LEIAR: Odontologi har vist at universitetsdemokratiet lever

Det er gledeleg at det blei eit reelt dekanval mellom to kandidatar på odontologi for første gong på svært mange år. Dette dømet kan andre fakultet ta lærdom av, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Ei kvinne står og ein mann sit under eit møte under dekanvalkampen på odontologi

LEVER: Universitetsdemokratiet lever. Det har dekanvalet på odontologi vist oss, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.  Dei to dekankandidatane Tiril Willumsen og Hans-Christian Åsheim skapte engasjement og valoppslutnaden var på over 80 prosent. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Torsdag blei det klart at Tiril Willumsen hadde vunne dekanvalet på odontologi med 76 prosent av stemmene. Motkandidaten Hans-Christian Åsheim enda opp med 24 prosent av stemmene.  

Det er gledeleg at det blei eit reelt dekanval mellom to kandidatar på odontologi for første gong på svært mange år. Dette dømet kan andre fakultet ta lærdom av. Sist det var eit val mellom to dekankandidatar var på Det juridiske fakultetet  i 2019.  Då var det Ragnhild Hennum som gjekk sigrande ut av valet med Trine-Lise Wilhelmsen som motkandidat. Før det var det HF som hadde eit dekanval mellom to kandidatar i 2018.  Den gongen tapte sitjande dekan Arne Bugge Amundsen stort for utfordraren Frode Helland.  I mellomtida har både Medisin,  SV, Mat.Nat. og UV peika ut dekanar utan reelle val.

Det aller mest gledelege  med dekanvalet på OD, er likevel den høge valoppslutnaden. 91 prosent av dei vitskaplege tilsette stemte, medan 88 prosent av dei teknisk-administrative brukte stemmeretten sin på Det odontologiske fakultetet. Ja til og med studentane var engasjerte i dekanvalet på OD, og heile 67 prosent av dei stemte.

Når det gjeld eit val på eit universitet i Noreg, er det ein eksepsjonelt god valoppslutnad

Dette er ein valoppslutnad som også ville ha vore god, om det hadde vore eit stortingsval eller eit kommune- og fylkestingsval i Noreg.  Når det gjeld eit val på eit universitet i Noreg, er det ein eksepsjonelt god valoppslutnad. Samanlikna med det førre valet som tilsette og studentar på odontologi deltok i, rektorvalet i 2017, var oppslutnaden nesten tre gonger høgare denne gongen. Den gongen var det på 30 prosent, viser tal frå rektorvalet 2017.  

Nøkkelen for ein så høg valoppslutnad, er at valet må handla om ei sak som engasjerer veljarane. På odontologi var det tale om  både journalsystemet Salud, og det faktum at Åsheim ikkje er tannlege, medan Willumsen  er det,  som hadde vekt sterke kjensler blant veljarane.  Også den vanskelege økonomiske situasjonen på fakultetet var eit tema som kom opp under valkampen.  

Det er aldri feil å få testa synspunkta og argumenta sine i ein debatt mellom to kandidatar

Motkandidaten Hans-Christian Åsheim etterlyste i Uniforum eit ordentleg debattmøte med Tiril Willumsen og hennar dekanlag før dekanvalet var over. For han var det ikkje nok med presentasjonsmøtet for studentar og tilsette på odontologi rundt tre veker før valet. Det er aldri feil å få testa synspunkta og argumenta sine i ein debatt mellom to kandidatar.  Det er ikkje sikkert valresultatet hadde blitt endra av eit ordentleg debattmøte. Men då hadde dei to kandidatane truleg hatt større sjansar til å fortelja meir om kva visjonar dei hadde med å sitja i dekanstolen og korleis dei ville gå fram for å få rydda opp i den vanskelege økonomiske situasjonen på Det odontologiske fakultetet.

Av mangel på  endå eit valmøte føregjekk,  ifylgje dekankandidat Hans-Christian Åsheim, mesteparten av debatten mellom dei to kandidatane føre seg på Uniforums debattsider.  For Uniforum var det eit godt døme på at avisa er viktig for meiningsutvekslingar og for universitetsdemokratiet på UiO.  Odontologi har no også  vist oss at universitetsdemokratiet lever i beste velgåande på Universitetet i Oslo.

 

 

 

Emneord: Odontologi, Dekanvalg, universitetsdemokrati Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. okt. 2020 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere