LEIAR: Svein Stølen fortener ein utfordrar i rektorvalet

Me håpar og trur at det blir eit godt og spennande rektorval med fleire kandidatar. Det vil vera bra for både alle tilsette og alle studentar og ikkje minst for å halda liv i universitetsdemokratiet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FORTENER UTFORDRAR: Rektor Svein Stølen fortener ein utfordrar i rektorvalet, skriv Unioforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne våren er det planlagt rektorval på Universitetet i Oslo. Då skal det avgjerast om sitjande rektor Svein Stølen skal få sitja fire nye år som rektor for Noregs eldste og beste universitet. Førebels er det ingen tvil om at han kan halda fram, for han er så langt den einaste offisielle kandidaten. Sjølv har han sagt at han gjerne vil ha ein motkandidat i rektorvalet. Det meiner me at Svein Stølen fortener. Det vil også vera bra for universitetsdemokratiet og prinsippet om at rektor ved Universitetet i Oslo skal veljast og ikkje tilsetjast.

Nettopp derfor vil det vera svært uheldig om det ikkje var nokon motkandidat til Svein Stølen under rektorvalet denne våren

I år skal også Stortinget handsama eit nytt forslag til Universitets- og høgskulelov.  I den debatten har UiO-leiinga heile tida peika på kor viktig det er å halda fram med ordninga med ein vald rektor som også er styreleiar. Samtidig har utvalsleiar Helga Aune gått inn for ein modell der den valde rektoren må ha ein ekstern styreleiar, på lik linje med dei tilsette rektorane. Det er noko rektor Svein Stølen med Universitetsstyret i ryggen har uttalt seg sterkt imot. Nettopp derfor vil det vera svært uheldig om det ikkje var nokon motkandidat til Svein Stølen under rektorvalet denne våren.

Uniforum prøvde i fjor haust å skapa litt liv rundt det komande rektorvalet. Derfor  bad me kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné om  løyve til å senda ei spørjeundersøking om rektorvalet til alle tilsette og studentar ved UiO. Me ville finna ut meir om korleis dei tilsette og studentane vurderte den jobben som rektor Svein Stølen og rektorlaget hans hadde gjort, og om dei såg behov for at han burde få ein motkandidat i rektorvalet i 2021. Først etter fleire veker fekk me i Uniforum svar på førespurnaden vår. Då fekk me avslag. Grunngjevinga var at ein berre kunne senda epost til alle studentar og tilsette berre om det gjaldt liv og helse. Samtidig blei me bedne om å venta med ei slik meiningsmåling til etter at valkampen var komen i gang rundt februar 2021. Avgjerda har me klaga på, men svaret på klagen har me enno ikkje fått.  Dermed fall forsøket vårt på å skapa litt ekstra liv rundt rektorvalet allereie i haust, i fisk. 

Me meiner likevel at det er uhyre viktig med ein motkandidat til Svein Stølen

Søkekomiteen som Universitetsstyret sette ned for å finna moglege motkandidatar til rektor Svein Stølen under rektorvalet, har ikkje lykkast med den oppgåva til no. Etter vår meining er det ikkje mangelen på kandidatar til rektorvervet på UiO som er problemet. Derimot er det mangelen på mot til å stilla opp mot ein sitjande rektor som ikkje har gjort store brølarar, og som truleg har ein ganske stor oppslutnad blant studentar og tilsette på UiO.

Me meiner likevel at det er uhyre viktig med ein motkandidat til Svein Stølen.  Helst bør det vera ei kvinne. For så langt har Noreg hatt fleire kvinnelege statsministrar enn UiO har hatt kvinnelege rektorar. Me hjelper gjerne søkekomiteen med namn. Prodekan Gunn Enli på Det humanistiske fakultetet har markert seg både i universitetspolitikken og som medieforskar, og har starta ein eigen podkast for å problematisera viktige tema innanfor universitetssektoren, eitt av dei er forholdet mellom undervisningsplikt og forskingsfri. Ho har også vore ei sterk stemme for meir mangfald på universitetet. Ein annan kandidat er sitjande dekan Ragnhild Hennum på Det juridiske fakultet. Ho markerte seg sterkt både på og utanfor UiO då ho var prorektor i den siste rektorperioden til Ole Petter Ottersen. Ho vann også med god margin det første reelle dekanvalet på Det juridiske fakultetet. Også teologidekan Aud Valborg Tønnessen, som no er inne i sin siste periode som dekan, vil kunna vera eit aktuelt namn som motkandidat til Svein Stølen under rektorvalet denne våren. Under henne har Det teologiske fakultetet tenkt nytt for å rekruttera både forskarar og studentar. Fakultetet har mellom anna tilsett sin første muslimske forskar.

Kvinnene me har føreslått kjem også frå HumSam.  Og etter snart 16 år med rektorar frå medisin og naturvitskaplege fag, må UiOs neste rektor koma frå humaniora eller samfunnsvitskapane. Det vil visa meir av mangfaldet på UiO. Sjølv om mange vil seia at Svein Stølen har gjort ein god jobb som rektor for UiO, er me sikre på at det også vil vera ein stor fordel for han om det blir eit reelt rektorval. Då får han også høve til å visa fram sine visjonar for resten av tida som rektor på UiO, medan motkandidaten kan trekkja fram ting som ikkje fungerer, og som vedkomande ynskjer å gjera noko med.

Me håpar og trur at det blir eit godt og spennande rektorval med fleire kandidatar. Det vil vera bra for både alle tilsette og alle studentar og ikkje minst for å halda liv i universitetsdemokratiet. Derfor fortener både rektor Svein Stølen og heile universitetssamfunnet ein utfordrar i rektorvalet.

 

 

Emneord: Rektorvalget 2021, Universitetspolitikk Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 8. jan. 2021 12:10 - Sist endra 8. jan. 2021 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere