– Nei, eg søkte den heilt av meg sjølv. Og eg bad heller ikkje om at namnet mitt ikkje skulle offentleggjerast. Det må heller vera ein fordel å visa at ein søkjer ein slik jobb, seier Vonen.

Etter seks år som språkdirektør vil han truleg venda tilbake som professor i spesialpedagogikk med teiknspråk som spesialfelt.

– Då vil eg forlata eit universitet og venda tilbake til ein høgskule, sidan både tolkeutdanninga og teiknspråkstudiet no er vedtatt flytta til Høgskolen i Oslo. Eg er ikkje uroa for tolkeutdanninga, men eg er meir uviss på lagnaden til teiknspråkstudiet, sidan høgskulen i hovudsak tilbyr profesjonsutdanningar og ikkje har språkvitskap som fag. Truleg vil Høgskolen i Oslo klara dette fint.  

– Vil du ha mykje å gjera med UiO som språkdirektør?

– UiO har svært viktige språksamlingar. Dessutan sit det representantar for UiO i styret vårt, men også i dei ulike fagråda våre. Eg vil få mykje å gjera med universitetet både på den eine og den andre måten, seier Vonen.

Lykkynskingar

Etter at han har fylgt oss ned til hovudinngangen i Helga Engs hus, må han stansa opp for å ta imot gratulasjonar.

– Det har vore fantastisk å oppleve alle lykkynskingane frå kollegaene mine og andre på universitetet, tykkjer han. No skal han rydda i skuffer og skåp på kontoret, før han overtar kontoret til tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim. Ein ting har Arnfinn Vonen til felles med forgjengaren sin. Også etternamnet hans kjem frå Sogn og Fjordane, nærmare bestemt frå Naustdal i Sunnfjord.  

 

 

Emneord: Språk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Lingvistikk Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2011 17:19 - Sist endra 10. mars 2011 17:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere