Kampen for forfylgde akademikarar må halda fram

Kampen for forfylgde akademikarar er også vår kamp. Difor må me halda fram med å skriva om dei som kjempar for ytringsfridom og akademisk fridom i heile verda, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FRIFUNNEN: Vinnaren av UiOs menneskerettspris i 2017 tyrkiske Isthar Gözaydin blei frifunnen for skuldingane om å at ho hadde hatt hopehav med terroristar då dommen fall i januar i fjor.

Foto: Ola Sæther

For eitt år sidan var Uniforum til stades under rettssaka mot vinnaren av UiOs menneskerettspris for 2017, tyrkiske Isthar Gözaydin. Det var spesielt å oppleva at ein akademikar som har brukt ytringsfridomen og den akademiske fridomen sin, blir skulda for å ha hopehav med terroristar. Ho blei heldigvis frikjend for skuldingane som var retta mot henne. Men utreiseforbodet står framleis ved lag, og ho har derfor ikkje hatt høve til å ta imot tilbodet om eit gjesteprofessor i Tyskland og har heller ikkje kunna ta turen til Oslo for å takka rektor Svein Stølen for UiOs menneskerettspris for 2017.  

 • Les i Uniforum: Ishtar Gözaydin blei frifunnen i Tyrkia

Isthar Gözaydin er ein av til saman mange tusen akademikarar i Tyrkia som har mista jobbane sine eller blitt fengsla på grunn av det dei har sagt elle skrive som frie akademikarar. Ofte har det vore kommentarar som kan tolkast som kritikk av politikken til president Recep Tayyip Erdogan og regjeringa hans. Akademikarane blir som regel anten skulda for å støtta Erdogans motstandar Fethullah Gülen eller den kurdiske opprørsrørsla PKK i Sør-Tyrkia.

No er situasjonen i Tyrkia mykje rolegare enn den var for eitt år sidan. Turistane vender tilbake til både Istanbul og til mange andre av dei fantastisk flotte stadene i Tyrkia. Akademikarar og journalistar opplever truleg likevel at livet er minst like vanskeleg som før. Utreinskingane av akademikarar frå universiteta og oppseiingar, utvisingar eller fengsling av journalistar held fram som før. Det syner tal både frå Scholars at Risk sin årsrapport «Free to Think» og frå Den internasjonale journalistføderasjonen (International Federation of Journalists IFJ). I Tyrkia er det drapet på den saudiarabiske journalisten Jamal Khasnoggi som har vekt størst merksemd. I den saka har tyrkiske styresmakter vore eksemplariske og kravt at dei skuldige blant makthavarane i Saudi-Arabia må stillast for retten for drapet.

Derfor må me bry oss og stadig irritera den tyrkiske presidenten

I Noreg må me bruka vår ytringsfridom og akademiske fridom til å kjempa for dei som risikerer både fridomen og livet for å stå på for desse verdiane. Derfor må me bry oss og stadig irritera den tyrkiske presidenten og resten av styresmaktene i landet ved å minna dei om alle som sit fengsla eller har mista jobben på grunn av at dei har brukt ytringsfridomen og den akademiske fridomen sin. Tyrkia er også medlem i den same forsvarsalliansen som Noreg, NATO. Om den meiner alvor med retorikken om at den skal stå på for demokratiske verdiar, er det viktig at det kravet også blir stilt til medlemslandet Tyrkia.

Sjølv om situasjonen i Tyrkia er svært alvorleg, er det endå vanskelegare å vera ein fritt-talande akademikar eller journalist i Kina. Der sit det truleg endå fleire personar i fengsel eller  som har mista jobben på grunn av det dei har sagt, skrive eller gjort som akademikarar eller journalistar. Kina prøver heller ikkje å stå fram som noko anna enn det partidiktaturet det er. Derfor blir heller ikkje kritikk av styresmaktene frå akademikarar eller andre kinesiske borgarar tolerert. Samtidig er demokratiske land svært opptekne av å få ha eit godt politisk, akademisk og økonomisk forhold til landet. Det gjeld ikkje minst for universiteta og andre forskingsinstitusjonar.

Både akademisk og mellommenneskeleg kontakt er viktig for å byggja bru mellom folk og land

I april 2018 drog ein universitetsdelegasjon frå Noreg med forskingsminister Iselin Nybø i brodden for å opna opp for nye avtalar om forsking og utdanning mellom Noreg og Kina. Det er svært positivt, så lenge representantane for Noreg ikkje går på akkord med prinsippa om ytringsfridom og akademisk fridom. Både akademisk og mellommenneskeleg kontakt er viktig for å byggja bru mellom folk og land. Men både politikarar og akademikar bør ta opp brot på grunnleggjande rettar for innbyggjarane i Kina, anten dei er akademikarar, journalistar eller om dei blir sett i fangeleirar berre fordi dei tilhøyrer ei etnisk gruppe som til dømes uighurane.

Også land som Nord-Korea, Nicaragua, Iran og Saudi-Arabia har stått bak overgrep og drap på både studentar, akademikarar og journalistar i 2018. Til saman er det registrert åtak og overgrep mot studentar og akademikar i 47 land frå september 2017 til august 2018. Det må styresmaktene i desse landa bli straffa for. Direkte åtak på universitetsområde er det blitt meldt om frå Afghanistan, Kenya, Nigeria og Pakistan, medan det er rapportert om målretta åtak på enkeltakademikarar i India, Pakistan, Tyrkia og i Yemen. I USA har enkeltgrupper gått til åtak på akademikarar dei ikkje likar meiningane til, anten dei tilhøyrer venstre- eller høgresida i det politiske landskapet. 

Nettopp derfor er det viktig at ein organisasjon som Scholars at Risk tar ansvaret med å ta opp det som skjer, slik at me i Uniforum kan bruka journalistikken til å fortelja lesarane våre om det. Organisasjonen og leiaren Robert Quinn har vist at dei absolutt har fortent UiOs menneskerettspris som dei fekk tildelt i 2015. Kampen deira er også vår kamp. Difor lovar Uniforum å halda fram med å skriva om forfylgde akademikarar og om dei som kjempar for ytringsfridom og akademisk fridom i heile verda.

 

 

 

 

Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 7. jan. 2019 14:17 - Sist endra 7. jan. 2019 14:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere