Drapsrobotar må forbydast før det er for seint

Når det gjeld den internasjonale kampanjen mot drapsrobotar, må alle støtta kravet om å forby den vidare utviklinga av den typen våpen, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

TRAKTAT: Det beste ville ha vore å få alle FN-landa til å gå saman om å vedta ein traktat som ville hindra at slike våpen, som drapsrobotar,  nokon gong blir tatt i bruk, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ralf Schlesener/Flickr

L E I A R K O M M E N T A R

Den 14. mai gjekk forskarar ved OsloMet, NTNU og Universitetet i Bergen ut og oppfordra kollegaer og leiarar i universitetets- og høgskule-Noreg til å skriva under på eit opprop mot bruk av drapsrobotar.

Initiativtakarane arbeider sjølve med kunstig intelligens, og dei er urolege for kva problem som vil dukka opp den dagen våpen kan styra seg sjølve og sjølve velja kven dei skal drepa. Mellom dei som har starta oppropet i Noreg, er tidlegare prorektor Morten Irgens ved OsloMet og Helge Langseth, professor ved NTNU. Dei forskar  mellom anna på kunstig intelligens. Også leiaren for Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen, Pinar Heggernes, er blant underskrivarane.

Både rektor Curt Rice ved OsloMet, rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda, rektor Arne H. Krumsvik ved Høyskolen Kristiania og prorektor Margarethe Hagen ved Universitetet i Bergen har fylgd oppfordringa og skrive under på oppropet. Dei står bak bønna til dei folkevalde om å hjelpa til med at Noreg tar eit tydeleg standpunkt og støttar internasjonal innsats for å starta forhandlingar om eit juridsk bindande instrument mot utvikling og bruk av dødelege autonome våpensystem, går det fram av oppropet.

Utviklinga av slike drapsrobotar er allereie kome så langt at det, i fylgje Aftenposten og forsvarstidsskriftet Jane, er utvikla ein israelsk «sjølvmordsdrone» som er selt til fleire land. Informasjonen seier at den er stillegåande, har ei rekkjevidde på 100 kilometer og kan spora radarsignalar i eit bestemtt område og deretter gå til åtak på det som sender dei ut. Avisa The Guardian skriv at USA også driv eksperiment med dronar, medan Russland har uttrykt at dei vil oppretta ein bataljon med drapsrobotar.

I skrivande stund er det kome inn 321 underskrifter i Noreg. Internasjonalt har 4500 forskarar i kunstig intelligens og 26 000 andre personar sett underskrifta si på oppropet.

Det går ikkje an å overlata ei slik avgjerd til ei maskin, som ein drapsrobot uansett vil vera

Dei er einige om at avgjerda om å ta eit menneskeliv aldri må overlatast til ei maskin. Målet er å få eit internasjonalt forbod mot slike våpen. Det er eit krav som me er heilt samde i.

Det er funne opp mange uhyggelege våpen, både atombomber, kjemiske våpen, landminer og automatiske handvåpen. Det som skil dei frå drapssrobotane er at det som regel står eit menneske bak som bestemmer at det skal takast menneskeliv. Det går ikkje an å overlata ei slik avgjerd til ei maskin, som ein drapsrobot uansett vil vera. Derfor er det viktig at alle akademikarar, universitets- og høgskuleleiarar, folkevalde og alle andre skriv under på dette oppropet. Dette er ein internasjonal kampanje, og med mange millionar underskrifter, vil det kunna vera mogleg å pressa det internasjonale samfunnet til å forby slike våpen.

Me er heilt visse på at alle rektorane i sektoren vil skriva under på dette oppropet

Det beste ville ha vore å få alle FN-landa til å gå saman om å vedta ein traktat som ville hindra at slike våpen nokon gong blir tatt i bruk. Det er mogleg. På 1970-talet fann USA opp ei nøytronbombe, som berre ville drepa personar, men lata bygningar stå igjen. For 41 år sidan gravla den dåverande amerikanske presidenten Jimmy Carter heile prosjektet. Det same har skjedd med landminer. Store internasjonale protestar førte til at 122 land, blant dei Noreg, skreiv under på Ottawa-avtalen om ikkje lenger å bruka landminer.  Avtalen blei gjeldande folkerett. No er det berre USA, Russland, Kina, Finland og dei fleste landa i Midtausten som har nekta å skriva under på den avtalen.

Når det gjeld den internasjonale kampanjen mot drapsrobotar, må alle støtta kravet om å forby den vidare utviklinga av den typen våpen. Me er heilt visse på at alle rektorane i sektoren vil skriva under på dette oppropet. Det må universitets- og høgskuletilsette og studentar også gjera. Det kan vera med på å skapa eit internasjonalt press mot våpenindustrien og hindra utviklinga av eit nytt uetisk våpen, før det er for seint.

Emneord: Våpen, Menneskerettar. Akademisk frihet, Juss Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 28. mai 2019 04:00 - Sist endra 29. mai 2019 14:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere