For mykje rot i valprosessen

Valet på nytt universitetsstyre har vore prega av mykje rot, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft. Han oppfordrar valstyret til å gjera viktige endringar i valprosedyrane.

FÆRRE VALDAGAR: Valdagane under rektorvalet ved UiO bør reduserast kraftig. Det meiner Uniforum-redaktør Martin Toft. Han trur det kan verka mindre passiviserande enn å ha eit 17 dagar langt val.

Foto: Martin Toft/Uniforum

Denne veka er UiO i innspurten på val av nye medlemar til universitetsstyret. Medan påmeldinga av kandidatane til dei teknisk-administrative tilsette har gått føre seg heilt etter oppskrifta, har ikkje ting gått like greitt når det gjeld å føreslå kandidatar til valet av representantar for dei faste vitskaplege tilsette. Der blei det først meldt at sju kandidatar hadde blitt føreslegne, før det blei oppdaga at valstyret hadde gløymt å registrera ein epost frå forslagsstillaren på endå ein kandidat, Dag Harald Claes. Dermed måtte leiaren for det sentrale valstyret, Knut Heidar, naturleg nok gå ut og seia seg lei for glippen.

I tillegg fekk fem av dei opphavleg femten kandidatane til universitetsstyret lov til å trekkja seg, sjølv om dei gjorde det etter at fristen hadde gått ut. Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt stilte i Uniforum spørsmål ved om valstyret kunne gjera det. Dermed blei det til slutt fem kandidatar som kjempar om dei to plassane til dei faste vitskaplege tilsette i universitetsstyret, og fire som knivar om den eine plassen til dei teknisk-administrative tilsette. I tillegg var det berre to som ville konkurrera om den eine plassen til dei mellombels vitskaplege tilsette.

Eit anna «problem» var at det til valet på faste vitskaplege representantar berre blei føreslått ei kvinne, Anne Birgitte Rønning. Dermed er ho garantert å få den eine plassen for denne gruppa i universitetsstyret. Samtidig stiller det berre opp to kandidatar til valet på ny representant for dei mellombels vitskaplege. Dermed blir ei av dei vald, medan den andre automatisk blir vara.  Valet på nytt universitetsstyre har difor blitt prega av for mykje rot. 

Det er ikkje første gong valstyret har oppført seg litt uryddig. I fjor førte rot med manntalet til at det måtte eit omval til for å få valt ny representant til universitetsstyret for dei mellombels vitskaplege tilsette. Og i 2014 braut valstyret valreglementet for å hindra nytt rektorval etter at dåverande prorektor Ruth Vatvedt Fjeld hadde trekt seg frå vervet sitt.

Også her må det gjerast noko for å få skapt meir blest om styrevalet

Bortsett frå den offisielle valdebatten og ein serie med intervju i Uniforum, har det heller ikkje vore nokon synleg valkamp under valet på nye representantar til universitetsstyret. Berre ein kandidat har nytta høvet til å skriva eit debattinnlegg til Uniforum. Også her må det gjerast noko for å få skapt meir blest om styrevalet.

Det beste ved valet på nytt universitetsstyre, er at det held på i ti dagar og ikkje i nesten tre veker, slik som rektorvalet. Før neste val på nytt universitetsstyre, må valstyret betra rutinane sine, slik at det med det same fristen for å føreslå kandidatar  til valet er over, kan gå ut og gi rett informasjon om namna på dei som stiller og gjera alt det kan for å unngå at nokon ikkje blir registrert fordi valstyret har oversett ein epost. Denne gongen gjekk det altså ut over Dag Harald Claes, men heldigvis blei det rydda opp i feilen.

Den offisielle valdebatten blei mykje betre enn det me hadde frykta, trass i at elleve kandidatar deltok. Det er likevel tydeleg at ei av kandidatgruppene jobbar meir for si eiga gruppe enn dei som arbeider for dei faste vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette. Derfor bør truleg dei som kjempar om plassen til dei mellombels vitskaplege tilsette i styret, ha ein eigen debatt, der dei kan få drøfta kva dei vil gjera med situasjonen for denne gruppa.

Å ha kandidatane for dei faste vitskaplege og dei teknisk-administrative tilsette i ein felles debatt, fungerer derimot heilt fint. Grunnen er truleg at dei blir valde for fire år på same måte som rektor. Det kan vera grunnen til at dei er meir opptekne av å sjå på den generelle situasjonen for Universitetet i Oslo i eit overordna perspektiv og ikkje berre på vilkåra til deira eiga gruppe av teknisk-administrative og faste vitskaplege tilsette.

Det faktum at rektorvalet heldt på i nærare to månader, kan ha ført til at veljarane er blitt passiviserte

Både etter rektorvalet og valet på nytt universitetsstyre er det to ting som det bør takast ein grundig gjennomgang av. Det første er lengda på valet. Det faktum at rektorvalet heldt på i 17 dagar, og med ein valkamp som varte i to månader,  kan ha ført til at veljarane er blitt passiviserte i staden for å mobilisera dei til å bruka stemmeretten på ein bestemt dag, slik som under stortingsvalet. Nedgangen i valoppslutnaden samanlikna med tidlegare rektorval, kan tyda på det. Valet til universitetsstyret varer i rundt ti dagar. Det høyrest lenge ut, men det er likevel langt betre enn den uendeleg lange perioden ved val av rektor.

Det andre er informasjon om og kunngjering av kandidatar. Som allereie nemnt er det svært viktig at det blir innført rutinar som gjer at alle som blir føreslegne, blir fanga opp og ikkje stansar opp i epostboksen til valstyret. Om det blir endra på dette, kan me i framtida sjå fram til ei meir effektiv og betre gjennomføring av både rektorvalet og val på nye representantar til universitetsstyret. Det fortener både veljarane og dei som stiller opp som kandidatar til desse vala.

 

 

 

Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 30. mai 2017 04:00 - Sist endra 1. juni 2017 10:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere