Finanskrise gav publiseringsauke

Universitetet på Island har måtta kutta budsjettet sitt dei siste tre åra på grunn av finanskrisa. Fleire tilsette har mista jobben, men samtidig er det aldri tidlegare blitt publisert så mange vitskaplege artiklar i internasjonale fagtidsskrift, opplyser rektor Kristina Ingolfsdottir til Uniforum.

LØNNSKUTT: – No kan me ikkje  krevja at dei tilsette ved Universitetet på Island ofrar meir. Dei har allereie fått redusert lønna, og mange heiltidstilsette har måtta bli deltidstilsette, fortel rektor Kristina Ingolfsdottir ved Universitetet på Island.

Foto: Ola Sæther

Etter to år som rektor måtte Kristina Ingolfsdottir bruka dei siste tre åra av rektorperioden sin til å innføra årlege budsjettkutt. Likevel blei ho attvald for ein ny femårsperiode tidlegare i år. Rett nok utan motkandidat, medan det var fire kandidatar då ho vart vald til rektor første gong. I førre veke tok ho ein pustepause frå nedskjeringar på Island for å delta på konferansen om forskingsuniversitetet som studiestad ved Universitetet i Oslo.

– Har ofra nok

I eit intervju med Uniforum legg ho ikkje skjul på at det har vore tøft.  

– No er budsjettet skore så langt inn til beinet at me ikkje kan krevja at dei tilsette ved Universitetet på Island ofrar meir. Dei har allereie fått redusert lønna og mange heiltidstilsette har måtta bli deltidstilsette. Fleire har også mista jobbane sine, seier Ingolfsdottir og ser svært lei seg ut.

Studenteksplosjon

Paradokset er at studenttilstrøyminga aldri har vore så stor som no.

– Studenttalet har auka frå 10 000 til 14 000 studentar frå 2008 til 2011. Det er i alle fall to grunnar til det. Dei som har mista jobben sin, vender tilbake til universitetet for å ta ein doktorgrad og etterutdanna seg. Den andre grunnen er at ungdommar, som kanskje ville gått rett ut i arbeidslivet etter den vidaregåande skulen, no søkjer seg til universitetet fordi det ikkje finst jobbar til dei, konstaterer ho.

– Publiserer meir enn før

Til saman er det 1400 tilsette på universitetet. Også for dei vitskaplege tilsette har krisa ført til i alle fall eitt paradoks.

Fakta om Universitetet på Island:

Offisielt namn:  Háskoli Íslands

14 000 studentar

1400 tilsette

Grunnlagt i 17. juni 1911, og markerer 100-årsjubileet sitt i år

Har rundt 400 bacherlor- og masterprogram.

Rektor:  Kristina Ingolfsdottir, vald til sin andre femårsperiode.

 

– Forskingskvaliteten har aldri vore så høg som no. Det har heller aldri blitt publisert så mange vitskaplege artiklar i internasjonale fagtidsskrift. Årsaka er truleg at på grunn av mangelen på intern finansiering, har dei måtta søkja om ekstern støtte frå både EU og USA. Det har også ført til at fleire søknader er blitt godkjende og fleire internasjonale forskingsprosjekt er sette i gang. Både før og under krisa har me heile tida hatt fokus på at Universitetet på Island skulle heva forskingskvaliteten frå år til år, peikar Ingolfsdottir på.

– Attraktivt studieland

Ingen av dei utanlandske studentane har drege frå Island som ein fylgje av den økonomiske krisa. Fleirtalet av dei internasjonale studentane kjem frå Tyskland, deretter kjem studentar frå dei nordiske landa og USA.

– Me trur at Island er eit attraktivt studieland og oppfordrar utanlandske studentar til å koma. Talet på utanlandske studentar har ikkje gått tilbake. Samtidig oppfordrar me islandske studentar til å ta utdanning i Storbritannia, i dei nordiske landa eller andre land. Island er eit lite land, så det er viktig å koma seg ut, meiner ho.

Samarbeider med UiO

Kristina Ingolfsdottir er glad for det nære samarbeidet Universitetet på Island har med Universitetet i Oslo. – Me samarbeider nært både om studentutveksling og forskingssamarbeid. Både innanfor geologi, farmasi, litteratur, filosofi og medisin har me eit nært samarbeid, fortel ho. Som farmasiprofessor kjenner ho godt farmasiprofessor Berit Smestad Paulsen ved UiO. Store universitet i USA, Storbritannia og andre nordiske land har også samarbeidsavtalar med Universitetet på Island.

– Me er svært gode på forsking innanfor geologi, geofysikk, ingeniørfag, genetikk og mellomalderlitteratur. Og mange frå utanlandske universitet finn det attraktivt å ta ph.d.-graden sin på universitetet vårt. Det er grunnen til at me får avtalar med langt større universitet i USA og Europa, understrekar ho.  

 

 

 

 

Emneord: Undervisning, Island, Økonomi, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. mars 2011 09:44 - Sist endra 14. mars 2011 09:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere