UNIFORUM MEINER: Eit lydlaust møte for opne og stengde dører

Uniforum vil ha eit best mogleg grunnlag for å kunna fortelja lesarane våre kva som skjer på møta i universitetsstyret.  Derfor er det viktig at så mange som mogleg av sakene blir handsama på opne møte, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

LYDLAUST: Det var vanskeleg å høyra kva representantane sa på det siste møtet i universitetetsstyret, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.  No ber han styret om å betra lydforholda på neste møte. På biletet sit representantane Anne-Marie Engel, Kristian Bjørkdahl og Anne Birgitte Rønning. 

Foto: Ola Sæther

Denne veka hadde universitetsstyret ved UiO møte med handsaming av ein del viktige diskusjonssaker. Opphavleg stod alle sakene under tittelen "Saker til behandling i lukket møte", det gjaldt også den viktigaste saka for oss pressefolk, "Praksis rundt foreldrepermisjon for ansatte i  forskerstillinger". Etter at me tok kontakt med UiO dagen før møtet starta, fekk me beskjed om at det var ein feil, og difor blei den delen av møtet ope.

Det gjaldt derimot ikkje for dei andre diskusjonssakene som handla om innovasjon, arbeidsrelevans og status for innovasjonsarbeidet ved UiO. Derfor fekk heller ingen journalistar vera til stades under diskusjonen rundt desse sakene.  Me har heller ikkje fått noka grunngjeving på kvifor desse sakene blei handsama bak stengde dører. 

Den generelle regelen paragraf 9-6, punkt 6 i Universitets- og høgskulelova seier fylgjande: "(6) Styrets møter skal holdes for åpne dører. Styret kan vedta at møtene skal holdes for lukkede dører, eller at bestemte saker skal behandles for lukkede dører. Behandling av sak etter andre punktum skjer for lukkede dører"

Me er også klare over forretningsorden til styret ved Universitetet i Oslo der det i pkt 5.4. står: "Styringsorganet kan i orienteringssaker og spesielle saker vedta å lukke møtet i den enkelte sak av hensyn til den interne saksbehandling." 

Me forstår at styret ved nokre høve vil handsama saker for stengde dører. Men då må det kunne gjevast ei god grunngjeving for det. Det mangla ved dei tilfella me har nemnt. Samtidig gir me universitetsstyret honnør for likevel å halda diskusjonen om «Praksis rundt foreldrepermisjon for ansatte i forskerstillinger» for opne dører.  Det var også den saka det var desidert størst interesse for.

Uniforum vil ha eit best mogleg grunnlag for å kunna fortelja lesarane våre kva som skjer på møta i universitetsstyret.  Derfor er det viktig at så mange som mogleg av sakene blir handsama på opne møte. Dersom det ikkje går, må det kunna gjevast ei grunngjeving for det.

Ein annan ting som universitetsstyret må gripa tak i, er den dårlege lydkvaliteten i møterommet i Professorboligen. Denne gongen var det ekstra ille fordi lydanlegget ikkje var i bruk.  Derfor var det nesten umogleg for journalistane og dei andre tilhøyrarane å høyra kva styrerepresentantane sa.  Med plasseringa av både journalistar og andre tilhøyrarar langt frå styrebordet vert det vanskeleg å fylgja med og få med seg det som blir sagt på møtet.

Om ikkje dette blir betre til neste møte, er rådet vårt til universitetsstyret at det bør vurdera å finna meir eigna lokale der dei kan ha møta sine.

Oppfordringa vår er at dei tinga me har peika på betrar seg til neste møte. Det vil alle ha fordelar av.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 13. sep. 2019 11:33 - Sist endra 13. sep. 2019 17:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere