LEIAR: Ikkje gjer Øyvind Eikrem til ein martyr for ytringsfridomen!

I verste fall kan Øyvind Eikrem stå igjen som ein martyr på altaret til ytringsfridomen, medan NTNU blir sett på som ein institusjon som ikkje godtar meiningar som strir med meiningane til fleirtalet av studentane og dei tilsette på NTNU.

Hovudbygningen til NTNU på Gløshaugen i Trondheim

YTRINGSFRIDOM: På eit universitet er det  ytringsfridom, og då må me tola å høyra ting som me ikkje er einige i , eller ikkje likar, så lenge det ikkje handlar om oppfordring til vald, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i ein leiarkommentar om ei mogleg oppseiing av førsteamanuensis Øyvind Eikrem ved NTNU.(Arkivfoto)

Foto: Espen Halvorsen Bjørgan /Universitetsavisa

Det er ingen grunn til å gjera Øyvind Eikrem til ein martyr for ytringsfridomen. Men det er leiinga ved NTNU i ferd med å gjera. Dei vil gi førsteamanuensen på Institutt for sosialt arbeid sparken på det som ser ut som eit svært tynt grunnlag.  Han blei intervjua av den høgreradikale nettstaden Resett og uttalte etter eit tragisk dobbeltdrap i Trondheim i 2018 at Noreg har ei naiv tru på at dei kan klara å få ungdommar på rett kjøl uansett kvar dei kjem frå. 

«– Fremstillingen av hendelsen som bare en tragedie, er naiv. Her finnes en nødvendig kontekst å ta med i betraktningen; Norge lar en masse unge menn komme hit, man fremstiller mennene som hjelpeløse stakkarer, som små barn som trenger omsorg, og at man bare må behandle dem godt, så kommer det til å gå bra. Det er en litt sånn naiv Hakkebakkeskogen-mentalitet, løsrevet fra det vi vet om hvordan mennesker egentlig oppfører og endrer seg» sa Øyvind Eikrem til nettstaden i september 2018.

Det er ikkje forbode for nokon å lata seg intervjua av den nettstaden

Resett er ein lovleg nettstad med sterke meiningar som dei som regel er ganske åleine om, men det er ikkje forbode for nokon å lata seg intervjua av den nettstaden. Det har også  tidlegare NTNU-rektor Gunnar Bovim peika på. Likevel fekk Øyvind Eikrem rett etter intervjuet ein epost frå instituttleiar Riina Kiik som meiner han øydelegg  omdømmet til instituttet for at han står fram som førsteamanuensis der. Eikrem får også ein epost frå ein kollega som meiner standpunkta hans ikkje harmonerer med verdiar som respekt og anerkjenning. Seinare blir det samla inn underskrifter frå 44 studentar som meiner dei er blitt krenka av kommentarane til Øyvind Eikrem i Resett.

I tillegg skal Øyvind Eikrem moglegvis vera moderator for ei Facebook-side med rasistisk innhald. Det er det berre bilete frå ei snikfotografering av Øyvind Eikrem medan han sat på ein offentleg stad, som kan gi indikasjonar på. Snikfotograferinga blei utført av stipendiatar på NTNU.  Sjølv om han var inne på den aktuelle sida, er ikkje det noko bevis på at det er han som er moderator. Den saka var det Filter Nyheter som avslørte, men på grunn av at nyhendekanalen var for konstaterande, blei den felt i Pressas faglege utval. Det var nok til at advokatfirmaet som  NTNU hyrte inn for å undersøkja saka, konkluderte med at Eikrem hadde brote lojalitetsplikta si til arbeidsgjevaren.  Då tok dei også med at Eikrem hadde skulda kollegaer for å ha stole PC-ane hans. Det var det ingen bevis for var tilfellet. Sjølv sa han at han berre hadde orientert om det som ein mistanke. Også ein epost som han hadde sendt til studentrepresentantar før eit møte, inngår i grunnlaget for avskjedssaka mot han.

Tilsetjingsutvalet ved NTNU brukte rapporten som bakgrunn for å føreslå at Eikrem burde få avskjed frå NTNU. Dei meinte han hadde oppført seg dårleg både mot kollegaer og studentar, noko dei ville karakterisera som eit grovt pliktbrot. Forskarforbundet ved NTNU har heile tida forsvart Øyvind Eikrem og har punkt for punkt avvist alle skuldingane mot han.

Då vil han i tilfelle bli ein av dei få vitskaplege tilsette i Noreg som er blitt  oppsagde

Det som då står igjen, er at han kanskje har oppført seg utilbørleg overfor kollegaer og studentar. Då handlar det ikkje lenger om ytringsfridom, men om han har brote Statstilsettelova. Dersom det er tilfellet, kan han sjølvsagt få sparken som førsteamanuensis på Institutt for sosialt arbeid på grunn av det. Då vil han i tilfelle bli ein av dei få vitskaplege tilsette i Noreg som er blitt  oppsagde. Frå før har dei to tidlegare historieprofessorane Arnved Nedkvitne og Nils Rune Langeland fått sparken, men det skjedde ikkje formelt  før sakene deira blei avgjorde i domstolane.

Å seia opp Øyvind Eikrem på grunn av intervjuet og kommentarane i Resett, og på grunn av snikfotograferte bilete av hovudpersonen inne på ei Facebook-side med rasistisk innhald, er ikkje gode nok grunnar til å gi han sparken. På eit universitet er det  ytringsfridom, og då må me tola å høyra ting som me ikkje er einige i , eller ikkje likar, så lenge det ikkje handlar om oppfordring til vald.

Det vil ikkje vera noko særleg godt for omdømmet til Noregs største universitet

I oktober skal styret for NTNU behandla avskjedssaka mot Øyvind Eikrem. Me oppfordrar NTNU til å gå i seg sjølv, og ta ei  ordentleg vurdering av om institusjonen har noko å tena på eit så drastisk tiltak.

I verste fall kan Øyvind Eikrem stå igjen som ein martyr på altaret til ytringsfridomen, medan NTNU blir sett på som ein institusjon som ikkje godtar meiningar som strir med meiningane til fleirtalet av studentane og dei tilsette på NTNU. Dermed vil det sjå ut som om det er NTNU som ynskjer å avgrensa ytringsfridomen. Det vil ikkje vera noko særleg godt for omdømmet til Noregs største universitet. Me oppfordrar difor begge partar til å koma fram til ei minneleg ordning som ikkje inneber oppseiing.

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalpolitikk Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 16. sep. 2021 04:30 - Sist endra 19. sep. 2021 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere