Folkeopplysning om ytringsfridom og radikalisering

Forelesingsrekkja  "Etter Paris ... "  er folkeopplysning som er samfunnsstyrkjande og samfunnsbyggjande, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft.

OM RADIKALISERING: UiO-forskar Sindre Bangstad på talarstolen i Litteraturhuset. Lengst til venstre Cathrine Thorleifsson, Mette Andersson og Anne Hege Grung.

Foto: Martin Toft

Etter dei tre terroråtaka i Paris i byrjinga av januar har Universitetet i Oslo hatt to debattmøte om ytringsfridom og radikalisering på Litteraturhuset. Begge møta samla fullt hus, og publikum hadde ulik kulturell bakgrunn. Dei kom for å høyra på UiO-forskarar som er ekspertar på høgreekstremisme og radikal islamsk ekstremisme.

Ingen av forskarane provoserte så sterkt at det blei høg temperatur, verken i panelet eller blant publikum. Ein del hovudpoeng er det likevel verdt å få med seg. Både universitetslektor Anders Ravik Jupskås og postdoktor i sosialantropologi Cathrine Thorleifsson peika på korleis også høgreekstremismen er på frammarsj i Europa.

Medan den i Frankrike, Tyskland, Storbritannia og Sverige brukar muslimar som syndebukkar for alt som er gale i samfunnet, brukar det høgreekstreme partiet Jobbik i Ungarn jødar og romfolk som mål for sine verbale og fysiske åtak, av mangel på muslimar.

I Hellas går det høgreekstreme partiet Gyllent Daggry til åtak på alle flyktningar og innvandrarar uavhengig av religion. For dei er det den greske nasjonen som står i høgsetet, ifylgje Cathrine Thorleifsson. – Alle desse høgreekstreme gruppene fører ein dehumaniseringspolitikk av dei andre, konstaterte ho.

Mellom dei radikale islamske ekstremistane er fiendebiletet både jødar, liberale muslimar og alt som kan assosierast med vestlege verdiar. Difor var satiremagasinet Charlie Hebdo eit perfekt mål. Det gjorde narr av alt og alle, både kristendom, jødedom og islam, men også av franske og utanlandske politikarar.

Etter UiO-forskar Sindre Bangstads oppfatning finst det ikkje noko liknande magasin i andre land. Det er unikt for Frankrike. For dei ekstremistane som stod bak åtaket var satirebladet det beste symbolet på dei liberale verdiane i Vesten.

– Samtidig var truleg åtaket på den jødiske kosherbutikken det mest alvorlege åtaket av dei tre. Det var eit typisk antisemittisk åtak, slo han fast.

Kven er det då som går inn i desse rørslene? Sindre Bangstads viste til at Frankrike er eit land der høgt utdanna akademikarar med nordafrikansk bakgrunn har opptil seks gonger så vanskeleg for å få jobb som franskmenn utan den bakgrunnen. Samtidig trekte han fram at fleire av dei som stod bak åtaka i Paris hadde vakse opp i forstadene til Paris og hadde vore småkriminelle før dei stod fram som radikale ekstreme islamistar.

Cathrine Thorleifsson peika på at medlemane i dei høgreekstreme gruppene ofte var frustrerte, unge menn med god utdanning, men med problem med å finna seg til rette i eit bestemt miljø. Dei radikale ekstremistane på begge sider er interesserte i ein hatretorikk mot dei andre, konstaterte Sindre Bangstad.

Sosiologiprofessor Mette Andersson peika samtidig på at norske media bør bli flinkare til å sleppa moderate stemmer til i debatten om minoritetar, islam og ytringsfridom.

– Media byggjer ikkje tillit til folk med muslimsk bakgrunn når VG-TV intervjuar den norske radikale islamisten Arfan Bhatti i beste sendetid eller representantar for Profetens Ummah. Det er svært viktig at media gir plass til andre stemmer enn berre dei på ytterkantane. Og dei finst det mange av, slo ho fast.

Etter hennar meining er det eit felles trekk for dei som har gått inn i dei mest radikale islamske rørslene.

– Dei føler seg ikkje heime i eit bestemt miljø. Likevel kan radikaliseringa av dei det gjeld, ha fleire andre årsaker, meinte ho.

Anne-Hege Grung ved Det praktisk-teologiske seminaret på UiO viste korleis også ekstrem kristen ideologi er blitt brukt til å halda folk nede og rettferdiggjera overgrep mot folkegrupper.

– Nyare døme på det er apartheid-regimet i Sør-Afrika, dødsskvadronane i Mellom-Amerika på 1980-talet og dei som stod bak krigane på Balkan på 1990-talet.

Det er positivt at UiO har tatt initiativet til desse forelesingane. Dei viser at folk vil ha meir kunnskap når dei får tilbod om det. Dette er folkeopplysning som er samfunnsstyrkjande og samfunnsbyggjande. Me i massemedia bør også ta innover oss kritikken mot at for mange ekstremistar på begge sider slepp for lett til, medan moderate røyster ikkje blir så lett høyrde.

 

Emneord: Menneskerettar, Forskningsformidling, Terrorisme Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 12. feb. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere