Ein siger for vald rektor

Det er meir demokratisk at to kandidatar til rektorvervet ved UiO stiller til val, og overlet til veljarane, altså studentar og tilsette ved UiO, å avgjera kven av dei som er best kvalifisert til å overta rektorklubba etter Ole Petter Ottersen, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

REKTORKANDIDATMØTE: Rektorkandidat Hans Petter Graver (t.v.) og rektorkandidat Svein Stølen møter kvarandre i Georg Sverdrups hus. Dei står saman med prorektorkandidatane sine; Inger Sandlie (t.v.) og Gro Bjørnerud Mo (t.h.).

Foto: Ola Sæther

Rundt tre veker før fristen for å melda seg på til rektorvalet 2017 går ut, er to rektorkandidatar offisielt med i kampen om å bli vald til Ole Petter Ottersens etterfylgjar som rektor ved Universitetet i Oslo.

Så langt er den viktigaste sigeren allereie vunne.

Både kjemiprofessor Svein Stølen og jussprofessor Hans Petter Graver er gode kandidatar som heilt sikkert vil gjera ein god jobb som rektor for UiO, om ein av dei blir vald. Så langt er den viktigaste sigeren allereie vunne. Det blir eit reelt rektorval med fleire kandidatar. På den måten viser det seg at ei styringsordning med vald rektor på eit universitet, også får fram gode, velkvalifiserte kandidatar. Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) var det nyleg to søkjarar til den utlyste rektorstillinga, dagens rektor Mari Sundli Tveit og professor i fysikk og teknologi, Jan Petter Hansen frå Universitetet i Bergen. Heller ikkje der blir det fleire kandidatar å velja mellom, når stillinga blir lyst ut enn det var då det var rektorval. Rett nok har det vore fleire søkjarar til rektorstillingar ved andre universitet og høgskular.

Det er meir demokratisk at to kandidatar til rektorvervet ved UiO stiller til val, og overlet til veljarane, altså studentar og tilsette ved UiO, å avgjera kven av dei som er best kvalifisert til å overta rektorklubba etter Ole Petter Ottersen.

Det er berre positivt at det finst fleire oppfatningar om eit så viktig spørsmål også innanfor eit rektorteam.

Svein Stølen og Hans Petter Graver har begge eit breitt rektorteam med folk frå både humaniora og samfunnsvitskapen og frå det medisinske og naturvitskaplege miljøet. Begge er også for vald rektor. Prorektorkandidaten til Svein Stølen, Gro Bjørnerud Mo er likevel klar på at ho føretrekkjer tilsett rektor. Det er berre positivt at det finst fleire oppfatningar om eit så viktig spørsmål også innanfor eit rektorteam. Håpet er at det dessutan kan bli eit tema i løpet av rektorvalkampen.

Til no ser det ut til at både rektorkandidat Svein Stølen og rektorkandidat Hans Petter Graver vil kjempa mest for at Universitetet i Oslo skal bli ein best mogleg studiestad for studentane og ein best mogleg arbeidsstad for dei tilsette. Samtidig vil dei at UiO skal halda oppe posisjonen sin som Noregs viktigaste forskingsinstitusjon. Dei vil også at UiO held fast på ambisjonen om å vera eit av Europas leiande universitet. Ytringsfridomen og den akademiske fridomen har dessutan fått god plass i valprogramma.

Så langt er det lett å vera einig med begge i alt som dei står for

Den 14. februar vil den første rektorvaldebatten bli halden. Det blir det første høvet UiO-veljarane får til å stilla kritiske spørsmål til rektorkandidatane, for å finna ut kva som skil dei frå kvarandre. Så langt er det lett å vera einig med begge i alt som dei står for. Dermed kan det vera det personlege inntrykket av kandidatane som avgjer kven av dei som går ut som sigerherre når rektorvalet er avslutta i byrjinga av april.

Nettopp av den grunn er det viktig at dei førebels to rektorkandidatane deltar i debattar og treffer folk over heile universitetet.

Uniforum vil gi god plass til alle innlegg både frå rektorkandidatane og andre som har meiningar om rektorkandidatane og det som dei står for. Tidlegare har Uniforum på leiarplass etterlyst ein kvinneleg rektorkandidat. Sidan Lucy Smith gjekk av som UiOs første kvinnelege rektor i i 1998, har ikkje UiO hatt ei einaste kvinne som rektor., Bortsett frå det ankepunktet at ingen er kvinne, er Svein Stølen og Hans Petter Graver mellom dei beste kandidatane som kan fylla skoa til Ole Petter Ottersen når han går av som rektor 1. juli. Framleis kan likevel mykje skje før fristen for å melda seg på i rektorvalet 2017, går ut den 10. februar.

 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. jan. 2017 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere