LEIAR: Regjeringa må setja i gang ei uavhengig evaluering av ABE-reforma no

Uniforum meiner at det no er heilt nødvendig å gjennomføra ei  uavhengig evaluering av ABE-reforma for å finna ut om den verkeleg har ført til meir avbyråkratisering og effektivisering i staten.  

To kvinner står i vandrehallen i Stortinget

EVALUERING: Det var statsminister Erna Solberg og tidlegare finansminiter Siv Jensen som lanserte ABE-reforma i 2014. Her står dei i Vandrehallen i Stortinget like før statsbudsjettet for 2020 blei  lagt fram i oktober i fjor. No er det på tide at det vert sett  verk ei uavhengig evaluering av reforma, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

 

I 2014 lanserte Erna Solbergs regjering for første gong avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma). Den skulle, som namnet seie, få vekk alt unødvendig byråkrati og sikra at statlege verksemder skulle omstilla seg til meir effektiv drift.  Regjeringa meinte at ein nøkkel til det var færre administrative stillingar i dei statlege verksemdene, som, ifylgje regjeringa sin definisjon, alle er byråkratar, og derfor bør det vera færre av dei. 

Så langt har ABE-reforma utgjort eit kutt på mellom 0,5 og 0,8  prosent årleg på alle dei statlege verksemdene sine driftsbudsjett. På dei fem åra som reforma har eksistert har den ført til ei nedskjering på fleire milliardar kroner for statlege verksemder, berre for universitets- og høgskulesektoren utgjer det 1,2 milliardar kroner, ifylgje tal frå UiB-rektor og styreleiar Dag Rune Olsen i Universitets- og høgskulerådet. Men reforma råkar ikkje berre universitet og høgskular. Den går også utover NAV, sjukehus, barnevern, fengsel, Avinor, politiet og departementa. Alle får kutt på grunn av ABE-reforma.   

Om regjeringa ber dei om å kutta meir no, vil fundamentet desse institusjonane kviler på, også falla saman.

På Universitetet i Oslo, som me sjølvsagt kjenner best til, fører reforma til eit ostehøvelkutt frå dei minste til dei største einingane. Ingen slepp fri, ikkje ein gong om dei ikkje har ein einaste byråkratisk stilling.  Det fører til at dei minste einingane må skjera ned på drifta.  Dermed vert det mindre pengar til den daglege verksemda, til kurs  og seminar og til innkjøp av heilt naudsynt utstyr. Og fordi institusjonane gjerne vil fylgja pålegget frå regjeringa, skjer dei heilt inn til beinet. Om regjeringa ber dei om å kutta meir no, vil fundamentet desse institusjonane kviler på, også falla saman. Då vil bordtalane til regjeringa om kor viktig det er å satsa på forsking og utdanning, vera fine ord utan innhald.

Nettopp i desse månadane der me har opplevd innføring av koronatiltak både på universitetet og i samfunnet elles, har me sett kor viktig det er at infrastrukturen til stat og kommune fungerer. Om ABE-reforma hadde blitt sett i verk nokre år før, hadde truleg norske sjukehus vore like dårleg utrusta med smittevernutstyr som sjukehus i Storbritannia, Belgia og USA, som allereie hadde opplevd store kutt i offentlege overføringar til helsevesenet. Og universiteta og høgskulane hadde heilt sikkert ikkje klart å omstilla seg frå fysisk undervisning til digital undervisning på nokre få dagar.

Dette syner at omstillinga på universiteta til eit mellombels digitalt universitetssamfunn har vore vellykka. Uniforum meiner at det hadde vore mykje betre å bruka gulrot enn pisk til å få statlege institusjonar til å omstilla seg og gjera naudsynte reformer. Då er det betre å gi dei meir pengar for å få gjennomført viktige endringar enn å kutta i budsjett som balanserer på kanten av det økonomiske stupet. 

Dei kan vera usynlege til dagleg, men utan dei, ville alle merka kor avhengige me er av dei

Høgres stortingsrepresentant Steffen Heggelund har føreslått å dobla det kuttet ABE-reforma utgjer i driftsbudsjetta til 1,2 prosent årleg. Om han får medhald, vil det føra til kutt i dei administrative stillingane som utgjer bakkemannskapet til universitet og høgskular. Dei sørgjer for at forskarar kan forska og studentar studera. Dei kan vera usynlege til dagleg, men utan dei, ville alle merka kor avhengige me er av dei. Dei arbeider med studierettleiing, IKT-tenester, utforming av søknader om forskingspengar frå Forskingsrådet og frå EU.  Og dei kan vera reinhaldarar og teknisk tilsette som sørgjer for at lyspærer lyser og vitskapleg utstyr fungerer.

Regjeringa er svært opptatt av å evaluera både reformer og institusjonar i samfunnet. ABE-reforma blei i 2019  evaluert av forskingsstiftinga FAFO på oppdrag frå LO. Uniforum meiner at det også  er heilt nødvendig å gjennomføra ei  uavhengig evaluering av ABE-reforma for å finna ut om den verkeleg har ført til meir avbyråkratisering og effektivisering eller om den heller har ført til utarming av dei offentlege institusjonane som er blitt råka av det innsparingstiltaket. Det er viktig å få konkrete tal på bordet så snart som mogleg.  

 

 

 

Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 20. mai 2020 12:11 - Sist endra 20. mai 2020 12:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere